Du er her:

Strandryddedagen 2019

Tid: 04.05.2019 kl. 10:00-15:00

Sted: Skogsøy i Øygarden

Kvart år deltek tusenvis av frivillige på Strandryddedagen, som er Noregs største kollektive ryddedugnad. Saman ryddar me Noreg!

Laurdag 4. mai er det strandryddedag i heile Norden, og me håpar mange vil bli med å rydda i Øygarden! Årets ryddeaksjon finn stad på Skogsøy. Me startar med ein god spasertur på sti i nydeleg kystlandskap frå Herdlevær, utover Skogsøya. Det tek ca. 40-50 min for ein vaksen person å koma seg til vikene me skal rydda. Det er stort sett flatt og fint terreng som også er eigna for barn. Når me har rydda det fint og reint på øya, vert det grilling og kos!

Me tilbyr avgrensa overnattingsplassar med middag på Kvernepollen Rorbuer for dei som vil vera med å rydda både laurdag og søndag. Bindande påmelding!

Meld deg på her:

Finn arrangmentet på Facebook
Les om den årlege ryddedugnaden.  


Spørsmål? Kontakt oss på mail

Arrangørar: Bergen og Omland Friluftsråd (BOF), DNT Ung Bergen og Naturvernforbundet Hordaland.

----

VIL DU VITE MEIR?
- Les meir og bli med som frivillig: bit.ly/aktiv-1914
- Bli invitert til arrangement: bit.ly/detskjer-1914
- Få vårt nyheitsbrev: bit.ly/nyhetsbrev-1914
- Utforsk plastjakten.no

PLASTJAKTEN HORDALAND
er støtta av Bergen kommune, Handelens Miljøfond, Grieg Foundation og Fana Sparebank. Tusen takk for at de gjer dette prosjektet mogleg.

Nyheter

_MG_1452

Fikseglede

09.05.2018

Første fiksefest i Bergen på 2. mai var en virkelig fest for mange som fikk deres greier fikset og samtidig lærte å reparere ting selv.

Student Elise Kobro Drangevåg

Ny studentpraktikant

14.03.2018

Dette semesteret er Elise Kobro Drangevåg praktikant på kontoret til Naturvernforbundet Hordaland.

Viser fra 33 til 36 av totalt 500 artikler