Du er her:

  • Hordaland
  • Naturlig onsdag: Kva betyr FNs naturpanel sin rapport for Noreg og Bergen?

Naturlig onsdag: Kva betyr FNs naturpanel sin rapport for Noreg og Bergen?

Tid: 05.06.2019 kl. 19:00-21:00

Sted: Krohnhagen Kafé og Veksthus, Kong Oscars gate 54, Bergen

Me lanserer visjonen "Gode, grønne Bergen - en by for bier og bergensere".

I starten av mai la FNs naturpanel fram ein skremmande rapport: naturen er i krise. På grunn av areal- og ressursbruken vår, står 1 million artar i fare for å døy ut. Aldri før har me øydelagt naturen rundt oss i eit høgare tempo. Det er på høg tid med ein ny kurs, og Noreg er ikkje noko unntak.

På Naturlig onsdag 5. juni får me læra meir om hovudfunna i FNs naturpanel sin rapport, deretter presenterer Naturvernforbundet sin splitter nye visjon for naturbyen Bergen - med banebrytande forslag til korleis Bergen kommune kan stoppa tapet av natur og artsmangfald. Så får me besøk av to Bergens-politikarar som skal vera med i ein panelsamtale om korleis Bergen kan bli ein ekte naturby for både bier og bergensarar.

Program:

Kl. 19.00-19.05: Velkommen og introduksjon

Kl. 19.05-19.35: Presentasjon av hovudfunna i FNs naturpanel sin rapport ved stipendiat Siri Vatsø Haugum

Kl. 19.35-19.55: Lansering av visjon for "Gode, grønne Bergen - en by for bier og bergensere" ved Gabriel Fliflet, leiar i Naturvernforbundet Hordaland

Kl. 19.55-20.05: Pause

Kl. 20.05-21.00 Spørsmål frå salen og panelsamtale med med Bergenspolitikarane Reidar Staalesen (Ap) og Tobias Strandskog (H), Gabriel Fliflet og Siri V. Haugum

Me gler oss til ein lærerik og løysingsorientert kveld.

Velkommen!

Nyheter

Student Elise Kobro Drangevåg

Ny studentpraktikant

14.03.2018

Dette semesteret er Elise Kobro Drangevåg praktikant på kontoret til Naturvernforbundet Hordaland.

Copyright Terje Lægreid all rights reserved 2
Naturvernforbundet seier ja til flaumsikring utan kraftverk i Odda

Bevar Opo!

20.02.2018

Alle er einige om at flaumsikring er naudsynt - men ikkje at flaumsikring skal betalast med kraftutbygging i våre siste, urørte verna vassdrag.

Viser fra 33 til 36 av totalt 500 artikler