Du er her:

  • Finnmark
  • Debatt
  • Finnmark: Vår siste villmark eller vårt nye Klondyke?

Finnmark: Vår siste villmark eller vårt nye Klondyke?

Artikkel av Svein Lund, leder for Naturvernforbundet i Guovdageaidnu, skrevet for tidskriftet Sosialistisk framtid, trykt i nr. 1-2012. Den kan leses som et innlegg i debatten om reindrift i Finnmark, jfr. tidligere innlegg i dette debattforumet.

Kva er det med Finnmark?

- Finnmark er det største fylket i Noreg målt i areal, men det minste i folketal.
- Finnmark er kjent som fylket som ligg dårligast på alle statistikkar, lågast utdanningsnivå, lågast levealder, dårligast helse osv.
- På oversikta over "inngrepsfrie område" i Noreg er Finnmark på topp, men fylket har samtidig nokre av dei største og styggaste og mest unødvendige naturøydeleggingane i landet.
- Frå gamalt er Finnmark det mest fleirkulturelle og fleirspråklige fylket i Noreg, og det fylket der statsstyresmaktene har gjort mest for å avskaffe alle dei ikkje-norske kulturane og språka.
- Finnmark er det store satsingsområdet til regjeringa sin nordområdepolitikk, men det er svært delte meiningar i fylket om kor mye ein ønsker av denne satsinga.
- Finnmark er det fylket som har flest rein, flest reindriftssamar og kanskje flest reindriftsmotstandarar.
- Finnmark er eit fylke der grunnleggande usemje om regionale spørsmål kløyver ALLE politiske parti og dei fleste organisasjonar.
- Finnmark er fylket som ein knapt kan seie ei heil setning om utan at det kjem protestar, for nokre er det ein provokasjon bare å seie høgt kva fylkesnamnet betyr.
Det er skrive mange bøker om Finnmark på godt og vondt. Likevel er det dårlig med samla analyse av dei store motsetningane som rir fylket i dag.

Kamp om naturressursar

Kampen om Finnmark har historisk hatt mange element: Territoriell kontroll, religion, kultur, språk, men først og fremst har det vore ein kamp om naturressursar, frå vikingehøvdingane sin finneskatt til Statoil, Røkke og Finnmarkskommisjonen anno 2011.

Grovt sett kan vi snakke om tre grupper som har utnytta naturressursene i fylket:
A. Den opprinnelige befolkninga, som hovudsakelig har brukt nærområdet sitt, med faste bruksområde.
B. Innflyttarar/innvandrarar. Tidligare kom dei nettopp pga. naturressursane og slo seg ned som fiskarar eller bønder. Delar av denne innvandringa har vore bevisst statlig organisert og finansiert.
C. Investorane. Folk og selskap som bare kjem for å utnytte naturressursane, interessene deira er reint økonomiske, anten investeringane deira i Finnmark er fiskeindustri, trålarar, oppdrettsanlegg, vindmøller, oljeplattformer eller turistanlegg. Ofte bur dei sjølve utafor Finnmark, eller dei har ein postboks og ei formell adresse i fylket av taktiske og økonomiske årsakar.

Kamp om ressursane ser vi både innafor kvar av desse gruppene og mellom dei. I tillegg er er det mange eksempel på at personar som hører til ei av gruppene av forskjellige grunnar heller tar standpunkt for ei av dei andre.

Kampen om naturressursane er både ein kamp om kven som skal utvinne dei, og om vilkåra dette skal skje på og om kva naturressursar som skal vernast mot utvinning.

Naturbruk med eller utan vern?

Av den tradisjonelle naturbruken i Finnmark er det reindrifta som er lettast å sjå. Men naturbruken omfattar langt meir. For den fastbuande befolkninga på vidda og i fjordane har ferskvassfiske, jakt, bærplukking, vedhogst m.m. vore ein sentral del av livsgrunnlaget, og er det i stor grad enno, sjølv om resultatet ofte ikkje omsettast i pengar. Sidan Finnmark "fra de ældste Tider [har] været behandlet som en Colonie"1, har denne naturbruken ikkje hatt det lovvernet han har hatt etter dei reglane om "alders tids bruk" som blei brukt elles i landet. Dette er noko av bakgrunnen for at det no er oppnemnd ein Finnmarkskommisjon som skal kartlegge kva bruks- og eigedomsrettar som finst til utmarka i fylket.

Frå ein del politikarar og debattantar er det hevda at reindrifta no har alle rettar til å stoppe inngrep og "utvikling". Det er ikkje tilfelle. Reindrifta sin rettstilstand har endra seg mye fram og tilbake gjennom historia. Frå 1960-talet har lovar og domstolar anerkjent at reindrifta har krav på erstatning ved inngrep. Ved utbyggingsplanar i beiteområde har reindrifta rett å bli varsla og få komme med innvendingar, men ingen rett til å nekte inngrep. Dersom statlige styresmakter vil gjennomføre ei utbygging, kan ikkje reindrifta gjøre anna enn å krevje erstatning.

Gjennom tidene har det skjedd ei rekke inngrep i område som har vore brukt av reindrifta. Eksempel er vasskraft- og vindkraftutbygging, vegar, militære øvingsfelt, boligfelt, hytteområde og turistanlegg. Desse inngrepa har ført til at ein del reineigarar har måtta gi opp drifta eller flytte til heilt andre område. Andre har klora seg fast, men har vore nøydde å legge om driftsmønsteret eller redusere flokkane. For ein del reinbeitedistrikt er inngrepa så store at dei bare med eit nødrop kan fortsette drifta, og ytterligare inngrep vil føre til at dei må gi opp.

I 2012 er trugsmåla mot reindrifta i Finnmark større enn nokon gong før. Det er ikkje gjort noko samla oversikt over dei planane som eksisterer og dei verknadane dei vil kunne ha for reindrifta. Einskilde planar blir behandla kvar for seg, ofte etter forskjellige lovar og i forskjellige organ, slik at når reindriftsfamiliar må gi opp næringa er ingen ansvarlig.

Alta og andre vasskraftverk

Den mest kjente konflikten mellom reindrift og utbyggingsinteresser er kampen om Alta-Guovdageaidnu-vassdraget, ein kamp som jo også hadde mange andre sider. For første gang blei ei konkret sak som gjaldt utbygging i reindriftsområde diskutert i Stortinget, og saka avslørte der den totale kunnskapsmangelen om reindriftsspørsmål hos sentrale politikarar. Under stortingsdebatten sa daverande olje- og energiminister Bjartmar Gjerde: «det handler om høstbeite for 21 rein. Det er alt.» Den enkle tankegangen er at ein kan bare berekne kor stor del av det samla reinbeiteområdet som blir direkte berørt. Så reknar ut ein tilsvarande del av reintalet i området. Denne tilsynelatande logikken syner ein total mangel på kunnskap om det kompliserte systemet som reindrifta er. Under Altakampen blei det gjort mye for å dokumentere skadeverknadar av utbygginga, men vi saknar ei klar oppsummering i ettertid av kva verknadar utbygginga har fått.

De første vasskraftverka i Finnmark blei bygd ut allereie på slutten av 1800-talet, og i dag er det 15 vasskraftverk i drift. Alle har dei ført til større og mindre landskapsendringar, men det verkar ikkje som det er gjort noko samanfattande undersøking av verknadane av desse utbyggingane. Det har og vore ei rekke planar som ikkje er gjennomført, blant anna etter protestar frå reindrifta. Altautbygginga var opprinnelig planlagt langt større, ein plan hadde neddemming av Máze, ein annan regulering av Joatkkajávrrit og Iešjávri, med verknadar også for Tanavassdraget. På 1970-talet var det planlagt utbygging bl.a. av Kvalsundvassdraget. At denne planen blei lagt på is skuldast nok både protester frå reindrifta og striden om Altaelva.

Men i dag kjem det ikkje bare ein, men ei rekke utbyggingsplanar. No er det planar om heile 20 nye vasskraftverk i fylket. Dei kallast no for småkraftverk, men dei samla naturinngrepa vil bli alt anna enn små.

Vindkraftverk

Vindkraft er framstilt som ei miljøvennlig energikjelde, og i mange år har det vore eit ønske frå miljørørsla om å satse på vind- og solenergi. Men også vindkraft fører til store naturinngrep, til skade bl.a. for fuglelivet, reindrifta og turistnæringa. I Finnmark er det i dag bare to vindmølle-"parkar" i drift, ved Havøysund og Kjøllefjord. Men planane er store. Finnmark Kraft har planar om 5 større anlegg, men også andre aktørar er på banen, bl.a. Fred Olsen Renewables. Begge desse selskapa vil bygge vindmøller i Kvalsund. I lag med dei planlagte koppargruvene der, vil ei slik utbygging trulig føre til at eit heilt reinbeitedistrikt vil måtte legge ned drifta.

Kraftlinjer

Det er planlagt ei ny stor kraftlinje frå Balsfjord i Troms til Hammerfest og vidare til Varanger. I tillegg kjem det nokre mindre linjer ut frå denne. Som vanlig ved utbygging av kraftverk og kraftlinjer blir dette marknadsført med behovet for strøm til vanlige husholdningar og industri i Finnmark. I røynda er det to andre behov som ligg bak. Det eine er elektrifisering av gass- og oljenæringa. Først har Statoil fått bygge eit ureinska gasskraftverk til å drive gassanlegget på Melkøya, så brukar ein miljøargument for at ein skal elektrifisere dette, slik at ein i staden kan sende meir gass til utlandet og forureine der i staden. Det andre er planane om gigantiske vindmølle"parkar" etter heile kysten. Sidan desse skal produsere straum det ikkje er behov for lokalt, treng ein linjer for å føre straumen ut av fylket til betalingsdyktige marknadar.

Kraftlinjene vil gi store inngrep i landskapet, dels i område som tidligare har vore forskåna for inngrep. For reindrifta vil det blir både beitetap og forstyrring i anleggsperioden og seinare. Reindrifta har til no blitt ståande nokså aleine i protesten mot desse planane. Naturvernforbundet har i fleire tilfelle protestert mot nye linjer, men dessverre har andre delar av miljørørsla gått god for linjebygginga.

Gruvedrift

Frå 1800-talet har gruver ført til store endringar for fleire lokalsamfunn i Finnmark. Koppargruvene i Kåfjord i Alta, som på 1800-talet blei drive av engelsk kapital, førte ikkje bare til fylkets største arbeidsplass, men til det mest folkerike lokalsamfunnet i fylket. Gjennom mesteparten av 1900-talet var den største arbeidsplassen i fylket A/S Sydvaranger, som med oppbygginga av jerngruvene endra Sør-Varanger kommune frå eit samisk- og finsk-dominert til eit fullstendig norskdominert samfunn.

Gruver og bergverk har også vore i drift i kortare eller lengre til bl.a. koppargruvene i Kvalsund og Guovdageaidnu, skiferdrift i Alta og Lebesby, kvartsittutvinning i Tana og nefelingruvene på Stjernøya i Altafjorden. Gruvedrifta har gitt arbeidsplassar, men også miljøproblem. På eine sida gjør dei fysiske inngrepa i landskapet at større eller mindre område blir øydelagte for all eller overskodelig framtid, både for plante- og dyreliv og for menneska som lever i naturen, bl.a. i reindrifta. På andre sida fører giftige utslipp frå utvinning og produksjon til skadar, særlig der det blir sluppe avfall ut i vassdrag og fjordar.

Etter ein periode med forholdsvis liten gruveaktivitet i Finnmark, er no både gamle og nye gruver i ferd med å starte opp. Sydvaranger Gruve har starta opp igjen med stor strid om utslipp av giftblanda avfall til Bøkfjorden. I Kvalsund vil ein starte koppargruver med tilsvarande utslipp av avfall til Repparfjorden. Den tredje gruva som er planlagt gjenoppstarta er Biedjovággi i Guovdageaidnu, der driftsområdet er planlagt kraftig utvida, med store skadeverknadar for reindrifta. Nefelingruva på Stjernøya har vore i samanhengande drift, men her er det planar om ei større utviding av området, noko som vil gjøre forholda for reindrifta på øya enno vanskeligare. Av tiltak som er nye i seinare år er utvinning av grønn masikvartsitt i Guovdageaidnu, der allereie eit selskap har gått konkurs på drifta, og kommunen har gått inn med investeringar som gir dei meir utgifter enn inntekter.

Mens reineigarar, naturvernarar, fjord- og elvefiskarar er opptatt av å hindre eller avgrense ny gruveforureining og naturrasering, har sentrale styresmakter eit heilt anna syn på saka. Der er ein bare opptatt av å bygge ut mineralnæringa i fylket, og lite opptatt av skadene. Staten har no gitt 100 millionar til kartlegging av mineralar i Finnmark, og tanken er sjølvsagt at dei minerala som blir funne drivverdige, dei skal utvinnast. Frå før er det gjort ei rekke undersøkingar, bl.a. etter gull, som ein særlig i Karasjok-området ventar seg mye av. Også ei rekke andre mineral er registrert, felles for dei fleste av dei er at ein må ta ut enorme mengder med stein eller sand for å få ut dei stoffa som ein kan tjene pengar på.

Turistnæringa

Vi kjenner alle postkortbildet av den koftekledde samen med rein foran midnattsola på Nordkapp. Turistbildet av reindrifta og Finnmark har i mange år vore marknadsført til glede for turistnæringa i fylket. Denne er for ein stor del drive av SAS, Rica, Thon og liknande hotellkjeder, men også ein del lokalt eigde og drevne mindre bedrifter lever av turistane som kjem til fylket for å oppleve det eksotiske fylket med rein og midnattsol. Også samar driv turistnæring, ofte i kombinasjon med reindrift. Det kan vere tilbod om kjøring med rein og slede eller servering av reinkjøtt i lavvo. Eller salg av reinprodukt og suvenirer etter vegane i turistsesongen. Nokre firma tar langvegsfarande jegarar og sportsfiskarar med innover vidda. Dei gjør seg da avhengige av at turistane får lov å fiske, jakte, kjøre skuter og ATV og slik kan denne turistnæringa komme i konflikt både med ønsket om å verne om ressursane og med lokalbefolkninga sin tradisjonelle naturbruk.

Når vi samanliknar med gigantiske turistanlegg i fjellområda mange stadar i Sør-Noreg, har det enno ikkje kome så langt i Finnmark. Men trulig er det bare eit tidsspørsmål før investorane for fullt kastar seg inn her og – dersom dei får lov.

Politisk motvilje mot reindrifta

Det er kanskje ikkje heilt tilfeldig at det samtidig med dei nemnde utbyggingsplanane kjem ei politisk kampanje mot reindrifta. Denne er blant anna ført av politikarar i Hammerfest, som hevdar at kommunen har rett til å forby reindrift på Kvaløya.

Når reindrifta føler seg pressa, reagerer nokre med å stille krav om eigedomsrett, slik dei har gjort på Stjernøya. Dette fører igjen til motreaksjonar mot "den kravstore reindrifta" og frontane blir enno meir skjerpa.

Er reindrifta miljøvennlig?

Så langt har vi bare skrive om reindrifta som ei tradisjonell næring som blir truga av andre næringar. Men kva så med reindrifta sjølv, blir ho framleis drive på ein tradisjonell og miljøvennlig måte?

Fram til 1960-talet blei reindrifta langt på veg drive på same vis som gjennom hundrevis av år, der framkomstmidla var ski og rein med slede eller pulk. Da gjorde snøskuteren sitt inntog, og på 1980-talet kom så endringa også på sommarføre, med innføringa av terrengkjøretøy, som snart blei like uunnværlige.

Bruken av motorkjøretøy har ført til både fordeler og ulemper for næringsutøvarane. På eine sida har desse gjort det mulig for reineigarane å komme raskt mellom heimen og flokken og bu større del av året i hus i lag med familien og delta i andre aktiviteter i samfunnet. Det har ført til mindre behov for arbeidskraft, noe som er ein fordel for dei som blir igjen i næringa, men ei ulempe for dei det ikkje blir plass til. På andre sida har motorkjøretøya blitt ein stor utgiftspost, som gjør det nødvendig med større flokkar for å få tilstrekkelig inntekt. Bruken av motorkjøretøy har også hatt negativ verknad på helsa til utøvarane, ved at dei får mindre mosjon og ofte belastningsskader. Men viktigast er at motorferdsel i utmark, særlig på sommerføre, fører til stor belastning på naturen. Det er derfor av fleire grunnar behov for tiltak som kan redusere bruken av motorkjøretøy.

Reindrift og gjerde

Helt tilbake til villreinfangsten si tid har det vore brukt gjerde for å leie reinen. I vår tid blir det brukt forskjellige typer av gjerde; arbeidsgjerde for skiljing, merking og slakting og leiegjerde som skiljer mellom forskjellige reinbeitedistrikt og hindrar samanblanding av flokkar.

Gjerde har ofte fleire negative verknadar. Rein kan bli gåande langs eit gjerde og tråkke/spise ned vegetasjonen, slik at det knapt blir vegetasjon igjen. Ofte blir ryper og andre fuglar drept når de flyr i gjerde. Til ein viss grad er det nødvendig å bruke gjerde, men bruken av gjerde i reindrifta har no tatt overhånd. Ved å stimulere til redusert reintall og auka gjeting bør det vere mulig å fjerne ein god del av gjerda. Det er også mange gjerde som står til nedfalls og ikkje har nokon driftsmessig funksjon i reindrifta, men som utgjør trugsmål mot dyrelivet og hindringar for friluftslivet. Kombinasjonen av auka reintall og innsnevring av bruksområdet har ført til ei overbeiting i mange område, noko som igjen har ført til magre rein og auka behov for foring. Utan foring ville det i mange distrikt ikkje vore mulig å opprettholde dagens reintall.

Ei nyttig og viktig næring

Reindrifta har gitt levebrød til ein stor del av den samiske befolkninga. Ho har gitt sunt og godt kjøtt og grunnlag for ei rekke matretter. Reinskinn har blitt brukt til alt frå klede og liggeunderlag til vesker og kunstverk og horn og bein har blitt brukt i ei rekke husflidsprodukt. Reindrifta har i fleire hundre år vore ein av bærebjelkane i den samiske kulturen. Samisk språk har blitt bevart betre i reindrifta enn i andre næringar, og i tilknyting til reindrifta er det utvikla eit svært rikhaldig språk omkring rein, beiteforhold og naturfenomen. Reindriftssamar har utvikla stor kunnskap om naturen og bruken av han. Alt dette er argument for å ta vare på reindrifta også i framtida.

Gjennom hundrevis av år har reindrifta påverka naturen, men på ein måte som ikke har øydelagt livsgrunnlaget for planter og dyr, ikkje øydelagt landskapet eller forgifta naturen. Dei kulturminna reindrifta har etterlatt går så inn i landskapet at ein ofte må vere anten arkeolog eller reineigar for å sjå dei. Reindrifta har ikkje vore til hinder for at også andre har kunna benytte naturen f.eks. til jakt, fiske, bærplukking og vedhogst eller til reine naturopplevingar.

Reinen og reindrifta har fascinert folk langveisfrå og dannar mye av grunnlaget for turismen i store delar av Noreg.

Reindrifta treng vern

Det er i dag grunn til å bekymre seg både for utviklinga av reindrifta sjølv og for presset på reinbeiteområda frå andre interesser. Om vi skal ha reindrift også i framtida, kan vi ikkje samtidig bygge ut vegar, kraftlinjer og kraftverk på kryss og tvers i reinen sitt beiteområde og flytteleier eller endevende naturen for å ta ut ein promille med verdifulle mineral og la resten ligge forgifta tilbake. Her har reineigarar, naturvernarar og friluftsliv felles interesser.

Samtidig må det skje endringar innafor reindrifta. Reguleringar og støttesystem må leggast om slik at det premierer redusering av reintalet, redusert bruk av motorkjøretøy og gjerde.

Villmark eller Klondyke?

Turistnæringa forsøker seg stadig med å reklamere med Finnmark som "vår siste villmark". Det er sant at fylket enno har mye verneverdig natur, men villmark er det ikkje. For heile fylket er brukt, i tusenvis av år, og bruken har i større eller mindre grad sett preg på landskapet. I dag er dette landskapet truga på mange vis. Klimaendring rammar her kraftigare enn dei fleste andre stader, da temperaturauken er langt større enn for jorda som heilskap. Men det største trugsmålet mot naturen og dei naturbaserte næringane i dag er nok regjeringa si nordområdesatsing, som har sett som mål å utvinne så mye som mogleg av både dei fornybare og ikkje-fornybare ressursane i Finnmark så raskt som råd, utan synlige motforestillingar om omsyn til natur og tradisjonelt næringsliv.

Svein Lund

Debattinnlegg

Ta FNs Naturrapport på alvor!

Nylig kom rapporten fra FNs naturkommisjon. Den forteller at situasjonen for naturen og menneskenes framtid på jorda er verre enn noen hadde trodd.

Langfjord1

Gyldne og falske gruveløfter

Vi står nå i starten på det store gruveeventyret. En rikdom større enn oljefondet skal på kort tid hentes ut av norske fjell og gi massevis av arbeidsplasser i hele Distrikts-Norge. Ikke nok med at dette skal skje på en miljøvennlig måte, det skal også gi et stort bidrag til «det grønne skiftet», slik at hele gruvesatsinga er å regne som et gigantisk miljøprosjekt. Dette er budskapet i kampanja som nå er satt igang i samarbeid mellom bl.a. Norsk Bergindustri, NHO, LO, NGU, Klimadepartementet og Næringsdepartementet. Skal vi tro på dette?

Viser fra 1 til 4 av totalt 22 artikler