Du er her:


"Grønne linjer" - eit ufullendt verk

Bokmelding sendt Natur og Miljø, 05.06.2011

Natur og miljø 2-2011 har ein omtale av boka "Grønne linjer" av Bredo Berntsen. Omtalen inspirerte meg til å kjøpe boka og lese henne. Og det er ingen tvil om at dette er både ei god og viktig bok på mange måtar. Naturvernarar treng, som alle andre, å kjenne sine røtter og lære av det som har blitt gjort på godt og vondt i generasjonar før oss. Når ein les historia får ein på eine sida ei glede over dei sigrane naturvernrørsla har vunne, men og ein sorg over alle dei tapte kampane, all den naturen her i landet som er ugjenkallelig øydelagt, trass i iherdige forsøk på å verne han.

Det er trulig den mest omfattande samla framstillinga av det undertittelen seier: "Natur- og miljøvernets historie i Norge". Likevel er undertittelen meir bastant enn boka klarer å leve opp til. På forsida er tittelen "Grønne linjer" skrive med ufullstendige bokstavar, slik at noko manglar på kvar bokstav. Eg veit ikkje om det var tilsikta, men for meg står det som symbol på det som manglar i boka. Og det er det eg mest vil ta for meg her. Ikkje i første rekke som ein kritikk av forfattaren. Det er ikkje til å unngå at eit historieverk for eit slikt omfattande område må ha ein del manglar, særlig når det er skrive av ein einskildperson og prega av bakgrunnen og synsvinkelen til denne.

Forfattaren har sitt utgangspunkt i hovudstaden, mens underteikna har eit noko nær motsett utgangspunkt, som lokallagsleiar for Naturvernforbundet i Noregs største kommune. Guovdageaidnu er samtidig den kommunen i landet der størst andel av folkesetnaden er samar, med ein annan naturbrukstradisjon og anna natursyn enn det som til vanlig kjem fram i miljørørsla og også i denne boka. Når eg les "Grønne linjer" med det utgangspunktet, slår det meg kor totalt fråverande synspunkta til samiske utmarksbrukarar er i boka.

 

Friluftsliv kontra naturbruk

"Friluftslivet" er eit underkapittel som startar slik (s. 29): "Når det gjaldt praktisk utnyttelse av utmarkene var det lange jakt- og fisketradisjoner i Norge, men det moderne friluftslivet ble startet av britiske turister." Deretter går forfattaren direkte til dei britiske turistane, mens dei nemnde norske (og samiske) jakt- og fisketradisjonane får ikkje meir omtale enn som så. Er ikkje dei av interesse? Bør det ikkje vere heilt sentralt for naturvernarar å vite korleis naturen har vore utnytta som spiskammers gjennom tidene, og kva verknad dette har hatt på naturen på godt og vondt?

Dei to måtane å bruke naturen på sto mot kvarandre på 1800-talet og gjør det framleis i dag, men denne viktige motsetninga kjem svært lite fram i boka.

Mangelen på forståing for og interesse for tradisjonell utmarkshausting kjem og fram i at boka stadig gjentar den forslitte frasen "urørt natur". Dette usynliggjør dei naturbrukstradisjonane som har vore i hundrevis og tusenvis av år, og som framleis i stor grad er levande, ved bruk av utmarka til jakt, fiske, vedhogst, sanking av vekster til mat og husflidsmaterialer, beite for sau og tamrein. Denne bruken har vore over heile landet, men kanskje best bevart i samiske bruksområde, den har sett sitt preg på naturen og gjort at det tilsynelatande urørte i røynda er kulturlandskap. Når denne bruken blir usynlig både for miljøvernarar og for miljøstyresmakter, får vi unødige konfliktar både om bruk og vern. Slike konflikter står vi naturvernarar i nord midt oppe i, men om vi les "Grønne linjer" som bakgrunn, blir dagens konfliktar uforståelige.

 

Kor er samane?

Reindrift er gjennom hundrevis av år drive på nesten halvparten av Noregs areal, og meir enn halvparten av nasjonalparkane våre. Ut frå dette er det utrulig at det går an å skrive ei tjukk bok om kampen om naturen her i landet, der reindrifta knapt er nemnd. Det gjeld både i samband med verneområde, Tsjernobylulukka m.m. Ikkje bare reindrifta, men heile samefolket er usynlig i boka. No skal det innrømmast at samiske organisasjonar eit par stadar har kome med i oppramsingar av organisasjonar, men Sametinget er ikkje nemnd, heller ikkje forsøka på danning av Samisk naturvernforbund. Alta-kampen har sjølvsagt fått plass, men ikkje ein einaste av leiarane av kampen er funne verdig til omtale, og det samiske perspektivet er så godt som fråverande. Her er heller ingen analyse av dei konfliktane som var innafor Folkeaksjonen, eller korleis striden om utbygginga gikk i sentrale politiske miljø. Ei viktig kjelde her kunne vore Lars M. Hjorthol si bok om Alta-kampen frå 2006, men denne er tydeligvis ikkje brukt, og ikkje på litteraturlista.

 

Naturvern og politikk

Naturvern er uunngåelig politikk. Vedtak om vern eller utbygging blir gjort av politisk valde organ, og sjølv om naturvernrørsla skal vere tverrpolitisk, er det sjølvsagt at ein i ei slik bok også må analysere politikken til forskjellige poliske parti gjennom tidene. Forfattaren viser grundig og bra korleis arbeidarrørsla og kapitalistane i stor grad har stått saman om ein økonomisk vekst på kostnad av naturverdiane. Derimot saknar eg ei grundigare analyse av korleis partia på ytterkantane av norsk politikk har forholdt seg til miljøsakene. Her kunne vore på sin plass med ei analyse av Fremskrittspartiet si rolle. Det har vore ein konsekvent motstandar av alle former for naturvern og avgrensingar på forureining og rovdrift på ressursar. Slik har det fått "vekst og vern"- partia til å virke moderate, når dei har tura fram med nokre få prosents avgrensingar av rovdrifta.

Ein kan innvende at dette er miljørørsla si historie, ikkje motstandarane, men ei slik innvending kan ikkje brukast overfor den dårlige behandlinga av den ytre venstresida. Manglande forståing av venstresida kjem fram allereie i framstillinga av røttene på 1850-talet: "Thranitterbevegelsen oppsto rundt 1850, men forsvant snart igjen." Nei, Thranittarrørsla "forsvann" ikkje, ho blei knust av styresmaktene, og det er faktisk noko heilt anna. Frå starten i 1923 har Norges kommunistiske parti spilt ei større eller mindre rolle i norsk politikk, men partiet er i denne boka ikkje nemnd med eit ord. Partiet var starta som del av den kommunistiske internasjonale og forblei ein del av rørsla leia frå Moskva til samanbrotet i Sovjetunionen. Fleire stadar i boka nemnast det at dei kommunistiske statane spela ein negativ rolle i internasjonalt miljøarbeid. Det kunne da vore interessant å få vite kva rolle dei norske kommunistane spela i den samanhengen.

Dei siste 40 åra har vel likevel ei anna rørsle på venstresida spela ei større rolle; AKP(m-l)/RV/Raudt. I Grønne linjer er denne rørsla bare nemnd ein gong, i ei sterkt tendensiøs framstilling på side 298: "Aksjon Kyst-Norge ble lagt ned som organisasjon allerede i 1975 fordi Arbeidernes Kommunistparti (AKP-ml) ødela organisasjonens tverrpolitiske preg. AKP-ml var i denne perioden et mareritt for alt ordinært organisasjonsarbeid med sine kupplaner og intriger." Foruten desse tvilsomme påstandane, er det ikkje eit ord å finne i boka om kva miljøpolitiske standpunkt dette partiet sto for. Det er heller ikkje noko å finne om dei omtalte "kupplaner og intriger" var noko som også andre miljøorganisasjonar blei ramma av. Sjølv om forfattaren kan vere uenig i både prinsipp og praksis hos AKP/RV, hadde det mest redelige vore å behandla partiet i lag med SV og Venstre som dei partia i Noreg som har hatt mest samanfallande synspunkt med miljørørsla.

 

Konklusjon

Bredo Berntsen har med boka si gitt eit stort bidrag til naturvernet si historie i Noreg. Men vi bør ikkje slå oss til ro med at no er den historia skrive. Boka har så store manglar at noko bør gjørast for å få samla og publisert også dei delane som ikkje har kome med. I tida framover vil nokre av dei største kampane om naturen i Noreg stå i Nord-Noreg, i samband med regjeringa si storstilte nordområdesatsing. Eit ledd i arbeidet med å ruste opp naturvernrørsla i nord bør vere å skrive historia om naturvern og naturbruk og naturraseringar i nord, sett nordfrå.

Svein Lund

Debattinnlegg

Ta FNs Naturrapport på alvor!

Nylig kom rapporten fra FNs naturkommisjon. Den forteller at situasjonen for naturen og menneskenes framtid på jorda er verre enn noen hadde trodd.

Langfjord1

Gyldne og falske gruveløfter

Vi står nå i starten på det store gruveeventyret. En rikdom større enn oljefondet skal på kort tid hentes ut av norske fjell og gi massevis av arbeidsplasser i hele Distrikts-Norge. Ikke nok med at dette skal skje på en miljøvennlig måte, det skal også gi et stort bidrag til «det grønne skiftet», slik at hele gruvesatsinga er å regne som et gigantisk miljøprosjekt. Dette er budskapet i kampanja som nå er satt igang i samarbeid mellom bl.a. Norsk Bergindustri, NHO, LO, NGU, Klimadepartementet og Næringsdepartementet. Skal vi tro på dette?

Viser fra 1 til 4 av totalt 22 artikler