Kjempespringfrø

Kjempespringfrø er den verkeleg skjønne arten på frammandartslista. Blomane er praktfulle, men ein må ikkje la seg lure. Har ein invitert denne inn i hagen sin, så har ein fått mykje å passe på.

Kjempespringfrø Impatiens glandulifera kjem opphaveleg frå Himalaya. I same slekta har vi mongolspringfrø I. parviflora, som har små, lys gule blomar og som også er vurdert til svært høg risiko (SE) på frammandartslista. Men vi har også ein art i denne slekta som høyrer til i floraen vår, springfrø I. noli-tangere, som har store, gule blomar.

Kjempespringfrø er eittårig. Blomen spirer frå frø om våren, veks bortimot ein meter, får flotte blomar i kvitt, rosa, fiolett og raudt. Etter blomstringa utviklar det seg frøhus. Når desse er modne, så skjønar vi namnet. Ein vassdrope er nok, frøhuset nærast eksploderer ved treff og frøa blir slynga ut. Dermed ligg det eit frø klart til å spire neste vår, opp til 6 meter frå opphavet. Men planta spreier seg mykje meir enn dette. Frøa flyt med småbekkar og dermed har ein planta i grøftekantar, bekkar og langs strender. I tillegg blir frøa med forskjellig slags reiskap. Det latinske slektsnamnet Impatiens kan omsetjast med utolsam, det har vel med frøspreiingsmekansimen å gjere. Slektsnamnet glandulifera tyder at planta har kjertlar.

I Tingvoll var den første planta av kjempespringfrø sett ut seint på 1980-talet eller tidleg på 1990-talet. Planta spreidde seg frå ein hage og ut i ei grøft. Kring 2000 kunne ein finne planta litt rundt om, men framleis innanfor eit avgrensa område, men dei var blitt såpass mange at spreieevna tok til å bli stor. I løpet av nokre få år hamna denne planta rundt om i engkantane, flytta av landbruksmaskinar. Ein kunne sjå kven av bøndene som hadde maskinsamarbeid. Frå engkantane var vegen til nye grøfter og bekkar kort. Etter kvart har Statens vegvesen sin kantslått gjort sitt til endå meir spreiing. Frå å vere ei plante i hagen har denne i løpet av 30 år blitt til store bestand rundt om i kommunen. Utviklinga har vore liknande mange andre stader.

Kjempespringfrø aukar rasfaren. Planta trivst i elveskråningar. Der var det tidlegare fleirårige planter som geitrams, bringebær og brennesle. Desse fleirårige plantene hadde eit godt rotnett som batt elveskråninga heile året. Når kjempespringfrø har overtatt, er det ikkje røter i jorda om vinteren. Frå frosten kjem til ut på sommaren er desse elveskråningane no mykje meir utsett for utvasking når det er flaum. Dermed kan bekkar og elver som tidlegare har vore trygge få utglidingar og kan hende leirras.

Sidan kjempespringfrø er eittårig, er planta avhengig av å spreie frø for å overleve. Viss ein kan rykke opp plantene før dei har sett frø, eller slår dei eit par gonger for sommaren, slik at dei ikkje når å lage blomar, då vil ein bli kvitt denne planta. Etter tre år er det sannsynlegvis ikkje frø igjen som kan spire.

Risikovurdering
Kjempespringfrø har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden.

Risikovurderings modell av kjempespingfrø fra artsdatabanken.no

Kjempespringfrø vurderes til svært høg økologisk risiko på grunn av stort invasjonspotensial og middels økologisk effekt på trua og andre stedegne arter.

– Artsdatabanken (2018) om kjempespringfrøs økologiske risiko
Utbredelseshistorikk av kjempespringfrø i Norge fra 1921 til 2016 (modell fra artsdatabanken.no)

Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?

Referanser:

Elven R, Hegre H, Solstad H, Pedersen O, Pedersen PA, Åsen PA og Vandvik V (2018, 5. juni). Impatiens glandulifera, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2022, 9. august) fra https://www.artsdatabanken.no/fab2018/N/1323

Artikkelen ble sist oppdatert: 09.08.2022