Du er her:

  • Finnmark
  • Ole Henrik Magga: Samisk natursyn

Foto: Svein Lund

Ole Henrik Magga: Samisk natursyn

Innlegg på Naturvernforbundet i Finnmark sitt seminar "Naturbruk og naturvern", 22.01.2011.

(Omsett frå samisk av Svein Lund)

ImageDát logaldallan sámegillii

 

(Møteleiaren introduserte Ole Henrik Magga med å si at han er kjent som professor i samisk og tidligare sametingspresident, men at ikkje så mange kjenner til at han også er naturforskar, bl.a. leiar av forskingsprosjektet "Ealát" om klimaendringar og reindrift.)

 

Tall for innbydinga. Ja, eg er også naturforskar, eg har universitetseksamen i biologi og andre naturfag før eg byrja å studere språk. Slik har eg og blitt kjent med arbeidsmetodane i naturforskinga.

Samisk natursyn er utgangspunktet mitt her. Og eg vil starte litt personlig, slik som mange gjør her. Allereie i barndommen blei eg godt kjent med livet til både fastbuande samar og flyttsamar. I den tida var det mye felles, mange fastbuande kunne ha fleire kjørerein enn flyttsamane hadde, slik at dei kunne sele opp ein raid på opptil 30-40 kjørerein.

Og no til den forståinga ein hadde av naturen i den tida. Eg trur den viser det historiske grunnlaget og det som folk har arva frå generasjon til generasjon frå gamal tid av. Og om denne kan ein fortelje: Folk var svært forsiktige. Ein skulle nesten aldri levne spor etter seg der som folk hadde ferdest. Og alltid skulle ein tenke på korleis det ville bli neste år. Det gjaldt alle aktivitetar rundt slåtten, det gjaldt hausting slik som molteplukking, slik som å trekke opp molteblad og slikt, det lærte vi som barn at det skulle vi ikkje gjøre. Og særlig når det gjaldt fiske, som i denne kommunen har vore ei viktig primærnæring, kanskje like mye som reindrift når ein ser stort på det. Folk fiska mye og ferdest utrulig vidt omkring med eigne krefter, dei trakk båtar, staka og rodde. Og alltid når det var snakk om kor mye fiskevatn og fiskeplassar tålte, så kom det snart teikn på at no var det fiska nok for ei stund. Når vatnet "sniipasa"så avslutta ein vanligvis fisket, enten det var snakk om garnfiske eller notfiske. Fiske med not er ein heilt spesiell måte, for den som fiska mye med not i vatna, den såg ganske snart kor fisken er og dei som kjente elvene og vatna, dei visste og kva som er utsette stader og korleis ein skal oppføre seg på kvar stad. Slikt var der vi lærte. Og også var det tilsvarande i reindrifta. Det var lite ein etterlot seg som kunne synest året etter. Eldstaden kunne ein etterlate, men den skulle ein og rydde opp. Eg hugsar bestemor mi brukte ofte å seie når ho såg ein teltplass, at det er rart dei ikkje har rydda betre etter seg. Sjølv om det ikkje syntest meir enn eit par pinnar og nokre beinrester, som svært snart ville rotne opp og forsvinne. Etter nokre år såg ein ingen ting etter det.

Det er skremmande å sjå korleis det blir no når folk klarer å føre med seg meir ting ut i utmarka. Eg skal ikkje anklage den eine meir enn den andre, men når ein no ser plassar der folk har overnatta eller budd i kortare tid, så er det ofte forskrekkelig å sjå. Der er oljeboksar, glassflasker, som svært ofte også er knuste, slik at dei er særlig farlige for både folk og dyr. Og sjølvsagt er det skjedd noko som er ei heilt grunnleggande endring.

Og korleis kan vi vite at det har kome eit anna syn, at samisk natursyn har vore eit anna? Det er for det første noko som eg trur svært mange kan bekrefte gjennom forteljingar frå sin eigen barndom, at slik har det vore, slikk var grunnsynet. Ein kan og bekrefte det med det som er skriftlig dokumentert. Vi har ikkje så mye skriftlig dokumentasjon, men likevel er det samla ganske mye kunnskap, særlig av språkforskarar, som er mitt fagområde. Derfor er eg ganske godt kjent med dei samlingane som er samla i så og seie alle samiske språk, frå alle kantar av Sápmi. Frå Kolahalvøya skal ein ikkje lese mange sider før ein finn forteljingar og eksempel som viser akkurat det som eg har sagt at folk hadde kjensler for og kunnskap om naturen.

Og ein finn også noko når ein går tilbake til den gamle samiske trua. Den veit vi ikkje så mye om, og det vi veit har andre fortalt oss, fordi Thomas von Westen og medarbeidarane hans har samla informasjon i den tida. Og det bekreftar akkurat det same, at folk hadde ein heilt annan tankegang og kjensle for naturen. Stoda var da sjølvsagt ei heilt anna enn i dag, da var det ingen trengsel, og da kunne ein flytte friare i fjellet og søke andre fangstplassar og så vidare. Det er sjølvsagt naturlig. Men grunntanken er likevel den at det er noko som er så og seie heilag. Gamle folk var klare på det at det vi no kallar naturen var heilag. Men samtidig var det slik at det ikkje var noko klar grense mellom kva som var menneske og kva som var natur. Menneske og natur var det same. Eg trur at forståinga var slik at menneska var så nært knytt til naturen at ein ikkje kunne skilje dei slik som vi gjør i dag.

Og ordet "luonddu"er heller ikkje noko gamalt ord i samisk. Det er ikkje noko slikt liknande ord over heile det samiske området, i den tydinga som det har i dag, det samme som engelsk nature, norsk naturog finsk luonto. Og i finsk har dette ordet vore brukt og forstått lenge i denne forma. Og faktisk har ordet kome til samisk frå finsk. På samisk har vi det gamle ordet luohtu, som er kjent i nordsamisk, det er ikkje så kjent i dei andre samiske språka, men der er det andre ord som uttrykker det same.

Eg var ein gong i Tromsø da det var avslutning på naturvernåret. Og det eksempelet som eg tok der, det er slikt som viser den tankegangen godt. Det er forteljinga om urmødrene. Slike forteljingar er det mange av forskjellige stadar i Sápmi. Nemlig med det innhaldet, at om du ikkje handsamar dyr, planter og landområde på rette måten, og tråkkar over dei grensene som er, da kjem noko forferdelig til å hende. Og akkurat det er historia om utmora. Alle dyr har ei urmor, som passar på etterkomarane sine og det som hører til slike dyr.

Og denne forteljinga er om frosken, nemlig om da barna plaga froskane. Og barn kan vere ganske grusome når dei finn på det, dei kan finne på å slakte dyr, brenne dei og plage dei på anna vis. Og trulig haddedei gjort akkurat noko slikt desse barna, Og det som hendte da er akkurat slikt som foreldra fortalte at kunne hende om ein plaga dyra: Urmora kom og ho var ein frosk så stor som eit hus. Folk blei sjølvsagt fryktelig redde.

Etter det som forteljast var det ein gamal gubbe, som var den einaste som torde gå froskemora imøte. Han gikk fram til henne, snakka med henne og forklarte at det var barna som hadde gjort dette, og ba om tilgiving fordi barna ikkje forsto betre at slikt skulle dei ikkje gjøre, og samtidig lova han at no skulle dei lære opp barna sine, slik at noko slikt ikkje skulle skje igjen. Og urmora godtok det og snudde og tok i mot det løftet. Sidan har ho visst ikkje vore sett, etter det vi veit. Men ein skal ikkje vere heilt sikker. Eg trur ganske fast at urmora kan komme. Og alle ting har si urmor, både dyr og planter og også landområde.

Slike forteljingar finst nedskrevne, som eg sa. Av dei kan ein lære mye, og det ville vere bra om nokon hadde samla den kunnskapensom enno finst, og synt klart at slik er det. I Sápmi er det mye naturkunnskap frå gamalt av . Dessverre har ikkje skolane tatt omsyn til denne, skolane har ikkje klart å undervise dette, i svært liten grad har dei gjort det. Det vi har lært i skolen er norske tradisjonar, som i seg sjølv er gode og dugande, på det viset at dei viser det samme grunnsynet. Men enno bedre hadde det vore om skolane våre underviste vårt eige grunnlag.

Det er nokre saker som har vore vanskelig og som eg har opplevd gjennom arbeid med slike saker, og ganske kort vil eg nemne eit par saker. Vi har først det lokale nivået. I kommunen vår har eg leia eit par utval, som har arbeida med natursaker, fiskenemnd og viltnemnd. Vi har også hatt ei utmarksnemnd, der eg har deltatt. I den tida arbeida vi mye med andejakta, som er ei svært vanskelig sak på det viset at folk utafrå i liten grad godtok og forsto. Vi hadde naturlige måtar her i den tida. Og i den diskusjonen er det lett å sjå at sjølv om folk eigentlig hadde samme grunnlag, så snakka dei heilt forbi kvarandre.Vi hadde her ein viltkonsulent, som arbeida under fylkesmannen. Og denne karen inviterte vi til møte. Folk her fortalte om sine eigne røynsler og konsulenten om sin eigen kunnskap, som eg kjente til, da eg hadde lest mange av dei samme bøkene som han hadde lest. Men det som skjedde var at vi snakka heilt forbi kvarandre. Nemlig slik at folk sa at den karen ikkje synest å forstå noko, og ikkje heller synest å bry seg om noko. Slik mange har røynd at det ofte skjer i planleggingsprosessar. Og det var ikkje bra for viltkonsulenten. Han sa til meg at om det skulle vere sånn at folk rett og slett anklaga han og skjelte han ut, så ville han aldri meir komme til slike møte, det skulle vi hugse på.

Det er sjølvsagt svært dårlig grunnlag når ingen av sidene godtar kvarandre og det trekker ut slik. Det kan vere mange årsakar til dette. Ei sak er natursyn, ei anna er rettsstoda som har vore. Det som er viktig for lokalbefolkninga er å sikre sin eigen naturbruk, mens for konsulenten er det viktige den og den fuglen og planta, som sjølvsagt og er viktig, men som er viktig på ein annan måte. Og det gjordet at det var svært vanskelig å nå framover.

Dessverre har også naturvernarar til ein viss grad fortsatt på same vis. Og derfor ønsker eg å seie til Naturvernforbundet sitt arbeid at dei delane som går ut på å forsøke å styre folk og kommunar med harde middel og særskilt å melde kommunar og kjempe mot dei med politimakt og paragrafar, dei trur eg ikkje på. Det har ikkje ført til noko godt, den måten som Naturvernforbundet har vist mange ganger, og eg kan vise til mange som seier dette. Eg har tenkt slik at folk må forsøke å forstå kvarandre og samarbeide.

Mennesket er ein del av naturmiljøet. "Environmental man". Mellom dei er det ikkje noko skilje. Mennesket og miljøet er eitt. Det finst ikkje eit einaste økosystem i denne verda der mennesket ikkje er ein del. Det skal de også hugse i Naturvernforbundet. Og derfor nyttar det ikkje å seie at vi ikkje bryr oss om menneske, vi tenker bare på den og den planta og dyret. Det nyttar ikkje. Vi er alle stadar, i vatnet, i lufta osv. Det finst ikkje ein stad på jordkloden lenger der menneska ikkje har påverka på eitt eller anna vis. Og det gir oss eit ansvar og krev også forståing for korleis ein MÅ arbeide. Om vi hadde hatt ei aldeles tom verd hadde det sjølvsagt vore noko anna.

Vi har arbeida på landsnivå og gradvis oppnådd noko større forståing. Og det er veldig bra. Men eg må seie at det er enno mye som manglar. Og det som er fortalt her, det er ikkje første gong, og det skjer sjølv om kommunikasjonen er forbetra og det har blitt mye betre rammer for denne enn det var tidligare. Men dessverre har vi ikkje kome så langt at den forståinga er god. Og det gjeld både naturvernorganisasjonar og også næringsorganisasjonar. Om dei ikkje kan kommunisere - dei er nøydd å kommunisere. Ein treng ikkje elske kvarandre, men ein er nøydd å kommunisere.

På verdsbasis er også denne rørsla i funksjon, og der er også blanda røynsler. Den deklarasjonen som blei godkjent for tre år sidan1, den viser kor viktig det er at lokalbefolkning og særskilt urfolk har påverknadskraft i slike prosessar.

Eg trur sterkt at naturvernarar både på lokalt nivå, landsnivå og globalt nivå har gjort mye bra og at mye er verna og bevart for naturfolk. Og særlig i slike område der det er mye vanskeligare forhold enn i Noreg og Skandinavia. Vi har jo andre forhold enn i mange andre land. Men mange stadar har naturvernorganisasjonar og slike sivile organisasjonar arbeida mye og godt og forståinga har utvikla seg meir og meir. Utan dei ville vi ikkje ha nådd såpass langt som vi har i desse sakene. Det som no etter mi meining manglar i Sápmi er ei heilskapelig forståing slik at vi kan forklare med ord kva som er grunnlaget fårt, før vi spør om vi kan jakteeller kjøre her og der. Kva er den grunnleggande tankegangen frå gamalt av. Eg trur dette ville gi mye meir forståing.

Det andre er det som også her har kome fram. Det samiske samfunnet har forskjellige behov også, og dei må ein ta omsyn til. Ein kan ikkje gjøre akkurat som ein gjorde før, da forholda var andre. Mennesket er no mektig, det gjeld også for samar. Vi har slik makt at vi kan øydelegge mye utan å vere klar over det, og det gir eit ansvar. Etter mi meining er det å forvrenge saka slik nokon har gjort, at nokre samar sine rettar blir tatt omsyn til, men ikkje andre sine. Og etter mi meining akkurat det som er nemnd, at reindrifta har støtta naturvernet og har verna natur i lag med statsstyresmaktene. Men andre samar, som ikkje har rein, dei har også rettar, særskilt dei som bur i område der dei tradisjonelt har utnytta naturen. Dei har rettar, og desse kan ein ikkje sjå bort frå. Eg skal ikkje seie så mue om dette, da eg sjølv er med i Finnmarkskommisjonen og vi forsøker å ta omsyn til dette.

Og ei anna sak er at regulering er heilt nødvendig i forhold til alle. Og eg meiner ALLE. Her er det ikkje tvil. Det er ingen prinsipp som er slått fast for urfolksrettar, som seier at ein ikkje skal regulere. Jo fleire interesser det er, jo viktigare er det å halde orden.

Det verste er om det ikkje er nokon orden. Det nest beste er at det er orden, sjølv om denne ikkje er akkurat slik vi kunne ønske. Og det beste er sjølvsagt at det er orden, og at vi sjølv er med og oppretthalde denne og utforme den og halde oppsyn med den. Vi har ikkje nådd dit, og det er enno mye å gjøre.

Til sist om det grunnlaget som eg meiner at er aller viktigast, at både tru kunnskap frå gamalt av har vore grunnlaget for det vi har gjort. Og der det ikkje har vore kunnskap har det vpre tru. Det er ikkje alltid så klare grenser mellom dei. Men i vår til det det ikkje nok å seie at eg trur eller antar, ein må vise korleis det er . Men det er og eit spørsmål om kven som viser. Og i forhold til minoritetar har det alltid vore eit større folk som har visst betre. Det fører ikkje til noko godt0 om ikkje den andre sida får det same kunnskapsgrunnlaget og sjølv styrke sin eigen kunnskap og søke ny kunnskap. Det blir ikkje likeverd av det.

Og det er det som eg har sagt i fleire tiår og også arbeidda med i forskingsinstitusjonar. Nordisk Samisk Institutt er eit eksemel op at vi sjølv lagar eit kunnskapsgrunnlag og utviklar det kunnskapsgrunnlaget som vi har som ei arv frå gamalt av.

Og så treng vi også eit nytt samisk natursyn. Det er ikkje nok at vi ein gong hadde eit. No er forholda andre. Og det grunnlaget treng vi å fornye. Og her ser eg også manglar når det blir sett igang forskingsinstitusjonar og forskingsprogram. Nettopp no har det skjedd at i Tromsø er det sett igang eit såkalla senter, som har fått namnet Framog det er da sjølvsagt etter Roald Amundsen sin sterke båt som kunne gå i isen, og det er sjølvsagt og ein noko nasjonalistisk tankegang, at dette skulle vere namnet.

Men det verste er at samiske institusjonar som har arbeida ganske lenge med forsking, blir halde heilt utafor og igjen blir det gjentar det seg det som er har gjentatt seg mange gongar på det nivået, at samiske institusjonar blir utelatt, og får ikkje vere med og hente inn kunnskap. Og det er ein mangel.

Og eg trur ikkje på det, og det er den same trua som eg har i forhold til Naturvernforbundet; dersom folk ikkje får arbeide i forhold til sine eigne kunnskapar og eigen fornuft. Påprakka fornuft får ikkje folk til å innrømme noko. Men den dagen da ein har kjent at vi har sjølve vore med å samle kunnskap, og vi har vårt eige kunnskapsgrunnlag og trusgrunnlag frå gamalt, da kan det lukkast. Og det er eit arbeid som eg trur at Naturvernforbundet har gjort. Og det arbeidet er ikkje nytt for Naturvernforbundet. Eg har lagt merke til det før, og trur at da lukkast det aller best.

Eg er lei for at tanken med Samisk naturvernforbund ikkje lukkast da vi forsøkte det for nokre år sidan. Det kan kanskje lukkast seinare. Men i denne stoda er det etter mi oppfatning bra at Naturvernforbundet viser interesse og arbeider lokalt, og kommuniserer med både næringar, med fastbuande, med reindriftssamar og med kommunar og med alle som påverkar framtida til bruken av naturen vår. Takk!

1Sameinte nasjonar si erklæring om urfolk, 2007.

Nyheter

Styremøte Naturvernforbundet Finnmark, 2.6.2016

Fremdeles er Nussir, mudringen i Tanamunningen, truet borealskog i Nord-Finland og Syd-Varanger Gruve de sentrale sakene. Vi vil fortsatt overvåke utviklingen i disse sakene. Sommerferien nærmer seg. Neste styre møte er 18. august.

Viser fra 1 til 4 av totalt 25 artikler