Du er her:

Filtarve, fremmed art. Foto: Hugo.art

Filtarve er en invasiv fremmed art, som utgjør en svært høy risiko for norsk natur. Foto: Hugo.art.

Unngå pøbelplanter i hagen

Ettersøkte og farlege, men ofte vakre. Framande planter kan vera ein stor trussel for norsk natur. Slepp dei laus i naturen, kan dei spreie seg, presse bort sårbare artar og gjere stor skade. Her har vi samla nokon av dei verste "pøblane".

Nokon hageplanter har eit stort spreiingspotensial og kan gjere stor skade når dei endar opp i naturen. Har du nokon av desse plantene i hagen må du vere ekstra påpasseleg så dei ikkje bevegar seg utanfor hagen. Det sikraste er å fjerne dei. Om du ikkje ynskjer dette må du i alle fall la være å dele dei med andre, halde dei under kontroll og unngå å kaste hageavfall i naturen. 

Her finn du plantene du kan bruke i staden for pøbelplantene.

 

ImageRynkerose
Rosa rugosa

Svært høg risiko, Framandartslista 2018
Salgsforbod frå 1.1 2016.

Kjenneteikn: Rynkerosa har blomar som kan vere både rosa og kvite, og ein frisk grønfarge på bladverket. Nypene er store og kjøtfulle og piggane sit tett.

Trussel: Rynkerose er ei hardfør rosebusk som spreiar seg lett både via frøa i nypene og ved rotskot. Der den etablerer seg blir det tette tornekratt som fortrenger alt anna.

Kva kan du gjere? Har du rynkerose i hagen bør du prøve å fjerne buskene ved å grave dei opp med rota. Plantedelane må brennast eller leverast til godkjent avfallsmottak. Dei første åra må du sjekke om det kjem nye spirar frå gjenverande rotbitar og fjerne desse.

Les meir om rynkerose


FiltarveImage
Cerastium tomentosum
Svært høg risiko, Framandartslista 2018
Salgsforbod frå 1.1 2016.

Kjenneteikn: Filtarve og Sølvarve er nesten identiske bunndekkande planter med små kvite nellikblomar og sølvfarga, lodne blad. Dei er krypande av vekst og dannar tette matter.

Trussel: Ser uskyldige ut, men spreiar seg raskt med både rotutløparar og frø. På øyene i indre Oslofjord er dei ein alvorleg trussel mot sårbare raudlista artar.

Kva kan du gjere? For å bli kvitt plantene må dei lukast/gravast opp, og planteavfallet kastast i restavfallet eller leverast til godkjent avfallsmottak. Følg opp med å fjerne frøplanter som spirer.  

Les meir om filtarve/sølvarve


ImageGravmyrt
Vinca minor

Svært høg risiko, Framandartslista 2018

Kjenneteikn: Krypande, vintergrøn plante med mørkegrøne, glinsande blad og himmelblå blomar.  

Trussel: Spreiar seg raskt med rotutløparar eller ved dumping av hageavfall. Fortrenger sjeldne og trua artar i naturen. Mellom anna er den ein direkte trussel mot den raudlista arten kvitmure.

Kva kan du gjere? Gartnarar må søke om å få plante ut gravmyrt, men privatpersonar kan kjøpe den over disk på hagesentera. Det bør du ikkje gjere. Har du planta i hagen allereie er det beste å grave den opp med rota. Dette kan vere ein stor jobb ettersom den dannar lange utløperar.

Les meir om gravmyrt


Hagelupin Image
Lupinus polyphyllus  

Svært høg risiko, Framandartslista 2018
Salgsforbod frå 1.1 2016.

Kjenneteikn: Dei høge blomane i mange fargar er eit kjent syn i vegkantar over heile landet.

Trussel: Hagelupin spreiar seg raskt med frø frå hagar, vegkantar og jernbanelinjer der den har blitt sådd. I tillegg til å fortrenge andre artar fører den til auka næringsinnhald i jorda der den etablerer seg. Dette fører til at konkurransesvake artar blir fortrengt av nitrogenkrevjande og meir konkurransesterke artar.

Kva kan du gjere? Hagelupin har frø som kan overleve i 50 år i jorda. Det viktigaste du kan gjere er derfor å hindre dei i å sette frø. Om det ikkje er snakk om store mengder kan dei lukast eller gravast opp. For større areal anbefalast det å slå to gongar i sesongen, før plantene set blomar.  Dette må følgast opp over mange år.

Les meir om hagelupin


ImageTromsøpalme
Heracleum persicum

Svært høg risiko, Framandartslista 2018
Salgsforbod frå 1.1 2016.

Kjenneteikn: Tromsøpalme er ein skjermplante som kan bli opp til fem meter høg, og den største skjermen med kvite blomar kan bli ein halv meter i diameter og blada to meter lange. Til forveksling lik Kjempebjørnekjeks.

Trussel: Tromsøpalme og kjempebjørnekjeks spreier seg raskt og kan danne store bestandar som fortrenger anna vegetasjon. Frø og plantedelar som blir med jord er ein viktig spreiingsmåte. Plantene utviklar stoff som gjer at andre planter har vanskar med å spire på staden. 

Kva kan du gjere? Det er viktig å hindre at planta får laga frø, og at plantedelar blir spreidd. For å bli kvitt planta for godt, er det truleg best å grave opp rota, eventuelt kutte den så langt ned du kjem. Dette må sannsynlegvis gjerast fleire gongar i sesongen og truleg over fleire år.  Både tromsøpalme og kjempebjørnekjeks har ei plantesaft som kan gje kraftige reaksjonar på huda. Ein bør difor bruke verneklede når ein arbeidar med desse plantane.

Les meir om tromsøpalme


RaudhyllImage
Sambucus racemosa

Svært høg risiko, Framandartslista 2018

Kjenneteikn: Raudhyll er ein opptil 4 m høg busk med lys, gråbrun bark. Den får små gulgrøne blomar som i juli blir til klasar av raude bær.

Trussel: Raudhyll var tidlegare vanleg i hagar og har spreidd seg via komposthaugar og fuglemagar. Den kan etablere seg i dei fleste naturtypar og mellom anna forstyrre balansen mellom plantar og fugl.

Kva kan du gjere? Små enkeltbuskar er greie å bli kvitt ved å hakke opp rota, og dei kjem sjeldan igjen. Større buskar er verre, men sager ein dei ned hindrar ein i alle fall at det kjem bær som blir spreidd ukontrollert av fugl. Ein må då forvente at det kjem nye rotskot.

Les meir om raudhyll


ImageKjempespringfrø Impatiens glandulifera
Svært høg risiko, Framandartslista 2018
Salgsforbod frå 1.1 2016.

Kjenneteikn: Kjempespringfrø er eittårig og spirer frå frø om våren, veks bortimot ein meter og får flotte blomar i kvitt, rosa, fiolett og raudt. Etter blomstringa utviklar det seg frøhus som slynger ut frøa når noko kjem borti dei. Ein vassdrope er ofte nok. 

Trussel: Planta kastar sjølv frøa opptil seks meter, og deretter kan dei bli ført med bekkar eller følgje med landbruksmaskiner. Planta likar seg i elveskråningar der den utkonkurrerar fleirårige plantar som geitrams, bringebær og brennesle. Dermed forsvinn også rotnettet som batt elveskråninga om vinteren, og det blir auka sjanse for jordras og erosjon.

Kva kan du gjere? Sidan kjempespringfrø er eittårig, er planta avhengig av å spreie frø for å overleve. Viss ein rykker opp plantene før dei har sett frø, eller slår dei eit par gonger for sommaren, slik at dei ikkje når å lage blomar, vil ein bli kvitt denne planta. Etter tre år er det sannsynlegvis ikkje frø igjen som kan spire.

Les meir om kjempespringfrø

Les meir på Framandartslista 2018, Artsdatabanken 

Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?

Bli medlem i Naturvernforbundet!

Fremmede arter er et problem for norsk natur.

Her kan du lese mer om: