Du er her:

  • Hordaland
  • Pressemelding: Miljøpris til ubåtaksjonen på Fedje

Pressemelding: Miljøpris til ubåtaksjonen på Fedje


(Foto: Alexander Hovland)
Folkeaksjonen for heving av kvikksølvet i Ubåten U-864 ved Fedje har mottatt Naturvernforbundet Hordaland sin miljøpris for 2008. Prisen blei overrekt under årsmøtet til Naturvernforbundet Hordaland sist laurdag.
I grunngjevinga for prisen vert det slått fast at ildsjelane bak folkeaksjonen er eit førebilete og ein inspirasjon for alle som driv natur- og miljøvernarbeid i Noreg. Med sitt store engasjement og pågangsmot, makta damene å løfta motstanden mot ukritisk å dekkja til ubåten frå lokalbutikken på øya, til høyringar i Stortinget, heiter det.

I tillegg til å jobba opp mot dei politiske partia, sto Folkeaksjonen bak eit fakkeltog med 300 deltakarar som protesterte mot styresmaktene sine planar om å dekja til ubåtvraket. Prisen vart mottatt av Marie Karlsen, Reidun Moldøen og Lisbeth Stuberg frå folkeaksjonen. Dei trekte fram at prisen var ein inspirasjon til vidare arbeid.

Prisen vart delt ut av leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Ingar Flatlandsmo. Han minna om at den norske natur- og miljørøyrslas opprinning ligg i grasrotaksjonar som stiller dei kritiske spørsmåla og som pressar styresmaktene til å svara på dei, slik Folkeaksjonen på Fedje har gjort.

- Det er eit trist faktum at saka rundt handsaminga av kvikksølve utanfor Fedje ikkje hadde fått ei forsvarleg handsaming om det ikkje var for arbeidet til folkeaksjonen. Det er ein stor inspirasjon for alle oss som driv natur- og miljøarbeid å sjå dei resultata dei har fått så langt, sa Flatlandsmo.

Under årsmøtet vart Flatlandsmo gjenvalgt som leiar for Naturvernforbundet Hordaland, og får med seg dette styret:

Styreleder Ingar Flatlandsmo - gjenvalg

Styremedlem Oddvar Skre - ikke på valg Signe Sandberg - ikke på valg Eva Kittelsen - ikke på valg Marte Mjøs Persen - gjenvalg Heidimarie Evensen - ny

Vara
1. Nils Johnsen - ny 2. Tor Øyvind Westbye - ny 3. Anje Müller Gjesdal - gjenvalg 4. Sigbjørn Grønås - gjenvalg

Nyheter

Julebanner

Tips til miljøvennlig jul

13.12.2019

Føler du på julegavestresset i disse adventstider? Vi gir deg noen tips til gaver og innpakning og valg av juletre og julemat. Ha en god, avslappet jul!

Viser fra 1 til 4 av totalt 108 artikler