Du er her:

  • Hordaland
  • Nyheter
  • Gabriel Fliflet attvalt som leiar i Naturvernforbundet Hordaland
Gabriel Fliflet

Gabriel Fliflet.

Gabriel Fliflet attvalt som leiar i Naturvernforbundet Hordaland

Eit samrøystes årsmøte valte at Gabriel Fliflet held fram som vår dyktige fylkesleiar. Med seg får han eit svært kvalifisert styre.

Naturvernforbundet Hordaland sitt årsmøte fann stad på Det Grøne Loft på Bryggen laurdag 16. mars. Ei årsmelding som vitnar om eit innhaldsrikt og vellykka fjorår vart presentert, eit spennande og ambisiøst arbeidsprogram vart diskutert og vedteke, Arnstein Vestre frå Greenpeace fortalte om ankerunden i klimasøksmålet mot staten, og Jarand Helle Bøuym frå Hordaland Natur og Ungdom heldt ein inspirerande tale om vegen vidare etter Klimaopprøret 14. mars.

Eit nytt fylkesstyre vart samrøystes vedteke, og Gabriel Fliflet held fram som leiar. Med seg i styret får han Knut Espelid som også vart attvalt, Tone Salomonsen, som har vore aktiv i Naturmangfaldsgruppa i ei årrekke, Tonje Sæther som leiar Naturvernstudentane på UiB, i tillegg til Tom Skauge, Ingvild Johnsen og Hallvard Birkeland som ikkje var på val. Årsmøtet valte også tre svært dyktige varamedlemmer: Oddvar Soldal, veteran i lokallaget i Kvam, Synnøve Spangelo i Hordnesskogens Venner som gjer ein imponerande innsats for å ta vare på Hordnesskogen, og Hedda Østgaard som er aktiv i Bergen sitt lokallag i Folkeaksjonen for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.

Me ser fram til eit spennande år!

Nyheter

Oddvar Skre ved Dalelva 30

Oddvar Skre valgt som æresmedlem

25.03.2014

Oddvar Skre ble på årsmøte enstemmig vedtatt som æresmedlem i Naturvernforbundet Hordaland for utrettelig innsats i naturvernsarbeid gjennom mange år.

Lygragjestegård

Bli med på Strategihelg

24.03.2014

Har du lyst til å bli kjent med andre naturvernere? Vil være med å legge en slagplan for naturvern? Vil du gå på tur i naturskjønne Lygra? Ikke nøl med å melde deg på årets strategihelg 4. -6 april!

Viser fra 21 til 24 av totalt 107 artikler