Du er her:

  • Hordaland
  • Gabriel Fliflet attvalt som leiar i Naturvernforbundet Hordaland
Gabriel Fliflet

Gabriel Fliflet.

Gabriel Fliflet attvalt som leiar i Naturvernforbundet Hordaland

Eit samrøystes årsmøte valte at Gabriel Fliflet held fram som vår dyktige fylkesleiar. Med seg får han eit svært kvalifisert styre.

Naturvernforbundet Hordaland sitt årsmøte fann stad på Det Grøne Loft på Bryggen laurdag 16. mars. Ei årsmelding som vitnar om eit innhaldsrikt og vellykka fjorår vart presentert, eit spennande og ambisiøst arbeidsprogram vart diskutert og vedteke, Arnstein Vestre frå Greenpeace fortalte om ankerunden i klimasøksmålet mot staten, og Jarand Helle Bøuym frå Hordaland Natur og Ungdom heldt ein inspirerande tale om vegen vidare etter Klimaopprøret 14. mars.

Eit nytt fylkesstyre vart samrøystes vedteke, og Gabriel Fliflet held fram som leiar. Med seg i styret får han Knut Espelid som også vart attvalt, Tone Salomonsen, som har vore aktiv i Naturmangfaldsgruppa i ei årrekke, Tonje Sæther som leiar Naturvernstudentane på UiB, i tillegg til Tom Skauge, Ingvild Johnsen og Hallvard Birkeland som ikkje var på val. Årsmøtet valte også tre svært dyktige varamedlemmer: Oddvar Soldal, veteran i lokallaget i Kvam, Synnøve Spangelo i Hordnesskogens Venner som gjer ein imponerande innsats for å ta vare på Hordnesskogen, og Hedda Østgaard som er aktiv i Bergen sitt lokallag i Folkeaksjonen for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.

Me ser fram til eit spennande år!

Nyheter

Trenering av kystsoneplanen for Bergen

Trenering av kystsoneplanen for Bergen

27.03.2006:

Bergen kommune sendte ut sin kystsoneplan på høring sommeren 2003. Etter den tid har man ikke hørt noe til planen som er sårt etterlengtet i en kommune preget av slepphendte dispensasjonsutdelinger i strandsonen.Les leserinnlegg i BT

Floskelpreget Fylkesplan

27.03.2006:

Visjonen for fylkesplanen er floskelpreget. Dette gjør at det er vanskelig å være uenig i denne. Hvem er vel mot verdiskaping, kompetanse, kultur og bærekraftig ressursforvaltning?

Ikkje bygg hus av regnskog

Ikkje bygg hus av regnskog

24.03.2006:

Det finst ikkje akseptabelt regnskogtømmer å oppdriva, meiner Regnskogfondet og Naturvernforbundet i Hordaland. Arkitektane burde ha plikt til å gje oppdragsgjevarane sine gode miljøråd. Dei burde bruka norske treslag når dei byggjer, og ikkje bidra til å øydeleggja det som er att av regnskogen, meiner Naturvernforbundet.

Varaordfører Helland delte ut miljøsertifikat

Varaordfører Helland delte ut miljøsertifikat

16.03.2006:

I dag fikk Naturvernforbundet Hordaland overlevert et sertifikat fra varaordfører Kristian Helland som bevis på at Det Grønne Loftet på Bryggen er godkjent som miljøfyrtårn. Naturvernforbundet utfordret samtidig Bergen kommune til å sette i gang arbeidet med å få sertifisert kommunens egne virksomheter som miljøfyrtårn.

Viser fra 69 til 72 av totalt 108 artikler