Kva er dei viktigaste sakene i 2022?
Bli med å set kursen på årsmøte 12. mars!
Me ynskjer alle medlemmane våre hjarteleg velkomne til Bryggens Museum 12. mars kl. 14.
Kva er dei viktigaste naturvern, klima- og miljøsakene i 2022? Som medlem av Naturvernforbundet kan du vera med å avgjera kva fylkeslaget skal jobba med. Kom på årsmøtet og bli med å legga planar for året saman med andre engasjerte naturvernarar. Me kan lova gode debattar, godt humør og god stemning. Vel møtt!
Dagsorden:
1. Godkjenning av innkalling og dagsorden
2. Val av ordstyrar, referent og to til å skriva under referatet
3. Villfyllingar og miljøkriminalitet - føredrag og debatt
4. Innkomne saker frå lokallag og medlemmar (frist for innsending er 26. februar)
5. Årsmelding 2021
6. Rekneskap 2021
7. Arbeidsprogram for 2022
8. Budsjett for 2022
9. Uttalar og saker til landsmøtet
10. Val
Etter årsmøtet vert det middag. Nærmare informasjon og påmelding om dette kjem.
Ta kontakt med oss på hordaland@naturvernforbundet.no / 55300660 om du har spørsmål.
Artikkelen ble sist oppdatert: 19.02.2022