I starten av mai la FNs naturpanel fram ein skremmande rapport: naturen er i krise. På grunn av areal- og ressursbruken vår, står 1 million artar i fare for å døy ut. Aldri før har me øydelagt naturen rundt oss i eit høgare tempo. Det er på høg tid med ein ny kurs, og Noreg er ikkje noko unntak.
På Naturlig onsdag 5. juni får me læra meir om hovudfunna i FNs naturpanel sin rapport, deretter presenterer Naturvernforbundet sin splitter nye visjon for naturbyen Bergen - med banebrytande forslag til korleis Bergen kommune kan stoppa tapet av natur og artsmangfald. Så får me besøk av to Bergens-politikarar som skal vera med i ein panelsamtale om korleis Bergen kan bli ein ekte naturby for både bier og bergensarar.
Program:
Kl. 19.00-19.05: Velkommen og introduksjon
Kl. 19.05-19.35: Presentasjon av hovudfunna i FNs naturpanel sin rapport ved stipendiat Siri Vatsø Haugum
Kl. 19.35-19.55: Lansering av visjon for "Gode, grønne Bergen - en by for bier og bergensere" ved Gabriel Fliflet, leiar i Naturvernforbundet Hordaland
Kl. 19.55-20.05: Pause
Kl. 20.05-21.00 Spørsmål frå salen og panelsamtale med med Bergenspolitikarane Reidar Staalesen (Ap) og Tobias Strandskog (H), Gabriel Fliflet og Siri V. Haugum
Me gler oss til ein lærerik og løysingsorientert kveld.
Velkommen!