Støtteuttale til aksjonar for å berge Førdefjorden

Naturvernforbundets landsstyre gjer si heilhjarta støtte til aksjonistane ved Førdefjorden i Sogn og Fjordane, som i desse dagar førebur seg på aksjonar, om nødvendig sivilt ulydige, i området der Nordic Mining planlegg å byggje gruveanlegget.

Nærings- og fiskeridepartementet har klager på driftskonsesjon til handsaming, og til tross for at det enno ikkje er tatt ei avgjerd i saka, har gruveselskapet varsla at dei vil starte bygginga kvar dag som helst. Avfallet frå gruvedrifta vil dei dumpe i Førdefjorden.

Naturvernforbundet ser gruvedumping i Førdefjorden som ein av dei største forureiningsskandalane i nyare norsk historie. Førdefjorden er ein rein og fiskerik fjord som vil ta stor skade dersom det vert dumpa gruveavfall i fjorden. Gruveselskapet har løyve til å dumpe 11 tonn med gruveavfall rett ut i fjorden kvart einaste minutt i mange tiår. Eit av stoffa som vil følge med avfallet, SIBX, er svært giftig for vasslevande organismar, og det er svært lite kunnskap om korleis stoffet vil verte brote ned i fjorden. Både Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet har åtvara om dei alvorlege konsekvensane for livet i Førdefjorden dersom det vert utslepp av gruveavfall.

Når miljøfagleg kunnskap blir oversett, og Nordic Mining meldar om oppstart av bygging tross uferdig handsaming av driftsløyvet, har Naturvernforbundet stor forståing for at miljøvernarar frå heile landet no set ned foten. At Nordic Mining planlegg å sette ned spaden i jorda og begynne anleggsarbeidet, markerer startskotet for fleire tiår med uakseptabel forureining av ein av Vestlandets friskaste og mest artsrike fjordar, og med det ukjende langtidskonsekvensar for livet i og rundt fjorden. Vi ber regjeringa om å ta klagene på driftskonsesjonen til følge.

Vi i Naturvernforbundets landsstyre gir vår heilhjarta og fulle støtte til oppbygging av aksjonar, om nødvendig sivilt ulydige, for å berge Førdefjorden.