Du er her:

  • Hordaland
  • Naturvernforbundet Hordaland svarar på Aarebrot sin kritikk: Det største problemet for klimapolitikken

Naturvernforbundet Hordaland svarar på Aarebrot sin kritikk: Det største problemet for klimapolitikken

I årets valnummer av NaturVest langar Frank Aarebrot ut mot den norske miljørørsla. Me blir mellom anna skulda for å vera det største problemet for klimapolitikken og den direkte årsaka til låg oppslutnad om miljøpartia. Ifølgje Aarebrot prioriterer me dessutan fuglemating framfor klimakamp.

Frank Aarebrot er ein anerkjent statsvitar som media rådfører seg med i et breitt spekter av tema. Han har mykje kunnskap om mangt, og er ein person mange har tillit til. Det er derfor overraskende at fleire av uttalane hans i NaturVest vitnar om kunnskapsløyse og forsøk på svartmåling av ei samla miljørørsle.

Aarebrot skuldar for det første miljørørsla for å vera sprikande og inkonsekvent. Sett under eitt er det klart at det vil vera skilnader mellom miljøorganisasjonane. Likevel er overgangen frå eit fossilbasert samfunn til eit berekraftig lågutsleppssamfunn det felles overordna målet, sjølv om dei ulike organisasjonane har ulike tankar om korleis ein skal nå det. Det same gjeld for alle som ivrar for eit blomstrande næringsliv, ein god skule og tilsvarande – målet er det same, men kva som definerer idealskulen og korleis ein kjem dit, varierer.

Naturvernforbundet er den organisasjonen som er tydlegast på at vern av natur og biologisk mangfald òg er ein del av miljøkampen. I kontrast til Aarebrot sine skuldingar, er Naturvernforbundet sin bodskap på dette punktet klinkande klar. Me klarar nemleg å ha to tankar i hovudet samtidig, og går inn for løysingar som vernar om både klima, natur og biologisk mangfald.

Sju av dei ti høgaste fossane våre er lagt i røyr, 70 % av dei større vassdraga våre er utbygd og me har mindre enn 12 % att av naturområde som ligg minst 5 km frå tyngre tekniske inngrep. Samstundes er me på verdstoppen i energiforbruk – men går likevel mot eit stort overskot av fornybar energi. Løysinga på klimautfordringane ligg derfor ikkje i vidare utarming av norsk natur, men i stortstilt energieffektivisering og modernisering av eksisterande kraftanlegg. Det er med andre ord ikkje behov for fleire kraftutbyggingar i Noreg, og nettopp dette er grunnen til at Naturvernforbundet er kritiske til elsertifikatordninga og dei massive naturinngrepa dei medfører i form av vass- og vindkraftverk.

At Aarebrot trekkjer frem Altasaka for å delegitimera norsk miljøvern, er påfallande ettersom det i ettertid viste seg at utbygginga var unødvendig og at den politiske prosessen var udemokratisk. Mange likskapar finn me i Hardangersaka om «monstermastene». Aarebrot prøver tilsynelatande å forenkla sanninga til at den norske miljørørsla berre er opptatt av å kjempa mot det som «ser stygt ut i naturen», noko som kan tyda på at hans kunnskap om miljørørsla er utdatert. Ei av Naturvernforbundet sine viktigaste saker er for tida å verna Lofoten, Vesterålen og Senja mot oljeboring, og ei samla miljørørsle har ein eintydig bodskap om at olje- og gassindustrien må fasast ut i overgangen til et berekraftig samfunn.

Aarebrot kjem også med ein direkte faktafeil når han vidare hevdar at forbodet mot freongassar for å verna ozonlaget er eit døme på vellukka klimapolitikk. Ozonlaget er sjølvsagt eit livsviktig vern mot stråling, men at eit auka ozonlag er bra for klimaet er ikkje korrekt ettersom ozon òg bidreg til drivhuseffekt. Forbodet mot freongassar var med andre ord døme på vellukka miljøpolitikk, men ikkje på vellukka klimapolitikk.

Elektrifisering av sokkelen har vore eit omdiskutert tema i miljørørsla, og det er på ingen måte slik at alle organisasjonane ukritisk har vore forkjemparar. På landsmøtet i helga tok Naturvernforbundet standpunkt mot å forsyna oljeplattformar med fornybar energi frå land, nettopp av den grunn at det på ingen måte er eintydig at det vil gje global klimagevinst. Naturvernforbundet ynskjer i staden å bruka energien til direkte utfasing av fossil energi i industrien.

Ei anna viktig sak for Naturvernforbundet er kampen for ei storsatsing på utsleppsfri kollektivtransport; me ser for oss ei framtid med ein kraftig redusert bilpark og bilfrie bysentrum. At me ynskjer å prioritera jernbanesatsing framfor milliardinvesteringar i milevis med motorveg, er derfor langt ifrå tankelaust, slik som Aarebrot hevdar. Tvert imot er det nettopp prinsippielle standpunkt som ligg til grunn for vår motstand mot ferjefri E39: Om me ynskjer ei satsing på jernbane og at folk i fremtida skal køyra mindre bil og meir kollektivt, kan me ikkje gå inn for massive vegprosjekt som vil tilretteleggja for ein kraftig auke i biltrafikken.

Kort oppsummert meiner altså Frank Aarebrot at miljørørsla er det største problemet for klimapolitikken. Ein skulle kanskje tru at til dømes oljeindustrien var meir nærliggande? Aarebrot si framstilling av mellom andre Naturvernforbundet er uheldig då den med sine fleire urimelege påstandar kan bidra til forvirring om kva som er vår eigentlege bodskap. Det var derfor viktig for Naturvernforbundet å koma med eit tilsvar til Aarebrot for å synleggjera at vår bodskap og strategi eigentleg er både klar, konsekvent og lettfatteleg.

 

Synnøve Kvamme

for styret i Naturvernforbundet Hordaland

Artikkelen ble sist oppdatert: 05.09.2013

Nyheter

Julebanner

Tips til miljøvennlig jul

13.12.2019 | Sist oppdatert: 14.12.2019

Føler du på julegavestresset i disse adventstider? Vi gir deg noen tips til gaver og innpakning og valg av juletre og julemat. Ha en god, avslappet jul!

Viser fra 1 til 4 av totalt 108 artikler