Gruvedrift med sjødeponi er miljøkriminalitet

Det er stor aktivitet og mange planar for ny gruvedrift omkring i heile landet. Dette vil auke presset på landskap, verneverdige naturområde og raudlista arter og naturtypar. Naturvernforbundet krev difor at regjeringa seier nei til gruvedrift med sjødeponi.