Du er her:

Avlyst: Skogseminar på Varaldsøy

Fra 29.06.2017 til 02.07.2017 kl. 23:59

Sted: Hestviken på Varaldsøy

Skogseminaret på Varaldsøy er dessverre avlyst grunna for få påmeldte. Neste år vil seminaret verta lagt tidlegare på våren/sommaren slik at det passar for fleire. Takk til alle som har vist interesse!

Velkommen til ei helg full av naturopplevingar kombinert med ny kunnskap på vakre Varaldsøy.

Velkommen til ei helg full av naturopplevingar kombinert med ny kunnskap på vakre Varaldsøy.


Velkommen til ei lærerik helg full av naturopplevingar! Varaldsøy er eit botanisk paradis med eit rikt mangfald av naturtypar og ulike planteartar. Her finst mellom anna frodig edellauvskog, boreal regnskog, den største Barlinda i Nord-Europa, og ei rekke interessante og sjeldne artar av mose, lav og karplantar.

Trykk her for påmelding.

Det vert turar til skogs, til fjells og langs sjøen. Turane er av ulik lengde, og passar for både vaksne og barn. Biologisk mangfald vil vera eit gjennomgåande tema for kurset, som vil bli vist i praksis gjennom observasjonar av spennande vekster i ulike naturtypar rundt omkring på øya. Det vert føredrag av biologar og mykologar, mellom andre Geir Gaarder som har brei kunnskap om lav og sopp, Geir Flatabø som lærer frå seg om naturens spiskammer og medisinplantar, og Oddvar Skre som er Naturvernforbundet Hordaland sin eigen skogekspert. Han vil mellom anna snakka om "Naturens goder" og frivillig skogvern. 

Prisar:
Kurs med overnatting og mat:

500 kr

300 kr for studentar


Bilete frå engasjerte deltakarar på tidlegare seminar.


Seminaret har base her i vakre Hestviken.


Påmelding innan 25. juni:

Anne-Britt Andersen

Tlf: 90202809

E-post: annebritt_andersen@hotmail.com

Dei som berre vil delta på enkeltturar og/eller føredrag er også hjartleg velkomne!
Torsdag er meint som innkvartering for dei som vil delta frå oppstart av kurs. Første tur vert på fredag rundt kl. 12.00.

 

Vil du vite meir om naturvern i Hordaland?

  • Lik Naturvernforbundet Hordaland på Facebook for oppdateringar om arrangement og aktivitetar!
  • Er du interessert i arbeidet til Naturvernforbundet i Kvinnerad? Lik Facebook-sida deira her.
  • Er du oppteken av bevaring av natur, sjeldne artar og biologisk mangfald, og har lyst å engasjera deg i saker som handlar om dette? Då er kanskje Naturmangfaldsgruppa vår midt i blinken for deg! Du kan lesa meir om denne og andre ressursgrupper i Naturvernforbundet Hordaland her.
  • Spørsmål? Ta kontakt på hordaland@naturvernforbundet.no.
Gjer som omlag 60 andre - bli frivillig i Naturvernforbundet Hordaland du òg! Les meir og meld deg på her