Du er her:

flaggermus illustrasjon

Illustrasjon: Helene Moe Slinning.

Lag ein flaggermuskasse

Flaggermus er nyttige og fascinerande dyr å ha i hagen. Ei enkelt flaggermus fangar fleire tusen insekt per døgn. Dessverre er fleire av flaggermusene våre trua fordi vi har øydelagt leveområda deira. Du kan hjelpe på bolignøden til flaggermusene ved å snekre og henge opp ein flaggermuskasse. Det er ikkje vanskelegare enn å snekre ein fuglekasse, og det er store sjansar for besøk.

Slik bygger du flaggermuskasse 

Image

 

 

Ein flaggermuskasse kan likne på ein flatklemt fuglekasse utan hol. Opninga er i staden under kassen. Flaggermusene likar å ha det trongt, og ein opning på 2 cm passar dei fleste. Du snekrar kassen saman av to plankar med to lister mellom for å danne opninga på 2 cm. Bakveggen stikker litt lenger ned enn for veggen, og har riller for at flaggermusene skal kunne klatre inn.

 

Dette treng du  

  • Ein ubehandla planke som er ca 20-30 cm brei og 120 cm lang 
  • Ei smal list som er 2 cm tjukk og 1 meter lang.  
  • Måleband/tommestokk og sag 
  • Hammar og spiker, eventuelt drill og skruar 

ImageSlik gjer du

  1. Mål og sag opp planken og lista etter måla på figuren. 
  2. Lag riller langs heile den lengste plankebiten som skal danne bakvegg, t.d. med ei sag, ein kniv eller ein fres. 
  3. Spikre eller skru saman dei to plankane med lister mellom, sånn at det blir eit to cm smalt mellomrom mellom plankane. 
  4. Fest den kortaste plankebiten oppå som tak. 
  5. Beis kassen svart på utsida for at den skal bli varmast mogleg. Ikkje beis innvendig! 
  6. Heng kassen høgt oppe på husveggen eller ein trestamme der den får masse sol. 

 

Visste du at?

Flaggermusa Bredøre, Barbastella barbastellus, vart sist sett i ein tunnel i Larvik i 2014. Den er kanskje den skjeldnaste av våre 12 flaggermusartar. Den skil seg frå dei andre artane på dei breie øyrene. Den har eit vingespenn på 28 cm, men veg ikkje meir enn 14 gram! Den har ein veldig smal diett og lever hovudsakleg av små nattaktive sommarfuglar. I Noreg er Bredøre kritisk trua, og den er sjeldan også i resten av Europa.

 

Naturvernforbundet jobber for naturen og dyrene over hele landet.

Bli medlem i dag