Du er her:

  • Hordaland
  • Vern om Hardangerfjorden, dropp Sunnfast
Huglo. Foto av Jan Rabben / Grind

Huglo. Foto av Jan Rabben / Grind.

Samrøystes uttale frå årsmøtet 12. mars:

Vern om Hardangerfjorden, dropp Sunnfast

Sunnfast vil føra til ei rasering av urørt natur, strandsone og myr.

Sunnfast er eit vegprosjekt som skal knyta Kvinnherad saman med E39 og Hordfast, og som omfattar ca. 4 km ny veg gjennom skogsområde på Sunde, ny flytebru over Hardangerfjorden mellom Bjellandsneset og Huglo, nye vegar på Huglo og Skorpo og bruer over Laukhammarsund og Skjelleviksund.

Sunnfast vil føra til ei rasering av urørt natur, vegen vil gå gjennom strandsone og myr, som nasjonale styresmakter har gitt eit særleg vern. Vegen er tenkt tett opptil gravrøysene på Bjellandsneset, og kolliderer med mange turstiar i eit populært og mykje nytta utfartsområde.

Flytebrua vil koma tett opptil landskapsvernområdet Brandvikneset på Huglo. Der flytebrua er tenkt er det registrert sjeldne korallrev, og alle faginstansar rår til at dette området får status som marint verneområde.

Det vil ikkje vera mogleg for store båtar å passera flytebrua, slik ho er tenkt i dag. For å skapa ny skipslei for desse båtane gjennom Laukhammarsund må det gjennomførast omfattande sprengingsarbeid, m.a. er det på tale å sprenga vekk fleire mindre øyar. Slike inngrep vil påføra flora og fauna i området uboteleg skade. I Laukhammarsund er det observert hekkande havørn og vandrefalk, og tett opp til traseen ligg dei freda øyane Storsøy (sjeldan vegetasjon) og Kråko (fuglereservat), i tillegg til sjeldne korallar på botnen av fjorden.

Naturvernforbundet ser gjerne at folket på Huglo får bru, men brua må leggjast slik at det ikkje blir så store og skadelege naturinngrep.

"Avbøtande tiltak", mot naturøydeleggingane ved Sunnfast, blir berre ord, og som å be elefanten i glasbutikken knuse forsiktig. Det er trist og alvorleg at lokalpolitikarar med opne auge går inn for noko så naturøydeleggjande som Sunnfast, og vanskeleg å forstå oppi alt prat om grønt skifte og berekraft, og heilt i motstrid til nasjonale retningslinjer og FN sine berekraftsmål.        

Naturvernforbundet Hordaland vil på det sterkaste rå ifrå at Sunnfast blir realisert.

 

Årsmøtet i Naturvernforbundet Hordaland

Bergen, 12. mars 2022

Uttalen er sendt til:

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård

Vestland fylkeskommune ved fylkesordførar Jon Askeland og leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet, Jannicke Bergesen Clarke

Ordførar i Kvinnherad kommune, Hilde Enstad

Ordførar i Stord kommune, Gaute Straume Epland

Ordførar i Tysnes kommune, Kåre Martin Kleppe

Lokalavisene på Stord, Tysnes og Kvinnherad

Sunnfast AS, ved Peder Sjo Slettebø

Artikkelen ble sist oppdatert: 14.03.2022

Nyheter

2021
Leder Gabriel Fliflet om vegvesenets nye rapport:

Nei, Hordfast er ikke bra for klimaet

11.03.2022 | Sist oppdatert: 11.03.2022

Statens vegvesen har laget en rapport der de påstår at det er bedre for klimaet å bygge motorveiprosjektet Hordfast enn å fortsette med dagens trase og bruke elektriske ferger. Der tar de grundig feil!

Viser fra 9 til 12 av totalt 500 artikler