Du er her:

Det gamle gruveområdet ved Repparfjord i Finnmark. Her ynskjer Nussir ASA å dumpe to millionar tonn kobberhaldig avfall i fjorden kvart år i minst 20 år. Foto: Gunnar Reinholdtsen

Det gamle gruveområdet ved Repparfjord i Finnmark. Her ynskjer Nussir ASA å dumpe to millionar tonn kobberhaldig avfall i fjorden kvart år i minst 20 år! Foto: Gunnar Reinholdtsen.

Gruvedrift og miljø

Det er stor interesse for å starte ny gruvedrift i Noreg. Dette gir store utfordringar i form av naturinngrep, avfallsproblematikk og truslar for naturbaserte næringar.

Det moderne samfunnet er avhengig av mange mineral, men fordi mineral er ikkje-fornybare ressursar, kan vi ikkje la marknadskreftene fritt få styre utvinningstempoet. Behovet for mineralet må vurderast opp mot konsekvensane for naturmiljø, klima, naturbaserte næringar og sosial utvikling.

Noreg har ein lang historie med gruvedrift. Under tidlegare drift var miljøkunnskapen langt dårlegare enn i dag. Dette har ført til at giftige stoff har blitt slept ut i naturen, og store naturinngrep er framleis synlege i landskapet.

I dag fins kunnskap og teknologi som tilseier at ein bør kunne velje mindre naturskadelege metodar for utvinning og avfallshandtering enn tidlegare. Underjordsdrift gir mindre inngrep i landskapet enn opne dagbrot. I staden for å legge overskotsmassen i store opne deponi kan mykje av den brukast t.d. i byggebransjen. Resten kan fyllast tilbake i tomme gruvegangar. Internasjonalt blir desse, og mange andre tiltak, brukt for å gjere mineralnæringen mindre miljøskadeleg. Noreg har mykje å lære.

I 2013 la regjeringa fram ein strategi for mineralnæringa i Noreg. I den står det at norsk mineralnæring skal vere blant verdens mest miljøvennlege, og aktivt søke framtidsretta løysingar. Likevel er vi eit av berre fire land i verda som tillater å dumpe avfallet frå gruveindustrien i sjø.

Å dumpe restmassen frå gruvedrift i dei norske fjordane er både svært skadeleg for naturen i havet, ein trussel mot bærekraftige arbeidsplassar i distrikta, og direkte sløsing med ressursane. Både miljø-, mat- og fiskerimyndigheitar har advart mot konsekvensane. Er vi tent med å ha ei forvaltning som gjere gruvedrift lønsamt ved å sende rekninga til fiskeri, turistnæring og framtidige generasjonar?

Artikkelen ble sist oppdatert: 19.12.2016

Vevringfolket byr på Fjordfiskarens festbord, henta frå Førdefjorden, rett framfor brygga her

Kva gjere vi?

Dårlige gruveprosjekt er ein trussel mot naturmangfald, landskap og berekraftige næringar. Vi kjempar for dei gode løysingane og ein strengare regulering av gruveindustrien.

Fjorden ingen søppelfylling

Kva meiner vi?

Verden treng mineral, men ikkje i uavgrensa mengder, og ikkje til ein kvar pris. Om mineralnæringa skal ha ei framtid i Noreg må vi stille strenge miljøkrav som sikrar at utvinninga ikkje går på bekostning av viktige naturverdiar og naturbaserte næringar.

Havelgen - vikingbåt mot gruveavfall i sjø

Kva kan du gjere?

Engasjer deg! Naturvernforbundet har fleire lokal- og fylkeslag som jobbar med lokale gruveprosjekt. I tillegg har vi eit gruveutval som jobbar med nasjonal politikk.

Nyheter

Engebøfjellet førdefjorden sogn og fjordane foto Wim Lassche

– Gruvedrift må være miljøforsvarlig

02.11.2011 | Sist oppdatert: 03.04.2012

Norge kan stå foran en ny gigantisk satsing på gruvevirksomhet. – Det er fullt mulig å ha gruvevirksomhet i Norge uten å dumpe store mengder avfall i norske fjorder som kan ødelegge mye av livet på fjordbunnen, sier leder i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken.

Kirkenes og bøkfkorden

Gruvegigant får tillatelse til miljødumping i Finnmark

08.04.2011 | Sist oppdatert: 14.04.2011

I går ga Klima- og forurensingsdirektoratet (Klif) Sydvaranger Gruve tillatelse til å fortsette sin omstridte bruk og utslipp av det kjemikaliet Magnafloc 1707. – Hvis dette er måten Norge skal fortsette å forvalte sine naturressurser på, lover det svært dårlig for fremtiden. Vi håper Miljøverndepartementet tar det ansvaret Klif ikke evner å ta, og sier nei til utslipp av giftige kjemikalier i Bøkfjorden, sier leder i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.

Viser fra 49 til 51 av totalt 51 artikler