Gravbergknapp

Dei seinare åra har det vore ein del artar av bergknapp i handelen. Nokre høyrer til i slekta Sedum, andre i slekta Phedimus. Ein del av dei brukast til å løyse flaumproblem. Då blir det lagt ut matter av desse, og desse sukkulentaktige plantene tar til seg vatn når det er vått og leverer frå seg vatn når det er tørt. Men det er jo sjølvsagt nokre problem i denne idyllen.

I forskrift om fremmede organismer står gravbergknapp Phedimus spurius no på lista over artar ein ikkje får lov til å selje i Noreg. Men det er eit unnatak, viss ein skal bruke dei på takflater for flaumdemping. Sjølv som takplanting er planta søknadspliktig på Austlandet. Det skuldast at planta breier seg på kalkberg som det finst ein del av kring Oslofjorden. På dei same kalkberga er det ein del sjeldne planter som forsvinn om gravbergknappen kjem.

Dei som er kjent med planta frå eigen hage, veit vel godt at denne breier seg ein del utover. Så ein skal i alle fall vere varsam så ikkje planta tar overhand. Planta finst i mange hagar, og elles der hageavfall har vore kasta. Planta er elles lett å få til, og har truleg gått frå hand til hand i tillegg.

Les også: Unngå pøbelplanter i hagen

Gravbergknapp kjem frå Kaukasus. Det har vore fleire kultivarar, så planta finst i fargar frå nesten kvit til rosa og gjerne endå noko mørkare raud. Planta har vore forvilla i norsk natur alt før 1880.

Phedimus har eg ikkje funne opphavet til, men spurius tyder falsk eller uekte.

Vil ein bli kvitt gravbergknapp, så kan denne lukast. Men ein må rekne med å luke nokre gonger. Røtene må opp. Frøspreiing kan og vere mogleg. Dessutan vil denne planta kunne spreie seg ved at plantedelar slår rot. Plantedelar kan bli frakta med både salt- og ferskvatn, og planta skal vere funnen også under vatn. Tildekking med presenning kan vere eit aktuelt alternativ.

Risikovurdering
Gravbergknapp har kategori svært høg risiko (SE) både ved vurderinga i 2012 og i 2018, det vil seie den alvorlegaste graden.

Risikovurderings modell av gravbergknapp fra artsdatabanken.no

Gravbergknapp vurderes til svært høg økologisk risiko på grunn av kombinasjonen mellom et stort invasjonspotensial og en stor negativ økologisk effekt.

– Artsdatabanken (2018) om gravbergknapps økologiske risiko
Utbredelseshistorikk av gravbergknapp i Norge fra 1861 til 2016 (modell fra artsdatabanken.no)

Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?

Referanser:

Elven R, Hegre H, Solstad H, Pedersen O, Pedersen PA, Åsen PA og Vandvik V (2018, 5. juni). Phedimus spurius, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2022, 9. august) fra https://www.artsdatabanken.no/fab2018/N/817

Artikkelen ble sist oppdatert: 09.08.2022