ESA ser bort frå fakta om Førdefjorden

– Sjølv om ESA no svikter, gir vi ikkje opp kampen for Førdefjorden, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

FTAs overvåkingsorgan ESA har i dag valt å lukke klaga frå ei rekke miljøorganisasjonar i Noreg på at dumping av gruveavfall i Førdefjorden bryt med vassdirektivet. Grunnen er at dei ikkje kan finne nokon saksbehandlingsfeil i arbeidet den norske regjeringa har gjort.

– ESA gjere det veldig lett for seg sjølv når dei nektar å gå inn og sjå på faggrunnlaget! uttalar Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

–Veldig skuffande!
– Dei berre godtek vurderingane departementet har gjort, utan nokon fagleg vurdering. Dette er veldig skuffande, og kan ikkje kallast ei reell klagebehandling! seier Ask Lundberg.

ESA avviser alle klagepunkta frå Naturvernforbundet og dei andre miljøorganisasjonane med å vise til at deira rolle er avgrensa til å sjå på om det er gjort openbare feil i vurderinga.

Grov forureining
– Det dei i praksis gjere er å tillate grov forureining, så lenge det er gjort på «riktig måte». Det er heilt uhaldbart, når løyvene som er gitt ikkje vurderer uavhengig forsking som viser at dette prosjektet ikkje er miljømessig forsvarleg, seier Ask Lundberg

Klaga til ESA tok serleg føre seg resultata frå uavhengig forsking, at tap for eksisterande næringar ikkje er vektlagt, eller at alternativ bruk og tilbakefylling ikkje er vurdert som alternativ til sjødeponi. Ingenting av dette er vurdert av ESA.

– Det einaste dei har vurdert er prosess, ikkje fakta. Det gjere denne sokalla klagebehandlinga verdilaus, avsluttar Ask Lundberg

Kontaktperson
Silje Ask Lundberg
Leiar Naturvernforbundet
91 31 17 29