Du er her:

  • Hordaland
  • Plastjakt på Osterøy - bli med på ryddeaksjon!

Plastjakt på Osterøy - bli med på ryddeaksjon!

Fra 20.10.2018 kl. 11:00 til 21.10.2018 kl. 15:00

Sted: Osterøy

Foto: Naturvernforbundet Hordaland

Foto: Naturvernforbundet Hordaland.

Vil du
- Bidra til å fjerna plast frå naturen, og til å finna ut kor den kjem frå?
- Oppleva Osterøy og møta likesinna?
- Bruka den nyleg lanserte plastjakten.no til å kartlegga plasten me finn, og hjelpa oss til å gjera sida endå betre?

Bli med på plastjakt på Osterøy!
Me gjennomfører plastryddeaksjonar på ulike stader på øya laurdag og sundag. Det går an å vera med på éin av dagane, eller begge. 

Mat og overnatting på Fjordslottet Hotell vert dekka for inntil 30 personar. Meld deg på ved å bruke dette skjemaet: https://goo.gl/forms/5Zb4Wcx5pWLVVlAd2

Arrangementet på Facebook: https://www.facebook.com/events/264418684215178 

PROGRAM:
Laurdag 20.10:
Kl. 11.00: Oppmøtestad Lonevåg for gjennomgang av opplegg og tryggleik. (For dei som vil reisa kollektivt saman frå Bergen:
- Tog frå Bergen Jernbanestasjon kl. 09:59 til Arna stasjon 10:08.
- Buss vidare frå Arna terminal A kl. 10:18 (nr. 200).
- Ankomst Lonevåg terminal kl. 10:57. Dei som skal overnatta kan oppbevara bagasjen i varebilen me låner frå Bildeleringen.
Kl. 11.30-16.30: Plastryddeaksjon. 
Kl. 18.00: Middag på Fjordslottet Hotell.
Kl. 20.00: Inspirasjonskveld Fjordslottet Hotell.

Søndag 21.10:.
- Frukost kl. 9-10. 
- Plastrydding på Osterøy: Kl. 10:30-15.
For dei som vil reisa kollektivt til Bergen, går buss nr 210 frå Lonevåg terminal kl 15:25. Den går via Valestrand ferjekai over til Breistein. Derifrå går buss 300 til Bergen busstasjon. Ankomst 16:43. 

HUGS Å TA MED:
- Gode, varme og vanntette klede til heile kroppen. Stikkord: Ull og fleire lag.
- Gode sko med godt grep, helst vanntette.
- Niste til laurdag.

Plasten me finn vert levert til eit lokale der Mepex Consult vil analysera den og finna ut kva type plast det er, slik at me seinare kan finna ut kor den kjem frå - og korleis me kan førebygga vidare plastforsøpling. 

Spørsmål? Ta kontakt på e-post hordaland@naturvernforbundet.no eller ring 55300660
-----------------------------------------------------------
REISEKOSTNADER
Me dekkar reisekostnadar (kollektivt og bil) og har med skjema du kan bruka. Hugs å ta vare på alle kvitteringane dine! 
------------------------------------------------------------

VIL DU VITE MEIR?
- Les meir og bli med som frivillig: bit.ly/aktiv-1914
- Bli invitert til arrangement: bit.ly/detskjer-1914
- Få vårt nyheitsbrev: bit.ly/nyhetsbrev-1914
- Utforsk plastjakten.no

PLASTJAKTEN HORDALAND
er støtta av MiljødirektoratetPlastreturs MiljøprosjektHordaland fylkeskommune og Bergen kommune. Tusen takk for at de gjer dette prosjektet mogleg.

Nyheter

Cruise Bergen
Innspill til sak

Begrensing av cruisetrafikken

06.09.2018

Vi krever ytterligere begrensinger på cruisetrafikken. Verdensarvbyen Bergen må stille likt med verdensarvfjordene - kun utslippsfrie cruisebåter fra 2026!

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler