Høyringssvar til søknad frå Nordic Rutile AS om driftskonsesjon for Engebøprosjekte

Sidan Nordic Mining fekk utsleppsløyve frå KLD i 2015 har det komme fram nye og avgjerande opplysningar om driftsplanane, som gjer at vi hevdar at noverande utsleppsløyve ikkje er gyldig for driftssøknaden. I tillegg har søknaden om driftsløyve vesentlege manglar, då det verken er blitt gjort grundige nok vurderingar på alternative løysingar for restmassane, moglegheiter for underjordsdrift frå dag ein, eller utslepp av asbestfibrar og mikroplast. Vår konklusjon er difor at søknaden om driftsløyve må avvisast.