Du er her:

  • Hordaland
  • Naturlig onsdag: Må matjorda ofrast for byutviklinga?

Naturlig onsdag: Må matjorda ofrast for byutviklinga?

Tid: 07.02.2018

Sted: Bergen Off. Bibliotek

Det tek 1000 år å danna eit godt lag med matjord. I Noreg er berre 3% av landarealet dyrka mark, og knapt ein tredjedel av denne er god nok til dyrking av matkorn. Likevel forsvinn matjorda bit for bit: Årleg vedtek politikarane å bygga ned fleire tusen mål matjord.

Naturlig onsdag, Matjord



I haust bidrog Bergen bystyre til denne statistikken då dei vedtok at store mengder matjord i Ytrebygda utanfor Bergen skal byggast ned, slik at arealkrevjande industri kan flyttast ut av byen. Dette er ifølgje bystyret naudsynt for å kunna fortetta byen, som eit ledd i å skapa den kompakte gå- og sykkelbyen Bergen.

Er det slik at me må ofra litt matjord for å hindra ukontrollert byspreiing? Kor viktig er eigentleg den norske matjorda, når me uansett har så lite, og allereie er så avhengige av å importera mat? Kva med matjorda si rolle som karbonlager?

Naturvernforbundet Hordaland inviterer til innlegg og debatt om problemstillingane som melder seg når matjorda kjem opp som offer på byutviklinga sitt alter.

PROGRAM:
19.00: Velkommen og introduksjon
19.10: Verdien av matjorda, ved Kjetil Mehl, leiar i Hordaland Bondelag
19.30: Matjorda som karbonlager
19:50: Pause
20.05: Når matjorda kjem i konflikt med byutviklinga, ved byråd Anna Elisa Tryti
20.25: Debatt med innleiarane og koordinator for Forum for Natur og Friluftsliv Hordaland, Ørjan Sælensminde

FØLG DIREKTESENDING: bit.ly/NaturligOnsdagBergen
FACEBOOK: 
facebook.com/events/1799188940093259/

Vel møtt!


-------------------------------------------------------------------------------

OM NATURLIG ONSDAG
Naturlig onsdag er ein sosial og fagleg møteplass som Naturvernforbundet Hordaland arrangerer første onsdag i kvar månad i Amalies Hage på Bergen Offentlige Bibliotek.

Programmet startar kl 19.00 med ei fagleg innleiing. Deretter er det lagt opp til fri diskusjon og mingling utover kvelden. Temaet for innleiingane varierer frå gong til gong, og dekkar eit vidt spekter av tema. På Naturlig onsdag vil du læra om klima, natur og berekraft, samtidig som du får moglegheita til å møta og bli kjent med nye folk. Du treng ikkje ta med deg nokon. Alle blir tatt imot med opne armar!

VIL DU VITE MEIR?
- Bli medlem og støtt arbeidet vårt for berekraftig utvikling, naturvern og klima: http://naturvernforbundet.no/medlem/
- Engasjer deg! Bli med i ei av frivilliggruppene våre: https://naturvernforbundet.no/hordaland/engasjer-deg/category3993.html
- Bli invitert til arrangement: http://bit.ly/det_skjer-1914
- Få nyheitsbrev: http://bit.ly/nyhetsbrev-1914
- Spørsmål? hordaland@naturvernforbundet.no / 55300660
- Lik Naturvernforbundet Hordaland for å halda deg oppdatert.

Nyheter

Hva gjør naturen for oss

Naturens goder

06.12.2017

Naturen gjev oss både regulerande, forsynande og kulturelle tenester. Det var tema for Naturleg onsdag i mai i år, som denne teksten gjev oss eit tilbakeblikk på.

Skjøtsel, Ånuglo

På dugnad i (eit tapt) paradis

06.12.2017

Ein dugnadsgjeng gjekk i september laus med både motorsag og brakesaks, og det midt i eit naturreservat. Men i denne historia er det trea som er pøblane.

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler