Du er her:

  • Hordaland
  • Gabriel Fliflet attvalt som leiar i Naturvernforbundet Hordaland
Gabriel Fliflet

Gabriel Fliflet.

Gabriel Fliflet attvalt som leiar i Naturvernforbundet Hordaland

På digitalt årsmøte 2. juni vart vår dyktige Gabriel Fliflet attvalt som fylkesleiar. Med seg får han eit engasjert og kvalifisert styre.

På grunn av korona-situasjonen vart årsmøtet i år gjennomført digitalt. Ei fyldig årsmelding som vitna om nok eit innhaldsrikt og gjevande naturvernår vart lagt fram, eit spennande og ambisiøst arbeidsprogram vart diskutert og vedteke og uttalen "Klimapolitikken må være effektiv og rettferdig" vart vedteken og sendt til media og Naturvernforbundet sitt landsstyre.

Eit nytt fylkesstyre vart samrøystes vedteke, og Gabriel Fliflet held fram som leiar. Med seg i styret får han Tom Skauge og Synnøve Spangelo, som begge vart attvalt, Grete Ingebrigtsen som er ny i styret, Oddvar Soldal som vart attvalt som 1. vara, Anne Gilde som er nyvalt 2. vara og Hallvard Birkeland som valte å stilla som 3. vara i staden for attval som styremedlem.

Knut Espelid, Tone Salomonsen, Bård Larsen og Tonje Sæther var ikkje på val.

Me ser fram til eit spennande og aktivt år vidare!

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 05.06.2020

Nyheter

Oddvar Skre ved Dalelva 30

Oddvar Skre valgt som æresmedlem

25.03.2014 | Sist oppdatert: 25.03.2014

Oddvar Skre ble på årsmøte enstemmig vedtatt som æresmedlem i Naturvernforbundet Hordaland for utrettelig innsats i naturvernsarbeid gjennom mange år.

Bergen

Introduksjonsmøte på Bryggen i Bergen

24.03.2014 | Sist oppdatert: 24.03.2014

Syntes du naturen er verd å ta vare på? På introduksjonsmøte lærer du hvordan du kan engasjere seg for et bedre miljø i Norges eldste naturvernsorganisasjon.

Lygragjestegård

Bli med på Strategihelg

24.03.2014 | Sist oppdatert: 27.03.2014

Har du lyst til å bli kjent med andre naturvernere? Vil være med å legge en slagplan for naturvern? Vil du gå på tur i naturskjønne Lygra? Ikke nøl med å melde deg på årets strategihelg 4. -6 april!

Viser fra 21 til 24 av totalt 108 artikler