Erdalselvi

Erdalselvi og området rundt er prega av vakker og inngrepsfri natur. Spesielt kulturmiljøet gjør dette vassdraget verneverdig. Den øvre delen har blitt foreslått verna, men Naturvernforbundet mener heile vassdraget må vernes i samanheng.

Erdalselvi ligg på ei halvøy på sørsida av Sognefjorden, mellom Lærdals- og Aurlandsfjorden. Elva renn mot nord. Vassdraget har to hovudgreiner, Modlaugselvi og Horna. Oppe på fjellpartiet er elvene til dels sterkt forgreina med fleire små og mellomstore vatn, og dei største innsjøane har gode bestandar av fjellaure.

Erdalen er tydelig prega av breerosjon. Dalen er hengande i forhold til fjorden og relativt open, men med markert elvenedskjæring i botnen.

Les mer:

NRK Sogn og Fjordane (18.3.2009):
Postkort for vern - Naturvernforbundet krev vern av Erdalselvi

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane: Vasskraft

Dalen har typisk vestlandspreg, med frodige lauvskogslier der bjørkeskog dominerer skogen. Fjellvegetasjonen dekker eit stort areal og er prega av fattig heivegetasjon, men med rikare innslag.

Jakt- og fangstminnene i høgfjellet er trulig av dei tettaste konsentrasjonane på Vestlandet.

Verdifullt og urørt

Feltet har få tekniske inngrep. Sommarvegen mellom Lærdal og Aurland går langs vestsida av vassdraget. Terrenget er variert og området mye brukt til friluftsliv både lokalt og regionalt. Det grenser til eit større regionalt viktig, urørt fjellområde i vest.

I samband med Supplering av verneplan for vassdrag i 2004 vart kulturmiljøet i Erdalselvi vurdert til å ha høgste verneverdi, medan det geologiske og biologiske mangfaldet, samt friluftslivsverdien vart vurdert til å ha stor verneverdi. Styringsgruppa for arbeidet gikk inn for vern av heile Erdalselvi, men i 2005 gikk Stortinget inn for vern av kun ein mindre del øvst i vassdraget. Det er dermed fritt fram for utbygging i den nedre delen av vassdraget.

Trua av inngrep

I 2008 søkte Mork kraftverk AS om å bygge ut nedre del av elva. Trass i at denne utbygginga vil gi store negative konsekvenser for reiseliv, landskap og dels friluftsliv, tilrådde NVE like før jul i 2009 utbygging. Tidlig i 2011 kom utbyggar med ein planendringssøknad, som nylig har vore på høring. Denne søknaden tyder på at utbygginga blir enda meir omfattande.

Verneverdiane i nedre del av Erdalselvi er minst like store som i øvre, og det er eit viktig prinsipp i verneplanen at ein har med heile vassdrag. For Erdalselvis del er det ingenting som tilseier at ein skal unnta nedre delar frå eit vern, og Naturvernforbundet, SRN og andre går sterkt inn for vern av heile vassdraget.

Hva gjør vi - til nett

Hva gjør vi?

Naturvernforbundet jobber over hele landet for å ta vare på naturen. Våre fylkes- og lokallag kjemper for å ta vare på de lokale naturperlene, der du bor.

Hva mener vi - nett

Hva mener vi?

Det er naturen som gjør at det går an å leve på jorda. Den gir oss ren luft, rent vann, medisiner, mat og unike opplevelser.

Hva kan du gjøre

Hva kan du gjøre?

Naturvernforbundets 20 000 medlemmer gjør en forskjell. Men vi trenger flere. Dette gir oss mer gjennomslag for de gode løsningene