23.feb 2026

After Court med Naturvernforbundet og Natur og Ungdom

Hva: After court
Når: 23.feb, kl. 17:30
Hvor: Skifte bar, Vestnorske teater, Bergen

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom inviterer til «after court» med konsert, samtalar og basar for Førdefjorden i Skifte bar på det Vestnorske teateret.

Gulating lagmannsrett er no i gang med å behandle spørsmålet om det skal vere lov å dumpe gruveavfall i Førdefjorden medan fjordsøksmålet enda er uavklart. Dei skal også avgjere om det er riktig at ein miljøorganisasjon skal kunne idømmast saksomkostnader på 2,5 millionar kr (!), per i dag den strengaste dommen ein europeisk miljøorganisasjon er blitt idømt.

Århuskonvensjonen, EUs vanndirektiv og fjorden sin miljøtilstand vert alle heite tema i løpet av kvelden. Om ikkje dette er nok til å pirre nysgjerrigheita, vert det også musikk og for ikkje å snakke om BASAR med vilt flotte premiar! Det vert også moglegheit til å kjøpe noko godt og leskande i baren.

Bli med på ein varmande og oppløftande kveld der vi feirar første dag i denne runden av kampen for Førdefjorden!

Dørane opner 17:30 med programstart frå kl 18:00.

Velkomst og musikkinnslag med Sliteneliten

Gunnar Staalesen – høgtlesing frå boka Post festum

Introinnlegg om førdefjorden

Minikonsert med Bare Folk

Panelsamtale med Truls Gulowsen, Sigrid Hoddevik Losnegård m.fl.

Basar til inntekt for Førdefjorden