Du er her:

  • Hordaland
  • Gabriel Fliflet attvalt som leiar i Naturvernforbundet Hordaland
Gabriel Fliflet

Gabriel Fliflet.

Gabriel Fliflet attvalt som leiar i Naturvernforbundet Hordaland

På årsmøtet 12. mars vart vår gode og engasjerte Gabriel Fliflet attvalt som leiar. Med seg i styret får han ein topp gjeng av gode folk.

Endeleg kunne me ha fysisk årsmøte igjen, som me gjennomførte i Bryggens Museum sine lokale ein vakker solskinsdag laurdag 12. mars. Ei fyldig årsmelding vitna om nok eit aktivt naturvernår i 2021 trass i koronarestriksjonar, og eit spennande og ambisiøst arbeidsprogram for 2022 vart diskutert og vedteke. Eit samrøystes årsmøte vedtok uttale mot vegprosjektet Sunnfast, ei ny vegbru over innløpet til Hardangerfjorden - mellom Husnes og Huglo. Synnøve Spangelo heldt eit svært godt innlegg om overdimensjonerte skogsbilvegar i og rundt Bergen som dekke for systematisk, ulovleg dumping av ureine massar.

Eit nytt fylkesstyre vart samrøystes vedteke, og Gabriel Fliflet vart attvalt som leiar. Tom Skauge vart attvalt, og Hallvard Birkeland vart valt på fast plass i styret - han har vore 3. vara det siste året. Grete Myrland Ingebrigtsen gav seg etter to år i styret, og vart takka av med blomar. Oddvar Soldal og Anne Gilde tok attval som 1. og 2. vara. Inn som ny 3. vara kom Siri Vatsø Haugum, som dermed gjorde "comeback" etter nokre års pause. 

Dermed består styret av:

Gabriel Fliflet - leiar (attval)

Tom Skauge (attvalt for 2 år)

Hallvard Birkeland (valt for 2 år)

Knut Espelid (ikkje på val)

Tone Salomonsen (ikkje på val)

Bård Larsen (ikkje på val)

Tonje Sæther (ikkje på val)

William Helland-Hansen (ikkje på val)

1. vara Oddvar Soldal (valt for 1 år)

2. vara Anne Gilde (valt for 1 år)

3. vara Siri Vatsø Haugum (valt for 1 år)

 

Me ser fram til eit spennande og aktivt år vidare med denne gode gjengen.

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 14.03.2022

Nyheter

Julebanner

Tips til miljøvennlig jul

13.12.2019 | Sist oppdatert: 14.12.2019

Føler du på julegavestresset i disse adventstider? Vi gir deg noen tips til gaver og innpakning og valg av juletre og julemat. Ha en god, avslappet jul!

Viser fra 1 til 4 av totalt 109 artikler