Du er her:

Det var omtrent hundre deltakarar på folkemøtet i Sirbmá

Det var omtrent hundre deltakarar på folkemøtet i Sirbmá (Foto: Svein Lund).

Meldinger til Grenselandet AS og til NVE

Naturvernforbundet hadde mange medlemmer på plass da NVE nylig arrangerte folkemøte om vindkraftutbygging i Tana/Lebesby. En av dem har skrevet noen tanker i ettertid som åpne brev til utbyggeren Grenselandet og til forvaltningsinstitusjonen NVE.

Melding til Grenselandet AS

Nylig hadde eg gleda av å få delta på eit folkemøte i Sirbmá i Deatnu (alias 9826 Sirma i Tana) i høve det vindkraftanlegget de har tenkt å bygge inne på vidda mellom Lebesby og Tana. Kven de no måtte vere. Eg må tvert innrømme at eg går litt i surr i om det er Grenselandet AS som i vår blei omdøpt til Gaissa AS eller om det er det andre Grenselandet AS som oppsto som eit nytt selskap samtidig. Eg må og innrømme at eg ikkje forstår heilt kva rolle Vindkraft Nord, Slitevind AB og St1 Oy har i dette. Men det er vel kanskje ikkje meininga det skal vere så lett, verken for oss amatørar eller for likningskontor og andre som måtte ønske å sjå dykk i korta.
Det var på dette møtet, som på andre møte som har vore arrangert om denne planen, Harald Dirdal som var Grenselandet sitt ansikt utad, som skulle forsvare den store gåva de ønsker å gi til befolkninga i nord. Sidan eg ikkje kjenner dei andre ansikta som står bak, så rettar eg derfor denne meldinga direkte til deg, og ber deg ta ho med bakover i rekkene.
Når eg skriv dette, er det fordi eg i likskap med deg ein gong har kome til Finnmark som gjest. Finnmarkingar er stort sett eit gjestfritt folkeferd. Det gjeld og for samar, sjølv etter alt dei har vore utsett for gjennom historia, frå vikingane sine finneferder, bergensarar og sunnmøringar som forsynte seg av fisken, misjonærar, fornorskingslærarar, gruveinvestorar og rypejegerar. Sjølv har eg nytt godt av denne gjestfriheita i over fire tiår, og dei gongane eg har blitt utsett for direkte negative reaksjonar på at eg har kome sørfrå og hit, kan eg faktisk telje på ei hand. Tatt i betraktning historia er det i grunnen påfallande lite.

Det er ofte sagt at ein må vere elev før ein kan bli lærar, men denne regelen gjeld visst ikkje her nord. Her kan ein komme utan lokalkunnskap med fiks ferdige planar for at ein vil bygge ei gruve, eit oppdrettsanlegg – eller eit kraftverk drive av vatn eller vind. Ein treng ikkje spørje dei som har brukt området frå før, formelt treng ein bare spørje eit direktorat sørpå, i dette tilfellet NVE. Ein treng ikkje undersøke korleis reindrifta brukar området, det er nok å finne eit gamalt og feilaktig kart og tru at her er det ingen som ferdast.

Finnmarkingar er eit tolmodig folkeferd, kanskje litt for tolmodig om eg tør å seie det. På møtet i Sirbmá fikk vi sjå korleis det ser ut når tolmodet tar slutt. De har tidligare fått "vaksenopplæring" på fleire folkemøte og gjennom klare meldingar i media og i direkte møte med brukarar av området. Det må vere eit alvorlig tilfelle av lærevanskar, for ikkje å seie lærevegring, når de no hevdar at de har ein god dialog, og slår fast at bygginga av vindkraftverket skal gå etter planen. Rundt 250 gigantiske vindturbinar, med mange mil med breie vegar imellom og monstermaster i nord og sør skal reisast i eit av dei siste naturområda i Noreg som har vore skåna for større inngrep. Dette skal gjørast for å produsere ei kraft som verken Finnmark eller Noreg treng, fordi ein trur det vil vere pengar å tene på å selje dette til utlandet. Av denne grunnen skal reindrifta pressast ut av eit område dei har brukt i hundrevis av år, og utsikta frå det heilage fjellet Rástegáisa skal bli ein gigantisk kyrkjegard over natur og reindrift.

Forsto du det du hørte på møtet? Du forstår ikkje språket som brukast av fleirtalet lokalt, men det blei tolka for at du og NVE skulle få det med dykk. Likevel opplevde vi at svara dine var som i eventyret God dag, mann – Økseskaft. Til folket blei så lei av misforståingar at dei slo over til andrespråket sitt, norsk, i von om at det skulle hjelpe på forståinga. Dessverre såg det ikkje ut som det hjalp synderlig.

Da salen fikk ordet, var første innlegget opplesing av den svenske samen Paulus Utsi sitt dikt Gáttehis gáddi, eller i svensk omsetjing Strandlös strand, skrive i fortviling over naturøydeleggingane ved oppdemmingane av dei store innsjøane i svensk Sápmi. Diktet ender med "Sin dárbbus ii leat geahcci ge" eller "Deras behov har ingen gräns". Eg veit ikkje om du oppfatta at det var du og selskapet ditt som blei omtala på den måten, men no veit du det. Du møtte saklige, tekniske innlegg som viste at utbygginga er unødvendig, du møtte reindriftssamar som blir direkte og indirekte ramma og som kjempar for at levebrødet og kulturen deira skal overleve. Du fikk høre om at når samar skal gjøre noko i naturen, anten det er fiske, plukke bær eller slå opp ein lávvu, så spør dei alltid dei som brukar området, ja det hender til og med dei spør dei som ikkje synest. Det var ein fin måte å seie frå på at ingen her skal komme utbedt utan å spørre om lov før ein gjør inngrep i naturen. Du møtte samar og andre naturvernarar som hadde reist lange vegar for å delta og seie frå. Du møtte ei stor gruppe av sametingsrepresentantar, som hadde funne det så viktig å seie frå at dei prioriterte det foran sitt eige møte, etter som kanskje den viktigaste oppgåva for Sametinget er å forsvare samiske bruksområde mot øydeleggande inngrep. Du møtte ei gruppe av kvinner frå Tana som utanom programmet braut inn med ein joik, som startar, "kom dykk vekk, av vegen". Du møtte eit av dei sterkaste symbola på samisk motvilje, vrengte kofter. Dei tok til og med og forklarte deg symbolikken, etter som vaksenopplæringa her måtte giast med teskjeier. Det var ei mektig framvising av det som i seinare tid er kalla "den samiske vreden", eit klart signal om at gjestfriheita ikkje gir gjester rett til å øydelegge Sápmi.

Du snakka varmt om kor god dialog de hadde med reindrifta. På møtet var det ein reineigar som tok deg på ordet og sa: Om de no ønsker dialog med oss, får vi da vere med å avgjøre kva konsulentar som skal gjøre den reindriftsfaglige delen av konsekvensutgreiinga? Men nei, sa du, det var allereie avgjort. Det konsulentselskapet har vi hørt om før, dei får omtrent alle slike utgreiingar fordi oppdragsgivar veit resultatet. Dei har spesialisert seg på å "bevise" at reinen ikkje blir påverka av noko som helst, og at alt derfor kan byggast ut i reindriftsområde. Da hjelper det lite at andre undersøkingar gir motsett resultat.

På slutten av møtet og i intervju med NRK etterpå viste du igjen at du ingenting har lært og ingenting vil lære. Eg har derfor ikkje større von om at dette lille skrivet heller får deg på betre tankar. Du har satsa alt på dette, og kan ikkje vere lett å snu når ein er administrerande direktør i 6 vindkraftselskap, styreleiar i 3, styremedlem i ytterligare 5 og i vindkraftselskapa si forening Norwea.
Du vil bygge vindkraft på snaufjellet. Der gjeld den gamle fjellregelen: Vend i tide – det er ingen skam å snu. Etter det kan du komme tilbake og kanskje få oppleve gjestfriheita i Finnmark. For ho finst enno, for gjester som har folkeskikk.

Med helsing
Svein Lund
Telemarking i Finnmark og leiar for Naturvernforbundet i Ávjovárri.

PS. Heile diktet som blei lest på møtet finst i samisk, svensk og engelsk tekst her:
http://www.lillsjon.net/~v108e/fjelds/sarek/poem.php

 

Melding til NVE

Etter onsdagens møte, eller kanskje snarare konfrontasjon i Sirbmá, skreiv eg eit lite skriveri under tittelen "Melding til Grenselandet AS". Blant dei bortimot hundre reaksjonane eg har fått vil eg sitere ein: "Takk, Svein. Du har klart å formidle frustrasjonen, fortvilelsen og sinnet vi føler." Så langt har eg ikkje mottatt noko reaksjon frå Grenselandet.

I lag med Grenselandet sat også NVE i høgsetet på møtet. Derfor trengs det og ein del 2.
Kven er NVE? Det er eit direktorat, underlagt olje- og energidepartementet, og altså ein del av den statlige forvaltninga. Blant mange oppgåver skal dei sikre ei "samla og miljøvennlig" energiforvaltning.

Så kjære NVE. No skal vi ta dykk på ordet og tru dykk på at de ønsker ei miljøvenlig forvaltning, sjølv om de ikkje klarte å få dette så veldig godt fram på dette møtet. Vi skal legge til side historia, og gløyme at de tidlig på 1970-talet var ein pådrivar for å få reist kjernekraftverk i Noreg og litt seinare for gjennomføring av Alta kraftverk, det kraftutbyggingsprosjektet i norsk historie som har møtt størst motstand. Vi skal i staden sjå på den situasjonen de står i no, guhkin Davvin, i Grenselandet mellom grøn kraft og grå betong, mellom naturmangfaldet og den lyse grøne elektriske framtida. I grenselandet mellom Grenselandet, som utan løyve brukar samiske symbol på selskapet og kaller prosjektet for Davvi, men som ikkje ein gong forstår samisk tale når dei får han omsett til norsk, og den framleis reelt eksisterande samiske kulturen, som de hadde gleda (?) av å få sjå nokre glimt av i Sirbmá. Om kva de i dette grenselandet skal gjøre seier Wikipedia: "NVE skal sikre at det er redegjort for alle sider av sakene, og at det kan fastsettes et vedtak der fordeler og ulemper er vektet opp mot hverandre."

De har utvilsamt lang røynsle i å telle kilowattimar og lage kraftprognoser. Nokre av oss er så gamle at vi hugsar de laga slike prognoser på 1970-talet. Dei viste at kraftsituasjonen i Finnmark var så katastrofal at om ikkje Altaelva blei utbygd og Máze lagt under vatn, så ville vi stakkar ikkje lenger ha straum til kjøleskapet og komfyren og måtte gå tilbake til vedkomfyr og nøye oss med å høre batteriradio. At prognosene var opp som ein ulv og ned som ein skinnfell kan vi forbigå i stillhet. La oss no seie at de har kompetanse på å telle TWh, vindturbinar, kraftmaster, tippe kraftprisar og potensielle inntekter til både den eine og den andre, sjølv om sjansene for å bomme er minst like store som dei var på 1970-talet.

MEN: Å vekte fordeler og ulemper føreset vel å kjenne begge sider? Da undrar eg meg over kva kompetanse de har på vegne av naturen til å avgjøre kva som blir verknadane av at ekte natur er i ferd med å bli borte, av at mengden med insekter og fuglar går katastrofalt tilbake og at vi forgiftar både jord, vatn og luft. Eg lurar på kva kompetanse de har til å veie tapet når den samiske kulturen og det samiske språket blir borte? Reindriftskulturen og samekulturen blir ikkje borte av seg sjølv, han blir drept. Dette har de bidratt til før, med Altautbygginga. Da klarte samekulturen langt på veg å reise seg igjen. Når den siste vidda er lagt under oppdemte vatn og vindturbinar, når dei siste fjordane er forgifta av oppdrett og gruvedeponi vil han ikkje lenger ha noko grunnlag å reise seg på. Tilbake til møtet i gymsalen på den sterkt nedleggingstruga Sirpmá skuvla. Formelt satt vi i salen overfor to partar med totalt forskjellige roller. Grenselandet er det private selskapet som vil tene pengar på kraftutbygging og som ikkje har anna å ta omsyn til enn eiga pengebok. På andre sida har vi den ansvarlige forvaltningsinstitusjonen som skal sørge for at all kraftubygging er sikker og miljøvennlig før nokon får løyve å sette i gang.

De må ha meg unnskyldt, men da vi satt der hadde i alle fall eg vanskelig med å sjå det store skiljet. NVE har også eit oppdrag frå departement og regjering, det er å sørge for ei kraftig utbygging av vindkraft i Noreg. Det har ikkje mangla på initiativ til vindkraftanlegg. Ei mengde selskap frå inn- og utland har sett seg ut norske nes, åsar og fjellvidder der det kan vere plass til vindturbinar. I mange tilfelle har ingen i desse selskapa sett sine bein på desse plassane før, men pytt, kva betyr det? Liksom i mineralutvinninga gjeld her "første finners rett". Ikkje retten til dei som først fann naturverdiane eller beiteverdiane i området, eller først slo seg ned her, men til dei som først fann på at dette kunne utnyttast kommersielt.

På møtet blei det brukt eit ord frå salen: "rettighetshavere". Kven er det? Jo det er brukarar av området. Reinbeitedistrikta er rettighetshavere, bygdefolk er rettighetshavere og Sametinget er det på vegne av heile det samiske folket. Rettane er bygd på alders tids bruk. Er Grenselandet AS, som blei stifta for få år sidan og i historisk samanheng kom hit i går, ein rettighetshavar?

Dei neste fem vekene skal vi få skrive høringsuttalar til ei Melding skrive av Grenselandet AS. Det er denne vi skal uttale oss på grunnlag av. Kva med den andre sida? Er det skrive noko melding på vegne av naturen, på vegne av reindrifta eller på vegne av den samiske kulturen? Er det skrive noko melding på vegne av framtida?

Når høringsuttalane er skrive, eller allereie før, skal Grenselandet sitt innleigde konsulentselskap Multiconsult skrive ei konsekvensutgreiing (KU). Denne skal konkludere at fordelane er større enn ulempene, at reinen ikkje skyr vindturbinar og at det vil vere nok å betale reineigarane ei lita erstatning for absolutt netto minimum beitetap. På det grunnlaget skal kommunar, reineigarar, naturvernarar og alle andre få uttale seg. Kva har så den andre parten å stille opp med? Kven betaler ei utgreiing frå reinbeitedistriktet, naturvernarane, lokale bygdefolk som brukar område til jakt, fiske og friluftsliv? Ingen betaler dei eit øre, verken for å studere utgreiingane frå utbyggar eller for å skaffe seg motekspertise og slå i bordet med. Den eine parten har pengane og den andre må jobbe gratis på fritida. Mellom desse to partane skal så NVE balansere, ut frå eit materiale utarbeida etter oppdrag og instruksjon av den parten som ikkje har rettar i området, men kom hit i går og reiser i morgon.
Så kjære Norges vassdrags- og energidirektorat: Når de no skal veie er det første vilkåret at de forstår at den eine parten har eit stort økonomisk og forvaltningsmessig overtak, men den andre parten har ei fortid og ein rett til ei framtid. Og hugs at konsekvensutgreiingar kan kjøpast, men forståing kan ikkje kjøpast. Den må ein ta seg tid til å tileigne seg. Lukke til!

Svein Lund
Leiar Naturvernforbundet i Ávjovárri og framleis lærling i samisk naturbruk.

Nyheter

Dscn2389

Meldinger til Grenselandet AS og til NVE

Naturvernforbundet hadde mange medlemmer på plass da NVE nylig arrangerte folkemøte om vindkraftutbygging i Tana/Lebesby. En av dem har skrevet noen tanker i ettertid som åpne brev til utbyggeren Grenselandet og til forvaltningsinstitusjonen NVE.

Rastegaisa2

Plakat mot vindkraft

Naturvernforbundet har fått laga en plakat til bruk i kampen mot vindkraftanlegget som er planlagt på Laksefjordvidda. Den er tegna av Rannveig Persen i Karasjok.

Viser fra 1 til 4 av totalt 32 artikler