Du er her:

kompost, illustrasjon

Foto: Illustrasjon: Helene Moe Slinning

Kjøp torvfri jord

Visste du at mykje av plantejorda du finn på hagesentera slettes ikkje er jord, men opp til 100% torv? Torv er enkelt fortalt øydelagt myr. For å ta ut torv blir myrer drenert og torva gravd ut. Leveområdet til ei lang rekke dyr og plantar blir øydelagt og enorme mengder CO2 blir slept ut i atmosfæren.

Uttak av torv til bruk som hagejord er ein av fleire truslar mot myrene – ein trussel som burde vere heilt unødvendig. Torv inneheld nemleg ingen næringsstoff som plantane dine treng. Faktisk blir den brukt i gartneria nettopp fordi den knapt inneheld næring, og det er derfor lettare å regulere næringsinnhaldet ved å tilsette kunstgjødsel. I hagen vil du få minst like frodige plantar ved å bruke kompostjord og anna torvfri jord. Heldigvis blir utvalet av torvfri hagejord stadig betre, både på hagesenter og hos lokale avfallsanlegg. 

Dette kan du gjere

  • Sjekk kompostportalen.no for å finne ut om ditt lokale  avfallsanlegg sel kompostjord
  • Spør etter torvfri jord neste gang du er på hagesenteret
  • Lag di eiga kompostjord

ImageVisste du at?

Myrflangre er ein vakker, liten orkide. Den kan bli 40 cm høg, med 10-15 kvite blomar med rosa, raudbrune og gule felt. Dessverre er den no sterkt trua av utrydding på grunn av grøfting, drenering og oppdyrking av myrene den lever på. Og den er ikkje den einaste trua arten som er avhengig av eit stadig mindre myrareal. 174 trua artar lever i våtmark i Noreg, mange av dei på myr.