Du er her:

Japanpestrot. Foto: Øystein Folden

Japanpestrot har som hestehoven blad som kjem utover sommaren. Med tverrmål på opptil 1 meter blir det skugge nede på bakken og ikkje plass for nokon andre. Stilken er på dette bladet 1,6 m høg. I bakken opp mot huset i bakgrunnen ser vi elles eit felt dekt med japanpestrot. Foto: Øystein Folden.

Framand art: Japanpestrot

For femti år sidan blei det ofte lagt vekt på at planter skulle vere rimelege, lette å formeire, fylle mykje, vere hardføre og lette å få til, slik som Japanpestrot. Det er i grunnen oppskrifta på ei plante som kan ta overhand.

Japanpestrot Petasites japonicus og lækjepestrot Petasites hybridus oppfyller dei fleste krav i så måte.  Det er ikkje så lett å halde desse to frå kvarandre, men det er ikkje så farleg. Som hestehoven slår dei til med blomstring om våren, og så kjem det blad opp utover sommaren. For japanpestrot kan ein finne blad på kring ein meter i tverrmål, lækjepestrota er litt mindre. Det finst elles to artar i denne slekta som høyrer til hos oss, men dei har i alle fall sommarblad som ikkje er så mykje meir enn 25 cm i tverrmål.

I Aust-Asia, der japanpestrot kjem frå, så spreier planta seg både med frø og rotdelar. Hos oss er det ikkje sikkert det er spreiing med frø, men ei plante blir fort til fleire ved at røtene går utover og er opphav til nye planter. Slik er det nok også med lækjepestrot, som finst naturleg i store delar av Asia og delar av Europa. Den er truleg komen til Noreg alt i mellomalderen, med munkane. Den har mest hannblomar i alle fall, og då blir det ikkje så mykje frø.

Stadene ein finn pestrot forvilla tyder på at hageeigarar har gått lei dei, hakka dei opp og trilla dei bort i skogkanten. På næringsrik og fuktig jord har dei slått til, nokre stader kan det vere store område som no er dekt av planta. Vil ein bli kvitt japanpestrot og lækjepestrot, så er nok oppgraving av røtene det som skal til. Men rotdelar må ein kaste i restavfallet eller brenne, elles kan dei bli opphav til nye planter.

Det latinske namnet Petasites tyder hatt med brei brem. Ein kan vel tenkje seg ein gamal grekar som tar seg siesta med eit blad av pestrot som skuggegjevande hatt. Japonicus seier seg vel sjølv, tyder at planta er frå Japan. Japanpestrot hos oss høyrer elles til underarten Giganteus, treng vel heller ikkje forklaring. Hybridus tyder nettopp hybrid, eller at han har eigenskapar som ligg mellom andre artar.

Japanpestrot er funnen spreidd sidan 1930-talet, mest på Vestlandet, og heilt nord til Troms. Lækjepestrot var på rømmen alt kring 1820, og har same utbreiingsområdet.

Risikovurdering
Både japanpestrot og lækjepestrot har kategori svært høg risiko (SE) i 2018, opp eit steg frå 2012.

SE           Svært høg risiko
HI           Høg risiko
PH          Potensiell høg risiko
LO          Låg risiko
NK          Ingen kjent risiko

Bilete/bilettekst (Foto Øystein Folden)

Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?

Bli medlem i Naturvernforbundet!

Fremmede arter er et problem for norsk natur.

Her kan du lese mer om: