Du er her:

Raudhyll. Foto: Opiola Jerzy

Raudhyll har mange små «bær» i ein kvast. Steinen i bæret til raudhyll er giftig. Foto: Opiola Jerzy.

Raudhyll – pensjonist, men framleis aktiv

Dei som har levd ei stund kjenner godt til raudhyll Sambucus racemosa frå den tida busken var i bruk i mange hagar. Men det er ei stund sidan, for busken har i mange år vore utsett for mjøldogg, og andre buskar har tatt over. Den gamle raudhyllen blei ofte køyrt bort i skogkanten og kasta. Både dei buskane som står igjen i hagar og dei som har overlevd i komposthaugen i skogkanten får frukter som folk flest vil kalle bær. Slike bær er lokkemat for fuglar som et bær til dei er mette, og så flyg dei bort i skogen. Der blir fuglane verande til bæra har fullført reisa si gjennom fuglemagen og hamnar som fugleskit i buskane. Frøet klarer seg godt, og spirer fint nettopp fordi dei har vore gjennom fuglemagen. Dei blir til nye buskar med meir bær.

Berre i ein kommune som Tingvoll er det registrert 98 førekomstar av raudhyll det siste tiåret, men det er nok mykje meir. Busken er mykje forvilla, i alle fall opp til 600 moh., men berre delvis kartlagd. For den som vil sjå kvar ein art er registrert, gå inn på http://artskart.artsdatabanken.no Husk at nokon må ha vore ute på registrering for at det skal kome noko på Artskart.

Raudhyll har ein nær slektning, svarthyll, som er litt i bruk i hagar. Raudhyllen blomstrar om våren, svarthyllen kring jonsok. Svarthyllen har blomar i flat og stor skjerm, raudhyllen ser heilt annleis ut, forma kallast kvast og er mindre. Bryt ein av ein kvist, har raudhyll ein marg som er brunleg, svarthyll har marg som er nesten kvit. Raudhyll får raude bær tidleg på hausten, svarthyll får svarte bær seint på hausten, og dei blir ofte ikkje modne. Svarthyll har gått frå låg risiko (LO) til høg risiko (HI) på framandartslista for 2018. Båe buskane har finna blad som sit parvis på kvisten.  

Raudhyll veks naturleg nord til Nord-Tyskland og Polen, og kom til Noreg på 1700-talet. Første spreiinga av arten er kjent frå kring 1870. Men det er først for 50-60 år sidan at det blei fart i spreiinga. Raudhyll kan slå seg til nærast kvar som helst. Store førekomstar av raudhyll kan ein t.d. finne på hogstflater.

Enkeltbuskar er greie å bli kvitt. Rota på små buskar er ganske grei å hakke opp, og kjem sjeldan igjen. Større buskar er verre, men ein får skjære ned så dei ikkje får laga til bær, i det minste, til ein kan få gjort noko med rota. Det er i alle fall viktig at det ikkje kjem bær på busken, så får ikkje fuglane spreidd frøa heilt ukontrollert.

Det latinske slektsnamnet Sambucus blei brukt i oldtida. Racemosa tyder at busken ber klasar, altså at det har med blomeforma å gjere.

Risikovurdering
Raudhyll har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden på svartelista.

SE           Svært høg risiko
HI           Høg risiko
PH          Potensiell høg risiko
LO          Låg risiko

NK          Ingen kjent risiko