Du er her:

Kokosnøtter og isroser på Naturleg onsdag

Det var ikkje statistikk og grafar som stod i sentrum på arrangementet «Kollaps eller kokosnøtter». Men Georgiana Keable fanga publikum med forteljing om klimaendringar.

Av Sunniva Kambestad

Etter å ha traska rundt på student-Høyden for å henge opp ein solid bunke plakatar for Naturlig onsdag, såg eg fram til å få oppleve arrangementet i røynda. Eg hadde lese overskrifta ”Kollaps eller kokosnøtter” mange nok gongar til at nyfikna verkeleg hadde teke seg opp rundt denne kvelden.

Naturvernforbundet Hordaland har sidan desember arrangert den månadlege hendinga ”Naturleg onsdag”, eller ”Klimakafé”, på kafé Knøderen i Bergen, eit ypparleg arrangement som sameinar aktuell informasjon frå kunnskapsrike innleiarar med sosialt samvere og kafépludring. Og sjølv om det kanskje ikkje har rokke å etablere seg ein skikkeleg ”klimakaféstandard” ennå, så var det klårt at denne månadens kafé var noko utanom det vanlege, og at det fanst grunn til å kome nettopp denne gongen.

Britiske Georgiana Keable er profesjonell forteljar. Ho er busett i Oslo, der ho saman med andre forteljarar driv Fortellerhuset, som ho sjølv tok initiativ til i 2002, i tillegg til å halde forteljarkurs og -workshops og fortelje på ulike arrangement. Som hjå oss på Naturleg onsdag.

Tomt for stolar
Kafé Knøderen gjekk tom for stolar også denne kvelden. Ei god blanding av unge og gamle hadde teke vegen for å bli fortalt til – ikkje på måten me gjerne er vane med når det dreier seg om klimaendringar. Denne kvelden fekk ein ikkje servert ein einaste statistikk eller talsamanlikning. Georgiana nytta seg av svært få hjelpemiddel, - ei glassflaske, eit samuraisverd, ei kokosnøtt. Hennar eigen person var instrumentet ho brukte i førestillinga, mimikk, stemmeleie, gestar og kontakt med publikum var verkty for å få fremje opplevinga, eller bodskapen. For kva var eigentleg bodskapen i ”Kollaps eller kokosnøtter”?

Starta med Syndfloden
Georgiana opna med å fortelja ei eldgamal historie, Syndfloda og Noahs ark, om Noah og familien som byggjer ei gigantisk ark, og som samlar to dyr, ein hann og ei ho, av kvart dyreslag på jorda om bord i arka. Løver frå savannane og insekt frå skogens krokar, fargerike fugleflokkar, store hjortar, ingen vart gløymde av Noah sine mange born som var med på innsamlinga. På den lokale puben sat folk og rista på hovudet av påfunnet hans. Georgiana lente seg over bardisken på Knøderen, tok ein slurk av ein usynleg halvliter, og skravla i veg slik dei nok må ha gjort på dåtidas pubar: ”...completely bonkers, this Noah!”. Men familien til Noah klarde byggja ferdig arka og samla alle dyra, sjølv om mange av borna hans nok var forvirra over folk sitt snakk og faren sitt strev. Då det byrja regne, og dei skulle til å stengje lukene, såg dei brått at fram frå skogen kom ein horde med dyr dei aldri hadde sett før, ville, sjeldne dyr som parvis kom springande mot arka og som også ville ha plass. Den store båten var allereie ganske full, så når dei nye dyra vart stua om bord, stod også menneska så tett at det var vanskeleg å røre seg så lenge ein var under dekk. Noah og kona stod inntil kvarandre, og då Noah klaga over plassmangelen og bråket frå dyra, vart kona alvorleg og sa: ”Skjønar du ikkje, kjære, at dette også er ei velsigning? No treng me ikkje vera redde for å høyra naboane våre drukna.”

Det lune lokalet på Knøderen er ei fin ramme for forteljing, og Georgiana rørde seg frå den opne plassen framføre publikum og bort til disken, ho snudde seg, bokstaveleg tala greip etter folk si merksemd, og bytta plass og haldning når ho skifta mellom ulike karakterar. Det er ikkje til å koma vekk ifrå at ein etter ei stund med slik forteljing, i eit oppvarma rom på ein mørk kveld der isrosene teiknar seg på utsida medan doggen legg seg på innsida av rutene, kjem i ei slags godstemning. Det er sjeldan ein som vaksen vert fortald slik til, og det er kanskje nettopp difor ein reagerer med å verte lett salig og drøymande. Georgiana sitt forteljartalent var trollbindande, samstundes som at kveldens tematikk var tydeleg, og ein vart leia tilbake til røynda gjennom gjenkjenning til samfunnet vårt sitt overforbruk og klimaendringar. Som til dømes då ho måla biletet av likskap mellom samfunn og personlegdommar: ”Do you think a society could be compared to a person? That a society, just like a human being, gets born, grows up and eventually gets old and dies? So, what kind of person do you think our society is comparable to? Maybe someone like Elvis – incredibly sexy and self-assured when young, but later just fat and addicted..?”

Fire små forteljingar
Her innleia Georgiana til fire små forteljingar frå fire ulike verdsdelar. Ho byrja med å late oss møte Eirik frå Grønland, som fortalde om korleis dei sleit for å halde liv i dyra sine, med å spa torv til brensel sidan dei etter kvart hadde brukt opp det som fanst av tre, og å kome seg gjennom dei mange og lange vintermånadane. Livet vart etter kvart for hardt for befolkninga på Grønland, og heile den norrøne befolkninga forsvann. På andre sida av landet levde inuittane, som på sitt levevis klarde seg slik dei hadde gjort i mange hundre år.

I Australia møtte me universitetstilsette Jeane som i sin oransje bikini kunne fortelje oss at store deler av den naturlege vegetasjonen i Australia no var heilt vekke, men at me i desse krisetider for all del måtte halde fram med å shoppe! Løysinga elles var ganske enkel og forlokkande – me trong ikkje gjera noko som helst. Folk var fjetra, smålo, og stille fascinerte. Georgiana fortalde med heile seg. Ho hadde eit andlet som kunne uttrykkje alt frå kjærleg tiltrekking til ei inuittkvinne, til religiøs overtydnad av strengaste sort, fortviling og svolt, eller ein japansk krigsherre sin sivilisasjonsoptimisme. Forteljinga frå Japan skildra korleis sivilisasjonen gjekk frå voldsam vekst og folketalsauke til å snu utviklinga då dei fekk problem og skjøna at levesettet deira ikkje var bærekraftig. På ei lita øy i Stillehavet vart urbefolkninga mishandla av den øvrige befolkninga som hogde ned vegetasjonen der og nytta marka til å avle opp griser.

Når ein høyrer på Georgiana er det nesten så ein får lyst til å springe ut og klatre i trea. Forteljingane hennar er humoristiske, varme og alvorlege på same tid. Ho formidlar ei glede ved å fortelje som smitter over på publikum, og ho rører seg så lett og uttrykkjer seg så biletleg at det vekkjer noko barnleg og leikent hjå tilhøyrarane. Å ha denne forteljarkunsten er gull verdt når ein har ein bodskap ein vil formidle. Samstundes kan ein tenkje at ein jo ikkje får vite noko nytt, - forteljingane er fascinerande og levande fortalt, men ein får ikkje så mange konkrete nye argument å slå i bordet med i klimasaka. Bodskapen om at me har etiske grunnar til å ta vare på jorda tenkjer eg at dei fleste på Knøderen allereie visste. Det er kanskje for mange sjølve opplevinga ein sit igjen med, og då er det lett at ein ikkje klarar halde fast på bodskapen om at me har ei djup tilknyting til jorda og eit moralsk ansvar for å ta vare på henne – den forsvinn lett i kvardagens rasjonalitets - og nyttetankegong. Sjølvsagt er det ikkje nødvendigvis eit skilje mellom desse to tankane, men sett utifrå korleis klima- og miljøverndebatten utartar seg, tenkjer eg at ein må klare å formidle både det etiske, nærast andelege i denne samanhengen, og det rasjonelle. Det finst mange viktige sider ved saka, og når ein skal formidle ein så viktig bodskap, er det viktig å ikkje berre lene seg på det drøymande.

Den romantiske sida
Når dette så er sagt, er det jo slik at ein i dagens samfunn og klimadebatt heller gløymer at det i det heile teke gjeng ann å drøyme, eller at det finst ei anna, meir romantisk side ved samanhengen mellom natur og menneske. Dette var det Georgiana viste, og det gjorde ho på ein framifrå måte. Det var tydeleg av dialogen mellom oss tilhøyrarar og Georgiana etterpå at folk hadde hatt ei god oppleving, og at dei kjende at dette var noko viktig. Georgiana seier at ho vil fortelje til folk sine hjarter, og klarar ein dét kan ein nok vekke mange gode krefter. Gode kjensler og djupt alvor heng ofte saman.

Etter forteljarkvelden på Knøderen kjendest det litt som å ha fått, ikkje eit Newtonsk eple, men kanskje ei kokosnøtt i hovudet. Den livlege førestillinga om miljøproblema og vårt tilhøve til naturen likna ikkje noko eg hadde opplevd før. Det er sjeldan ein vert fortald til på denne måten, og ein gløymer gjerne at det i det heile teke går an. Folk summa litt rundt i lokalet, snakka med Georgiana, og forsynte seg med tapas. Forteljingane var engasjerande og inspirerande, og nokre skulle få mogelegheita til å lære meir om forteljarkunst sjølv på Naturvernforbundet sin forteljarworkshop på laurdagen. Desse fekk nok endå fleire gode forteljaropplevingar, samt gleda av å prøve kunsten sjølv. Georgiana Keable sine forteljarkveldar vert tilrådd på det sterkaste. Dei er fulle av vakre bilete, visdom og gode kjensler. Men gløym ikkje dei kvasse argumenta og dei avslørande statistikkane!

Nyheter

Oystesevassdraget-reddet

Regjeringen bevarer Øystesevassdraget

28.08.2017

Regjeringen gikk i dag inn for å bevare det unike Øystesevassdraget i Hordaland. Enestående elvenatur er nå reddet. – Dette er en stor seier! Øystesevassdraget er en nasjonal perle, sier Silje Ask Lundberg, leder i Naturvernforbundet.

Viser fra 1 til 4 av totalt 107 artikler