Du er her:

  • Hordaland
  • Vern om Hardangerfjorden, dropp Sunnfast
Huglo. Foto av Jan Rabben / Grind

Huglo. Foto av Jan Rabben / Grind.

Samrøystes uttale frå årsmøtet 12. mars:

Vern om Hardangerfjorden, dropp Sunnfast

Sunnfast vil føra til ei rasering av urørt natur, strandsone og myr.

Sunnfast er eit vegprosjekt som skal knyta Kvinnherad saman med E39 og Hordfast, og som omfattar ca. 4 km ny veg gjennom skogsområde på Sunde, ny flytebru over Hardangerfjorden mellom Bjellandsneset og Huglo, nye vegar på Huglo og Skorpo og bruer over Laukhammarsund og Skjelleviksund.

Sunnfast vil føra til ei rasering av urørt natur, vegen vil gå gjennom strandsone og myr, som nasjonale styresmakter har gitt eit særleg vern. Vegen er tenkt tett opptil gravrøysene på Bjellandsneset, og kolliderer med mange turstiar i eit populært og mykje nytta utfartsområde.

Flytebrua vil koma tett opptil landskapsvernområdet Brandvikneset på Huglo. Der flytebrua er tenkt er det registrert sjeldne korallrev, og alle faginstansar rår til at dette området får status som marint verneområde.

Det vil ikkje vera mogleg for store båtar å passera flytebrua, slik ho er tenkt i dag. For å skapa ny skipslei for desse båtane gjennom Laukhammarsund må det gjennomførast omfattande sprengingsarbeid, m.a. er det på tale å sprenga vekk fleire mindre øyar. Slike inngrep vil påføra flora og fauna i området uboteleg skade. I Laukhammarsund er det observert hekkande havørn og vandrefalk, og tett opp til traseen ligg dei freda øyane Storsøy (sjeldan vegetasjon) og Kråko (fuglereservat), i tillegg til sjeldne korallar på botnen av fjorden.

Naturvernforbundet ser gjerne at folket på Huglo får bru, men brua må leggjast slik at det ikkje blir så store og skadelege naturinngrep.

"Avbøtande tiltak", mot naturøydeleggingane ved Sunnfast, blir berre ord, og som å be elefanten i glasbutikken knuse forsiktig. Det er trist og alvorleg at lokalpolitikarar med opne auge går inn for noko så naturøydeleggjande som Sunnfast, og vanskeleg å forstå oppi alt prat om grønt skifte og berekraft, og heilt i motstrid til nasjonale retningslinjer og FN sine berekraftsmål.        

Naturvernforbundet Hordaland vil på det sterkaste rå ifrå at Sunnfast blir realisert.

 

Årsmøtet i Naturvernforbundet Hordaland

Bergen, 12. mars 2022

Uttalen er sendt til:

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård

Vestland fylkeskommune ved fylkesordførar Jon Askeland og leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet, Jannicke Bergesen Clarke

Ordførar i Kvinnherad kommune, Hilde Enstad

Ordførar i Stord kommune, Gaute Straume Epland

Ordførar i Tysnes kommune, Kåre Martin Kleppe

Lokalavisene på Stord, Tysnes og Kvinnherad

Sunnfast AS, ved Peder Sjo Slettebø

Artikkelen ble sist oppdatert: 14.03.2022

Nyheter

Hordfast illustrasjon
Felles opprop mellom naturvernere og yrkessjåfører i vest:

Prioriter trygge og gode veier!

01.06.2022 | Sist oppdatert: 01.06.2022

Vi vestlendinger opplever stadig veier i svært dårlig stand. Vi vil ha sikre tofelts-veier, veiskuldre som ikke gir etter, lyse tunneler og trygghet mot ras.

20842970908_9bb1652f25_k
Om dilemmaer og veivalg

Medlemsmøte: Gode, grønne Bergen - hvordan når vi dit?

08.04.2022 | Sist oppdatert: 08.04.2022

Mandag 2. mai kl. 19:00 blir det medlemsmøte i Naturvernforbundet Hordaland på Det Grønne Loftet med tema Gode, Grønne Bergen – hvordan når vi dit. Møtet er for medlemmer, om du ikke er medlem kan du ordne medlemskap i døren.

Lygra(1)
Påmeldingsfrist 29. mars!

Bli med på naturvernhelg på Lygra 1.-3. april!

24.03.2022 | Sist oppdatert: 28.03.2022

Kjære tillitsvalde, frivillige og tilsette! Endeleg kan me reisa til Lygra att, og ta opp att vår årlege tradisjon med vårsamling mellom idylliske kystlyngheier. Det vert vandring i lyngheia, fagleg påfyll om klimarapport, god mat, god stemning, kjekke folk - og kanskje fulgesafari og bading, for dei som vil? Velkomne til Lygra!

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler