Du er her:

pallekarmer, dyrking, grønnsaker, solsikker

Foto: Illustrasjon Helene Moe Slinning

Dyrk din eigen mat

Den aller mest miljøvennlege maten er den du dyrkar sjølv, utan bruk av kunstgjødsel eller sprøytemedel. Dyrkar du sjølv kan du få kortreist, økologisk mat med ein minimal belastning på naturen. I tillegg smakar mat du har dyrka sjølv nesten alltid betre enn den du kjøper på butikken, og det er sannsynleg at matsvinnet vil gå ned.

 Visste du at?

 På verdsbasis er industrielt jordbruk den viktigaste årsaka til tap av natur og artar. Transport og bruk av kunstgjødsel fører også til store klimagassutslepp.

Dyrk byen 

Det er ikkje alt du treng god plass for å dyrke. Mange matplanter kan plantast i blomsterpotter på balkongen eller i vindaugs karmen. Kanskje kan burettslaget sette opp eit par dyrkekassar på fellesarealet? Slike grøne lunger i byen er til stor glede og nytte for både menneske og dyr. Fleire plassar i landet kan du søke kommunen om støtte til slike prosjekt.

Enkel mat å dyrke sjølv 

Du treng ikkje å vere ein ekspert med grøne fingrar for å dyrke din eigen mat. Begynn i det små, prøv deg fram og vel noko du likar. Her har vi tips til nokon enkle artar å starte med.

Salat av ulike typar kan såast i potter eller små dyrkekassar på balkongen. Tynn gjerne i rekkene ved å plukke nokon som babyleaf salat, og la resten stå til dei blir større.

Poteter er magiske. Graver du ned ei potet rundt 17. mai, er sjansen stor for at du kan grave opp ti gongar så mange i haustferien. Det einaste du treng å gjere i mellomtida er å fylle på litt ekstra jord eller kompost når plantane byrjar å bli store, og nyte dei vakre blomane.

Tomatar treng kvar si store potte med jord, tilførsel av næring, ein lun plass i solveggen, og vatn nesten kvar dag om sommaren. Klarar du å gje dei det, kan du glede deg over solmodne tomatar langt utover hausten.

Reddikar brukar kort tid frå du sår og til du kan hauste dei små, sprø og knasande gode delikatessene. Sår du nye frø kvar 14. dag kan du ha reddikar gjennom heile sommaren.

Urter som t.d. timian, persille, basilikum og oregano kan  du så sjølv i vindaugskarmen eller ute i bedet om sommaren. I tillegg til å krydre maten din er mange urter også humlefavorittar.

Sukkererter passar godt i ein avlang blomsterkasse på balkonggulvet. Med litt hjelp i form av hyssing eller anna  dei kan feste slyngtrådane sine rundt, kan du i løpet av  sommaren få eit grønt og frodig rekkverk på balkongen.