Du er her:

  • Hordaland
  • Gabriel Fliflet attvalt som leiar i Naturvernforbundet Hordaland
Gabriel Fliflet

Gabriel Fliflet.

Gabriel Fliflet attvalt som leiar i Naturvernforbundet Hordaland

På digitalt årsmøte 2. juni vart vår dyktige Gabriel Fliflet attvalt som fylkesleiar. Med seg får han eit engasjert og kvalifisert styre.

På grunn av korona-situasjonen vart årsmøtet i år gjennomført digitalt. Ei fyldig årsmelding som vitna om nok eit innhaldsrikt og gjevande naturvernår vart lagt fram, eit spennande og ambisiøst arbeidsprogram vart diskutert og vedteke og uttalen "Klimapolitikken må være effektiv og rettferdig" vart vedteken og sendt til media og Naturvernforbundet sitt landsstyre.

Eit nytt fylkesstyre vart samrøystes vedteke, og Gabriel Fliflet held fram som leiar. Med seg i styret får han Tom Skauge og Synnøve Spangelo, som begge vart attvalt, Grete Ingebrigtsen som er ny i styret, Oddvar Soldal som vart attvalt som 1. vara, Anne Gilde som er nyvalt 2. vara og Hallvard Birkeland som valte å stilla som 3. vara i staden for attval som styremedlem.

Knut Espelid, Tone Salomonsen, Bård Larsen og Tonje Sæther var ikkje på val.

Me ser fram til eit spennande og aktivt år vidare!

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 05.06.2020

Nyheter

Papirfabrikk konkurransen

Papirfabrikk konkurransen

11.10.2007:

Husker du hva du lærte på skolen den dagen klassen din fikk besøk av Papirfabrikken? For at bosset skal bli til noe nytt må det sorters rett. Da trenger vi hjelp fra deg. Få med deg familien på å sortere bosset hjemme. Send inn skjemaet så er klassen din med i trekningen av en helt egen Papirfabrikk!

Frivilligrommet

Frivilligrommet

24.09.2007:

Naturvernforbundet i Hordaland kan tilby arbeidsrom med tilgang til data og internett for frivillige medlemmer i Naturvernforbundet.

Feil i NaturVest

Feil i NaturVest

07.09.2007:

Då resultata av Natur og Ungdom og Naturvernforbundet si valundersøking vart presentert i siste nummer av medlemsbladet vårt NaturVest, vart Magnar Lussand (SP) ved ein inkurie tillagt å støtta vidare fylkeskommunal finansiering av ruteutviklingsprosjekt på Flesland. Dette er ikkje riktig. Lussand ynskte ikkje å svara på spørsmålet. SP stemte for slik sponsing av forureing i sist periode. Naturvernforbundet Hordaland håpar at partiet vil endra meining om saka kjem opp på nytt, og ynskjer Hordaland Senterparti lukke til med innspurten av valkampen.

Viser fra 53 til 56 av totalt 108 artikler