Du er her:

Sølvfarga og filtlodden, krypande både der ein vil ha han og andre stader, då er det ofte filtarve eller sølvarve det er tale om. Foto: Hugo.arg

Sølvfarga og filtlodden, krypande både der ein vil ha han og andre stader, då er det ofte filtarve eller sølvarve det er tale om. Foto: Hugo.arg.

Arvesølvet som stikk av

Både sølvarve Cerastium biebersteinii og filtarve Cerastium tomentosum er på lista over dei plantene som det er forbod mot å importere, selje og plante ut, i følgje «Forskrift om fremmede organismer». Hageeigarar er ikkje hindra frå å byte til seg planta frå andre hageeigarar og så plante ut i eigen hage. Men planta er ikkje ført opp på forbodslista utan grunn, så desse plantene er det best å halde seg unna.

Filtarve kjem frå Italia og Sicilia. Sølvarve kjem frå Krim. Det finst skilnader på filtarve og sølvarve, men så er det truleg krysningar som lager rot i det heile. Men det speler ikkje så stor rolle for dei fleste. Kvite nellikblomar med sølvfarga, filtaktige blad, som spreier seg i hagen, er vel oftast filtarve eller sølvarve.  

Plantene spreier seg med rotutløparar, omtrent som kveka gjer, og i tillegg med frø. Å bli kvitt desse plantene ved luking er dermed omtrent som å luke kveke. Alt går jo an, men arbeid blir det.

Det har blitt funnen reklame for plantane i hagesenter sjølv etter at sal vart forbode, så her er det bruk for medvitne forbrukarar. Har du kjøpt sølvarve i plantebutikken etter 1.1.2016, bør du krevje at planteseljaren kjem i hagen din og graver opp planta med rotnett og frø, og så planter noko anna i staden.

Namnet Cerastium kjem frå gresk keras som tyder horn, og er først bruka om arve av John Ray, engelsk prest og botanikar om vi tar kortversjonen, sidan 1660. Biebersteinii er eit namn vi har etter F. A. Marschall von Bieberstein, ein tysk-russisk botanikar som levde mellom 1768 og 1826. Tomentosum fortel at noko på planta er filthåra.

Filtarve/sølvarve finst i omtrent heile landet.

Risikovurdering
Filtarve har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden på framandartslista.

SE           Svært høg risiko
HI           Høg risiko
PH          Potensiell høg risiko
LO          Låg risiko
NK          Ingen kjent risiko