Du er her:

  • Hordaland
  • Naturlig onsdag: Kva betyr FNs naturpanel sin rapport for Noreg?

Naturlig onsdag: Kva betyr FNs naturpanel sin rapport for Noreg?

Tid: 05.06.2019 kl. 19:00-21:00

Sted: Krohnhagen Kafé og Veksthus, Kong Oscars gate 54, Bergen

Naturen er i krise: 1 million artar står i fare for å døy ut på grunn av menneskeleg aktivitet. Aldri før har me øydelagt naturen i eit høgare tempo, og arealbruken vår er den klart viktigaste årsaka.

Dette kom fram i den omfattande rapporten som FNs naturpanel la fram måndag 6. mai. Naturpanelet fungerer på same måte som FNs klimapanel, og meir enn 500 ekspertar frå 50 land har jobba saman i 3 år for å laga rapporten, som er den grundigaste av sitt slag.

Også i Noreg står arealendringar øvst på lista over trugsmål mot artsmangfaldet, og utgjer heile 87% av grunnen til at artar døyr ut i landet vårt. Kvar 5. art i Noreg står på raudlista over artar som står i fare for å døy ut.

Ein av forskarane som har vore med å skriva rapporten har uttala at me ikkje berre må endra vår direkte påverknad som bruk av areal, spreiing av framande artar og bruk av areal, men me må endra heile synet vårt på naturen. Både ressursbruken og måten me produserer mat på må endrast drastisk.

Kva kan me gjera i Noreg for å snu utviklinga? Velkommen til føredrag og debatt om dette temaet på Naturlig onsdag på Verdas miljødag! Med oss for å fortelja om hovudfunna i rapporten har me Siri Vatsø Haugum, tidlegare leiar i Naturvernforbundet Hordaland og no doktogradsstipendiat ved institutt for biovitenskap på Universitetet i Bergen.

Programmet vert oppdatert fortløpande.

Nyheter

Plast_invitasjon_tidslinje
Plastjakten Hordaland

Plastutstilling på Herdla museum

21.05.2019

Plast er et allsidig materiale som har ført til utviklingen av mange nyttige produkter som vi bruker hver dag. Dessverre er det slik at en del av plasten vi bruker havner på avveie og ut i naturen; "men hvorfor er det dette et problem" spør vi oss i vår nye spennende, fargerike og inspirerende plastutstilling.

Alt kan repareres
TA VARE PÅ DET DU HAR

Bli med på fiksefest på Marineholmen 24. mai

Er du klar over hvor gøy og givende det er å reparere tingene du eier fremfor å kaste og kjøpe nye ting? Opplev reparasjonsmagien sammen med oss og bli med på fiksefest på Marineholmen makerspace.

Honey bee(1)
Velkommen til Naturlig onsdag på Verdas Miljødag 5. juni kl. 19-21:

Kva betyr FNs naturpanel sin rapport for Noreg?

10.05.2019

Naturen er i krise: 1 million artar står i fare for å døy ut på grunn av menneskeleg aktivitet. Aldri før har me øydelagt naturen i eit høgare tempo, og arealbruken vår er den klart viktigaste årsaka.

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler