Du er her:

Gravmyrt. Foto: Øystein Folden

Mørk grøne og vakre blad, og endå vakrare blå blomar, men det hjelp ikkje. Planta stikker av bort til naboen og ut i skogen, og er ein liten røvar. Foto: Øystein Folden.

Framand art: Gravmyrt

Gravmyrt (Vinca minor) er mellom dei hagevokstrane som sakte og sikkert tar seg ut i naturen. Av ein eller annan grunn ser det ut til at denne planta ikkje set frø hos oss. Dermed går spreiinga sakte, men akk, så sikkert. Planta har utløparar som slår røter. Planta som starta i eit hagebed veks vidare bortetter plenkanten, over til naboen og ut i skogen i løpet av nokre år. Der denne planta slepp til, blir det ofte dårleg plass til andre. Det er også grunnen til at denne planta har havna i kategorien svært høg risiko på framandartslista.

Ein gartnar har ikkje har lov å plante denne planta utan å sende søknad til Miljødirektoratet. Men ein hageeigar kan gå i plantebutikken, kjøpe planta og plante i eigen hage utan spørsmål. Sjølv om det er lov, bør ein la vere.

Vil ein bli kvitt denne planta, så får ein løyse jorda med eit greip, og så må ein dra opp alle plantene med røter. Med systematisk arbeid får ein med det meste, og så må ein gå etter nokre gongar seinare og ta det som var gløymd og som set nye skot. Etter ein slik aksjon er gjerne området reinska også for alt anna, og kan nyttast til rosebed eller potetåker om ein vil. Husk forresten at det som blir plukka vekk skal leverast til godkjent avfallsmottak. På vegen til avfallsmottaket skal plantene vere innpakka eller tilhengaren må vere dekka til, slik at ingenting kan ramle av på vegen. Dette plantematerialet skal verken i grøftekanten eller skogkanten.

Gravmyrt kjem frå Middelhavsområdet, og har vore i Noreg sidan mellomalderen. Spreiing er først kjent langt ut på 1800-talet. Gravmyrt kan ein finne i hagar i heile Sør-Noreg. Derifrå har han spreidd seg til skogkanten, anten etter ein tur under gjerdet, eller ein trillebårtur før hageavfallet har slått rot igjen.

Det latinske slektsnamnet Vinca er først brukt av Plinius for nesten to tusen år sidan. Ingen blir vel overraska over at minor tyder mindre. Det finst nemleg ein som er noko større, major. 

Risikovurdering
Gravmyrt har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden på framandartslista.

SE           Svært høg risiko
HI           Høg risiko
PH          Potensiell høg risiko
LO          Låg risiko
NK          Ingen kjent risiko

Les meir på Framandartslista 2018, Artsdatabanken 

Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?

Bli medlem i Naturvernforbundet!

Fremmede arter er et problem for norsk natur.

Her kan du lese mer om: