Kanadagullris

Det finst planter som vi reknar som kontinentale og andre som er meir oseaniske. Eller sagt på ein annan måte, nokre planter trivst i varmare og tørrare område, andre klarer kystklimaet godt.

Kanadagullris Solidago canadensis er ein av dei som er retteleg til bry austpå til langt ned på Sørlandet, og noko greiare langs kysten vestpå. Om det er lite av han på Vestlandet fordi han ikkje trivst, eller om det skuldast at planta er bruka mest austpå, det er litt uklårt. Men det er ingen grunn til å teste ut denne planta. Vi veit nok om kva planta er god for. For når vi finn ut at det er eit problem, då har vi fått problemet for godt og blir ikkje kvitt det igjen. Det er dårleg med angrefrist viss ein leikar seg med framande artar.

Kanadagullris har ein flott gulfarge og planta fyller godt opp. På sine plassar ser det vakkert ut. Denne artikkelen er skrive på toget mellom Lillehammer og Oslo. I ein del skråningar langs jarnbanelina er det berre kanadagullris. Planta har tatt heilt overhand. Det finst ikkje noko anna. På mange areal som har litt preg av å vere gløymt, der finn ein gjerne denne planta. Det er i tørrbakkar denne planta trivst best, og slike stader er det ofte andre artar som kan vere litt sjeldne og som lett kjem bort.

Det er ikkje lov å selje denne planta lenger, og dei som har planta bør ikkje gi vekk denne planta. Helst bør ein nok også fjerne planta frå hagen. Dei som fargar ull kan gjerne plukke denne planta med rot. Planta gir flott gulfarge, og planta er nok også heilt daud etter eit slikt prosjekt, men pass på at det ikkje drysser frø nokon stad på veg til kokeprosjektet. Opp med røtene og passe på frøa er i grunnen regelen.

Kjempegullris Solidago gigantea subsp. serotina er nesten lik. Artsdatabanken meiner denne spreier seg mykje mindre. Planta er mindre brukt enn kanadagullris, så det kan vere årsaka til at kjempegullris ikkje er like mykje registrert på avvege. Tida vil vise, men det er grunn til å vere varsam.

Solidago tyder å gjere fast eller sollid, brukt om tusenfryd av Otto Brunfels i 1536, canadensis tyder at planta er frå Kanada. Brunfels var tysk teolog, lækjar, botanikar og urteboksforfattar, men visste nok ikkje noko om kanadagullris, som kom til Europa i 1648.

Risikovurdering
Kanadagullris har kategori svært høg risiko (SE) både i 2012 og 2018, det vil seie den alvorlegaste graden. Kjempegullris hadde svært høg risiko (SE) i 2012, men er nedgradert til låg risiko (LO) i 2018.

Risikovurderings modell av kanadagullris fra artsdatabanken.no

Kanadagullris vurderes til svært høy økologisk risiko, en kombinasjon mellom et stort invasjonspotensiale og store negative økologiske effekter. Arten forekommer i meget store mengder, spesielt på Østlandet. Danner omfattende bestander og inntar ulike åpne naturtyper, som brakklagt eng og annen gressmark med mange truete arter, og utkonkurrere der hjemlige arter.

– Artsdatabanken (2018) om kandagullris sin økologiske risiko
Utbredelseshistorikk av kanadagullris i Norge fra 1821 til 2016 (modell fra artsdatabanken.no)

Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?

Referanser:

Elven R, Hegre H, Solstad H, Pedersen O, Pedersen PA, Åsen PA og Vandvik V (2018, 5. juni). Solidago canadensis, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2022, 9. august) fra https://www.artsdatabanken.no/fab2018/N/1211

Artikkelen ble sist oppdatert: 09.08.2022