Du er her:

Tromsøpalme. Foto: Jørgen Schyberg

Tromsøpalme kjem truleg frå Kaukasus og Iran. Den har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden på framandartslista. Foto: Jørgen Schyberg CC.

Framand art: Tromsøpalme

Nokre planter har skaffa seg ein fordel ved at dei er store. Dei er høgare enn alle andre og lar dei andre kome i skuggen. Ei slik plante er tromsøpalme Heracleum persicum. I same slekta finn ein også kjempebjørnekjeks Heracleum mantegazzianum som er om lag like stor. Dei høyrer til i same familie som t.d. hundekjeks, men blir opptil 4 gonger så høge og blada kan bli opp mot meteren lange.

Der desse to veks, er det ikkje plass til så mykje anna. Tromsøpalme er vanlegast frå Trøndelag og nordover, men det er ein del av planta på Austlandet også, og ho er funnen i alle fylke med unnatak av Telemark. Kjempebjørnekjeks er mest utbreidd der det er minst av tromsøpalme.

Slektsnamnet Heracleum er ei oppattkalling etter den greske segnhelten Herakles. Theofrast bruka dette namnet om ei skjermplante 300 f. Kr. Det er ein italiensk lækjar og antropolog, Paolo Mantegazzi som er opphavet til det latinske namnet for den eine planta, den andre planta kjem frå Persia i følgje namnet, men det kan vere Kaukasus er rette heimstaden likevel. 

Tromsøpalme kjem truleg frå Kaukasus og Iran. Planta kom truleg til Alta kring 1830 og er seinare spreidd. Kjempebjørnekjeks er først kjent spreidd i Holmestrand i 1922.

Tromsøpalme og kjempebjørnekjeks spreier seg med frø og kan spreie seg litt med vind og vatn. Vidare set plantene rotskot til ein viss grad. Frø og plantedelar som blir med jord er ein viktig spreiingsmåte. Plantene utviklar stoff som gjer at andre planter har vanskar med å spire på staden.  

Eit viktig skil mellom tromsøpalme og kjempebjørnekjeks er at sistnemnte si hovudrot oftast døyr etter bløming, tromsøpalma lever vidare. Vil ein bli kvitt desse plantene, er det fleire strategiar. I første omgang er det å hindre at planta får laga til frø, og at plantedelar kjem seg bort frå der dei alt er. Vil ein bli kvitt desse plantene for godt, er det truleg best å grave opp rota. Blir det igjen noko, må ein gjenta det. Dessutan vil frøa som alt er i jorda kunne spire. Så ein må rekne med at dette er eit arbeid som må fortsette nokre år.

Både tromsøplame og kjempebjørnekjeks har ei plantesaft som kan gi kraftige reaksjonar på huda. Ein bør difor bruke verneklede når ein arbeidar med desse plantene.

Risikovurdering
Tromsøplame og kjempebjørnekjeks har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden på framandartslista.

SE           Svært høg risiko
HI           Høg risiko
PH          Potensiell høg risiko
LO          Låg risiko
NK          Ingen kjent risiko