Fjordplanar i strid med norsk og europeisk lov

I dag blir avfall frå gruveindustrien dumpa i sjødeponi i seks norske fjordar, og to nye sjødeponi er under planlegging. Gruveavfallet utryddar dyr og plantar på botnen av fjordane, er skadeleg for fisk og spreiar giftige stoff i fjordane. Gjennom vassforskrifta har myndigheitene forplikta seg til å oppnå god miljøtilstand i alle fjordar innan 2021. Likevel inneheld ingen av forvaltningsplanane som no er på høring tiltak for å forbetre vasskvaliteten i deponifjordane.

– I tillegg til å vere brot på både norsk og europeisk lov er dette fullstendig uakseptabel forvaltning av naturen, uttaler Lars Haltbrekken, leiar i Naturvernforbundet.
– Fjordane er eit skattkammer av naturlege ressursar som dannar grunnlaget for viktige næringar innan fiskeri og reiseliv. Dersom det ikkje blir satt i gang tiltak kjem vi til å klage Norge inn for ESA (EFTAs overvåkingsorgan).

Målet i vassforskrifta er at «alle vann, vassdrag og kystvann skal ha oppnådd god (eller svært god) miljøtilstand seinest i 2021.» Derfor har alle vassregioner i landet no skrevet utkast til forvaltningsplan som dei har sendt på høyring. Trass i store variasjonar er det ein ting som går igjen i planane, og det er ein skrikande mangel på tiltak for å forbetre tilstanden i fjordar med sjødeponi og for å forhindre forverring av tilstanden i fjordar med planlagde sjødeponi.

I Finnmark har både Bøkfjorden og Stjernsundet/Lillebukta for dårlig miljøtilstand, men likevel blir det ikkje foreslått tiltak som kan forbetre situasjonen. For Bøkfjorden kjem det klart fram at det er sjødeponiet som forårsakar den svært dårlege tilstanden, og det einaste tiltaket som kan forbetre tilstanden vil vere å stoppe utsleppa.

I tillegg til eksisterande sjødeponi er det søkt om utslepp av 2 mill. tonn tungmetallhaldig gruveavfall frå Nussir ASA i Repparfjord, noko som vil forringe tilstanden i fjorden. Likevel blir denne trusselen ikkje nemnd i forvaltningsplanen. Både å fortsette dei eksisterande utsleppa og å gje løyve til nytt utslepp vil vera i strid med vassforskrifta og EUs vassrammedirektiv.


I Troms er sjødeponiet i Bergsfjorden frå Skaland Graphite på Senja ikkje ein gong vurdert i utkastet til forvaltingsplan.  Undersøkingar frå 1994 viser at ein kan spore nikkel og kopar inntil 7 km frå utsleppstaden. Nikkel er eit spesielt prioritert stoff i vassforskrifta, som ein skal ta spesielt omsyn til å redusere utsleppet av. Både manglande vurdering av miljøtilstanden, manglande vurdering av utfasing av utsleppet av nikkel, og manglande tiltak for å bringe statusen til «god» er i strid med vassforskrifta og EUs vassrammedirektiv.


I Nordland har Rana Gruber eit utslepp i Ranfjorden på ca. 2 mill. tonn kjemikalieblanda gruveavfallper år, og har søkt om kraftig auke i utsleppet.  I tillegg slepp The Quartz Corp (tidl Norwegian Crystallites) ut ca 40.000 tonn årleg med sterkt kjemi­­kalie­blanda gruveavfall på 30 meters djup i Tysfjord.  Å avslutte desse utsleppa er eitt av fleire naudsynte tiltak for å bringe tilstanden i fjordane opp på «god økologisk» og «god kjemisk tilstand».  Når ingen tiltak er foreslått i forvaltningsplanen er dette eit brot på vassforskrifta og EUs vassrammedirektiv.


I Møre og Romsdal har Hustadmarmor eit utslepp på ca. 300 000400 000 tonn kjemikalieblanda gruveavfall i Elnesvågen pr år. Tilstanden i fjorden er definert som «dårlig», likevel er det ingen innspel til tiltak i forvaltningsplanen. Det er nødvendig å avslutte dette utsleppet for at Elnesvågen skal oppnå «god» tilstand. Dersom dette ikkje blir gjort vil det vere eit brot på vassforskrifta og EUs vassrammedirektiv.


I Sogn og Fjordane har Nordic Mining AS søkt om å få sleppe ut 6 mill. tonn kjemikalieblanda gruveavfall i Førde­fjorden pr år. Massen vil få så høgt innhald av kopar (55,4 mikrogram Cu / g) at den vil bli karakterisert med tilstand «dårlig» i Miljødirektoratets veileder. Innhaldet av nikkel er så høgt at det kan bringe utsleppet i strid med vassforskriftas krav om utfasing av nikkelutslepp. Å gje løyve til utsleppet vil vera i strid med vassforskrifta og EUs vassrammedirektiv.