Du er her:

Klistersvineblom. Foto: Øystein Folden

Det er fleire artar svineblom, men det er berre klistersvineblom som er grågrøn og seig. Foto: Øystein Folden.

Framand art: Klistersvineblom

Denne gongen kan vi rekne handballspelarar som ekspertar. Dei som har vore borti ein handball full av klister, dei veit også korleis fingrane kjennast ut etter ein lukerunde med klistersvineblom Senecia viscosus. Fingrane blir seige.

Dette er ikkje planta som ein kjøper i hagesenteret og planter ut i bedet. Men nokon plass kjem planta frå, for ho høyrer ikkje til mellom dei vi alltid har hatt.

Planta finst i bymessige strok, der dei står i fortauskantar og singelgangar. På skrinne vegkantar kan dei stå tett. På skrotemark, dvs. jordhaugar og litt gløymte areal er planta også vanleg. På område der det blir lagra tømmer finst planta, og på snauflater. Frøa er ganske små og utstyrt med «fallskjerm». Dei fyk med vinden kor langt det skal vere.

Les også: Unngå pøbelplanter i hagen

Planta blei først funnen kring Oslofjorden ikkje lenge etter 1800. Planta spreidde seg langs kysten og var komen til Møre og Romsdal i 1951. Etter det har planta spreidd seg vidare nordover, og blir funnen nokre stader i Nordland, med nordlegaste funn i Tromsø. Denne planta går truleg ikkje så høgt. Sjølv om veggrusen som blei bruka på Aursjøvegen hadde frø av klistersvineblom, så blei det ikkje gjort funn av planta langs Aursjøvegen (800 moh.) ved ei undersøking i 2017.

Klistersvineblom finst naturleg i Mellom- og Sør-Europa og Vest-Asia.

Senecio kjem frå latin senex, dvs. gubbe eller gamal mann. Når frøa held på å sleppe, ser plantene i denne slekta absolutt litt kvithåra ut, så det er eit høveleg namn. Det var Plinius som døyde 79 e.Kr. som bruka namnet først. Dei som har kjøpa smøreolje har vore borti ordet viskositet. Det har nok med viscosus å gjere, som tyder klissen.

Klistersvineblom er både lett og vanskeleg å bli kvitt. Planta er eittårig. Det vil seie at viss ein unngår at dei blomstrar, så er mykje gjort. Tar ein tak i planta, så drar ein planta lett opp. Om rota blir igjen, så gjer det ikkje noko så lenge det ikkje kjem ein ny blomestilk. Men vanskeleg, sidan frø kan fyke kilometervis, og bli med bilar og varer, sko og grus.   

Klistersvineblom hadde høg risiko (HI) i 2012, i 2018 er dette auka til svært høg risiko (SE), sidan planta spreier seg lett og til ein viss grad jagar vekk andre planter. 

Risikovurdering
Framande artar blir vurdert etter moglegheita si til å spreie seg, og om dei kan gjere skade på artar som alt finst i området. Graderinga er som følgjande, etter framandartslista frå 2018:

SE           Svært høg risiko
HI           Høg risiko
PH          Potensiell høg risiko
LO          Låg risiko
NK          Ingen kjent risiko

Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?

Bli medlem i Naturvernforbundet!

Fremmede arter er et problem for norsk natur.

Her kan du lese mer om: