Rynkerose

Fremmed art rynkerose

Det er fullt mogleg å gle seg over rynkerosa, anten det er synet av ho eller smaken. Men saka har ei hake, eller skal vi seie tornar? Sjølv om rynkerose Rosa rugosa har veldig mange tornar, så er det evna til å spreie seg som er hovudproblemet.

Rynkerose har vore i bruk sidan 1800-talet. Rynkerose er lett å formeire, fyller godt opp og kan skjærast tilbake når ein har lyst. Rynkerosa blomstrar alt i juni på kvist frå tidlegare år, og på nye skot seinare på sommaren. Rynkerosa toler snøbrøyting, vegsalt og stormflo.

Det er i grunnen lite rynkerosa ikkje toler. Fuglane eter nypa, men frøa slepp gjennom magen og er då endå meir spireviljuge. Ramlar nypa på sjøen, så skvulpar ho rundt nokre månader, driv i land i flomålet og blir til eit nypekratt i løpet av nokre få år. På sandstrender driv dei også i land. Spirer gjer dei i sand og salt, og strandlivet blir tornefullt. Andre planter som finst i slike miljø vil bli borte. Det kan bli hundrevis av rutemeter i løpet av nokre år av denne rosa i slike område. Dette er også grunnen til at rynkerosa har fått svært høg risiko i vurderinga på framandartslista.  

Det er ikkje berre frøa som spreier rosa. Små rotbitar er meir enn nok til at det blir ei ny plante. Denne planta hiver ein ikkje i skogkanten viss målet er å bli kvitt ho. Rynkerosa kan også spreiast med vegkantslått.

Rynkerosa kjem frå Austen, kjent spreidd i naturen vår først langt ut på 1900-talet.

Så lenge rynkerosa står på sand, grus eller jord, kan ein grave opp denne planta. Då må ein sjå etter dei første åra om det kjem nye spirar frå rotbitar som ein ikkje får opp første gongen, eller av frø, men så er jobben gjort.

Har du rynkerose i hagen og vil ha ho framleis, så haust nypene til syltetøy og kast frøa i restavfallet. Kvistane må brennast eller leverast til godkjent mottak.

Det var Plautus, som døydde 184 f.Kr. som bruka namnet Rosa første gongen. Rugosa tyder rukkete, og då er det blada det gjeld for denne rosa.

Risikovurdering
Rynkerose har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden på framandartslista.

Risikovurderings modell av rynkerose fra artsdatabanken.no

Det potensielle utbredelsesområdet omfatter hele landet, og polygonet er allerede fylt. […] Arten er dokumentert fra alle fylker, og vi anslår en firedobling i forekomstareal de kommende 5 årene. Dette er konservativt, tatt i betraktning en femdobling bare fra tidsperioden 1981-2000 til 2001-2016. Vi har imidlertid beregnet mindre enn en femdobling for de høyere mørketallene; også det potensielle forekomstarealet er i ferd med å bli fylt.

– Artsdatabanken (2018) angående potensiell utbredelse av rynkerose
Utbredelseshistorikk av rynkerose i Norge fra 1921 til 2016 (modell fra artsdatabanken.no)

Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?

Referanser:

Elven R, Hegre H, Solstad H, Pedersen O, Pedersen PA, Åsen PA og Vandvik V (2018, 5. juni). Rosa rugosa, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2022, 9. august) fra https://www.artsdatabanken.no/fab2018/N/154

Artikkelen ble sist oppdatert: 09.08.2022