Foto: Øystein Folden

Konglene på douglasgran er ikkje til å ta feil av. Dei frynsete dekksjela er typiske. Elles kan vi legge merke til at barnålene har lyse striper. Treet blir stort, høgde over 40 meter er målt i Noreg.

Sære kongler

I serien om framande artar på Nordmøre har vi i dag kome fram til Douglasgran.

Når ein finn bartre som har furunåler og bork som gran, då er det vrifuru. Når det er grannåler og bork som furu, då er det tale om douglasgran. Slik ser eldre tre ut. Denne gongen skal vi sjå nærare på douglasgrana. 

Douglasgran Psedotsuga menziesii har grønleg bork som yngre tre, og blærer i borken er vanleg. Når ein ser nålene, tenkjer ein edelgran, men dei er spisse og nålefestet liknar meir på gran. I mange eigenskapar ligg dette treet mellom furu og gran. Har treet kongler, så er det ikkje til å ta feil av. Lange, treflika dekkskjel stikk ut mellom kongleskjela og gir kongla ein frynsete utsjånad.

Douglasgran er noko planta som skogstre, men har vel aldri blitt det heilt store for skognæringa. Treslaget er utsett for frost både vår og haust, blir beita hardt både av hjortedyr og husdyr og er utsett for soppsjukdom. Der det blir beine tømmerstokkar av dette treet, får ein gode materialar med raudleg kjerneved.   

Der douglasgran står i plantefelt er det truleg ganske vanleg at det finst frøspreidde tre i nærleiken, særleg i hogstfelt. Større felt av douglasgran kjenner eg ikkje til i vårt distrikt, men treet finst fåtalig nokre stader. På Tingvoll kyrkjegard sto det eit pjuskete tre til for eit år sidan. Ikkje så langt frå Grøa er det nokre store tre, på Viken gard på Frei like så. I arboretet i Svinvik finst dette treslaget i sjølve anlegget, men også planta spreidd i skogen elles. Der finst arten også frøspreidd. Så veit vi at arten kan spreie seg under våre tilhøve.

Douglasgran kjem frå vestlege delar av Nord-Amerika. Pseudotsuga tyder uekte Tsuga, dvs. uekte hemlokk. Lækjaren Archibald Menzies er opphavet til artsnamnet. Han var frå England og levde 1754-1842.

Dei som har treet apeskrekk i hagen sin kan vite at det var Menzies som tok med seg dette treet frå Chile til Europa. Han nytta høvet til å putte nokre frø i lomma då han blei servert apeskrekkfrø til dessert hos visekongen i Chile. Desse sådde han om bord i skipet, og kom til England med 5 små tre.

Douglasgran er planta i Noreg frå 1870. Arten spreier seg enkelte stader, men risikoen er vurdert til LO, det vil seie låg risiko. I Tyskland og New Zealand er arten rekna å vere invaderande. Det står igjen å sjå om det blir slik også hos oss.

 

Risikovurdering

Douglasgran har kategori låg risiko (LO), og er ikkje svartelista.

Artikkelen ble sist oppdatert: 02.06.2018