Foto: Øystein Folden

Agurkurt: Blomen av agurkurt har nok mange sett før, i form av pynt på dessertar og i salatar. Slik ser han ut før han kjem så langt. Akkurat denne blomen er mellom dei som har spira på eiga hand som følgje av at det har vore dyrka agurkurt i hagen året før. Det same skjedde dei tre åra før også. Foto: Øystein Folden

Grei rømling

Artikkel publisert i Aura Avis 16. november 2018 i serien om framande artar i norsk natur som finst på Nordmøre.

Ein framandart er ikkje det same som ein problemart. Men det veit vi vanlegvis ikkje når vi ber med oss den framande heim.

Nokre av dei framande artane held seg pent i ro der vi har parkert dei, og finn ikkje på noko tullball. Nokre er slik lenge, og så plutseleg blir dei eit problem. Andre igjen lagar problem alt frå første
stund. Når vi oppdagar at ein art er eit problem, er det ofte for seint å gjere noko med det.

Agurkurt Borago officinalis er ei plante som vi har brukt ganske lenge, og denne verkar ganske harmlaus. Første observasjon er frå Bygdøy i 1874. Vi kan år om anna sjå at det kjem agurkurt i bed og
andre stader der vi dyrka agurkurt året før, men det blir sjeldan meir enn ei plante eller to. Når det får gått ein to-tre år, ser vi ikkje meir til denne planta.

Planta er eittårig. Det vil seie at rota døyr etter at planta har gjort det som gjerast skal - blomstre og setje frø er oppgåva. Viss ein vil kvitte seg med planta, er det berre å slå planta eller luke ho før blomstring, så er det gjort. Denne planta klarer vi å halde kontroll på viss vi vil. Viss det ikkje plutseleg skjer noko som gjer at noko endrar seg. Planta er vurdert til (LO) låg risiko, og er rekna som ein dørstokkart. Ei plante som har evne til å formeire seg hos oss, men som ikkje heilt får det til førebels. Planta var ikkje risikovurdert i 2012 etter det eg veit.

Agurkurt kjem frå Sør- og Aust-Europa. Artsnamnet officinalis fortel at denne planta har vore bruka som lækjemiddel. Det var Albertus Magnus som bruka Borago om agurkurt. Kven var så Albertus
Magnus for ein? Han går også under namnet Albert den store. Han var fødd i Lauingen ved Donau kring 1200 og døydde i Køln i 1280. Han var filosof, teolog, dreiv litt med naturvitskap og var mellom anna biskop i Regensburg 1260-62. I 1931 blei han utnemnt til helgen, med minnedag 15. november.

Risikovurdering
Framande artar blir vurdert etter moglegheita si til å spreie seg, og om dei kan gjere skade på artar som alt finst i området. Graderinga er som følgjande, etter framandartslista frå 2018:
SE   Svært høg risiko
HI   Høg risiko
PH  Potensiell høg risiko
LO  Låg risiko
NK Ingen kjent risiko

Øystein Folden frå Naturvernforbundet held fram med å presentere ein del framande artar som er på veg ut i norsk natur.

Artikkelen ble sist oppdatert: 18.11.2018