Du er her:

Nyheter

Bever
Høyringsuttale sendt til Orkdal kommune 14.08.2018

Mot beverjakt i Orkdal

Det er foreslått å innføre jakt på bever i Orkdal. Naturvernforbundet har levert ein høyringsuttale der vi går mot beverjakt i Orkdal. Spesielt går vi inn for å halda Songli og Grytdalen utafor beverjakta, både ut i frå at Songli har ein spesiell status i arbeidet med å reetablere bever omkring i Noreg, og fordi Orkdal kommune, Naturvernforbundet, Grytdalens venner og mange andre går inn for at Grytdalen skal vera jaktfri sone. Dette er eit ledd i arbeidet med at Songli/ Grytdalen skal bli eit nasjonalt referanseområde for biologisk mangfald. Vi går i tillegg mot vårjakt på bever, då dette er tida då hobeveren er drektig og føder ungar.

Songlia 2
Dugnadsdagar på Songli, slåttedag på Bjørndalen, og oppsummering av noko av alt det vi held på med

Sommarhelsing, juli 2018

Vi har hatt eit aktivt halvår, med rydding langs Kvamsbekken, initativ om naturreservat på Råbygdfjæra/ Gjølmesørene og kjeler langs Orkla, krav om revisjon av reguleringsvilkåra for Gangåsvatnet, ope møte om forureining frå Løkken gruver, med krav om betre overvaking av forureininga i Orkla og Bjørnlivatnet. Så blir det mange dugnadsdagar på Songli (startar 24. juli og 7. august) og slåttedag på Bjørndalen (26. august).

Viser fra 5 til 8 av totalt 16 artikler