Du er her:

  • Hordaland
  • Forslag til endring av ordlyden i avtalen frå 1959 mellom IAEA og WHO

Forslag til endring av ordlyden i avtalen frå 1959 mellom IAEA og WHO

I eit brev til helsemister Dagfinn Høybråten foreslår Naturvernforbundet Hordaland konkrete endringsforslag til avtalen frå 1959 mellom IAEA og WHO.
Brev til helsemister Dagfinn Høybråten Forslag til endring av ordlyden i avtalen frå 1959 mellom IAEA og WHO.

Agreement between the International Energy Agency and the World Health Organization, Res WHA 12-40, 28.5.59

Naturvernforbundet Hordaland reknar med at det vil komme eit forslag om å endre ordlyden i fleire av paragrafane i avtalen frå 1959 mellom IAEA og WHO på WHA- møtet i Genève 13.-17. mai 2002. Vi ber om at den norske gruppa som skal delta på dette møtet støttar endring av ordlyden i avtalen.

Her er våre konkrete endringsforslag:
Artikkel 1, § 3: "Whenever either organization proposes to initiate a program or activity on a subject in which the other organization has or may have a substantial interest, the first party shall consult the other with a view to adjusting the matter by mutual agreement",bør endrast til å heite "?.the first party shall inform the other".

Artikkel 3, § 1: "The International Atomic Energy Agency and the World Health Organization recognize that they may find it necessary to apply certain limitations for the safeguarding of confidential information furnished to them", og §2: "Subject to such arrangements as may be necessary for the safeguarding of confidential material", bør endrast til: "safeguarding of confidential information to allow for non-disclosure of only such information which has no bearing on health or environmental risks".


Bakgrunn for endringsforslaget

Krava i artikkel 3 om konfidensiell handsaming av informasjon står i kontrast til WHO sin konstitusjon og hovudoppgåve slik den er formulert i kapittel 1: "The attainment by all peoples of the highest possible level of health" og i kapittel 2, artikkel 2:"To act as the directing and co-ordination authority on international health work?To assist in developing an informed public opinion among all peoples on matters of health" .

Artikkel 12 i avtalen mellom IAEA og WHO opnar for å revidere avtalen når som helst. Difor har organisasjonar som IPPNW, WILPF og andre NGO fleire gonger sendt brev til generalsekretærane i WHO og FN og bedt om ein slik revisjon.

Avtalen mellom IAEA og WHO har mellom anna ført til at helsekonsekvensane av Tsjernobylulukka har blitt evaluert av IAEA, UNSCEAR, ICRP og Euratom, og ikkje av WHO. Frå konferansen WHO arrangerte i Genève i 1995 om helseeffekten av Tsjernobylulukka kom det aldri nokon rapport. IAEA sitt mandat er å arbeide for å utbreie atomenergi i heile verda for å oppnå fred, helse og auka levestndard.

Det eksisterer ei interessekonflikt mellom desse organisasjonane som er knytta til atomindustrien og WHO når det gjeld helseeffekten av atomenergi. Dette kom tydeleg fram på den internasjonale konferansen om dei medisinske konsekvensane av Tsjernobylkatastrofen arrangert av WHO i Kiev i juni 2001. I den endelege rapporten stod det ingen ting om den nye forskinga som vart lagd fram på denne konferansen om helseeffekten av lågdosestråling.

Den russiske økologen Alexey Yablokov, ein internasjonalt anerkjend forskar, summerte opp helsekonsekvensane i dei forureina Tsjernobylsonene på konferansen i Kiev slik: Auke i spontanabortar, dødsrate, sjuke og svake nyfødde, genetiske defektar, medfødde misdanningar, kreft, mentale sjukdomar, skade på immunforsvar og hormonsystem, hjartesjukdomar, unormal vekst hos barn og tidleg aldring. I dag, 16 år etter Tsjernobylulukka, er berre 20 av 100 barn i desse områda friske. Før 1986 var det 80.

Professor V. Nesterenko, leiar av det uavhengige instituttet Belrad i Minsk, la fram resultat av sine målingar av radioaktivitet i barn. Han måler strålinga frå Cs-137 som folk får i seg gjennom maten. Etter 110 000 målingar hevdar han at barn får dei høgaste dosane og at dosekoeffisienten i eit tre år gamalt barn er fem gonger høgare enn i voksne. I samarbeid med Y. Bandazhevsky har han komme til den konklusjon at eit barn som over ein lang tidsperiode har over 50Bq/kg frå Cs-137 i kroppen har dårleg helse og kan ha skade på vitale organ som hjarte, nyre og lever.

Arbeidet til Professor Y. Bandazhevsky vart og lagt fram. Han er patolog og rektor ved det medisinske instituttet i Gomel. Etter ni år med forsking oppdaga han at indre stråling frå Cs-137 ved låge dosar førde til skade på dei vitale organ der Cs-137 konsentrerte seg til høgare nivå enn det gjennomsnittlege kroppsnivå. Skaden på hjarte blir irreversibel etter ei bestemt tid og dose. Brå død på grunn av hjartesvikt vart observert i alle aldrar, også hos barn. Arbeidet hans "Caesium cardiomyopathy" blir av mange forskarar vurdert som eit vitskapleg arbeid av særs høg kvalitet.(ref: Dr. Michel Fernex, IPPNW, Klosterberg 23, 4051 Basel) Etter at Bandazhevsky publiserte dette og anklaga regjeringa i Kviterussland for at dei ikkje gjorde nok for å førebyggje desse helseproblema ved å skaffe folk rein mat, vart han arrestert og anklaga for korrupsjon. I juni 2001 vart han dømd til 9 års fengsel og sit no inne. Han har publisert over 400 vitskaplege arbeid, er medlem av fire akademi og har fått fire internasjonale prisar. Han er adoptert av Amnesty International som samvitsfange og EU- parlamentet har gitt han pass og bedt om at saka hans må bli teken opp på nytt.

Ingen ting av alt dette kom med i rapporten frå konferansen i Kiev i juni 2001.

Sjølv om IAEA og UNSCEAR nektar det, blir det i dag påvist ei generell og dramatisk forverring av helsa til folk som bur i dei radioaktivt forureina områda etter Tsjernobylulukka. Dette blir hevda av uavhengige legar og forskarar frå heile verda. Dei hevdar og at all denne nye kunnskapen fører til at reglane og lovene for strålevern må endrast.

EU- parlamentet vedtok 2. mai 2001 ein resolusjon "On nuclear safety, 15 years after the Chernobyl accident" der dei ber om ei ny vurdering av risikomodellane ved radioaktiv stråling som blir brukte av IAEA, UNSCEAR, ICRP og Euratom. Dette burde WHO støtte og arbeide seriøst med innan sine faglege miljø.

Den viktigaste risikomodellen som er akseptert i dag byggjer på The Hiroshima Life Span Study der den undersøkte gruppa vart utsette for ein kort, men ekstremt sterk høgenergi blitz av ytre stråling. I dag veit ein at dette ikkje er relevant å bruke for å rekne ut risiko ved kronisk indre lågdosestråling, enten det gjeld radioaktive isotopar frå Tsjernobyl, Sellafield eller bombenedfall. Likevel er det det som blir gjort. Ny forsking på indre stråling viser at det fører til radikale endringar av cellene i kroppen og deira metabolisme og til organiske og morfologiske endringar i alle system og organ.

Den britiske regjeringa har nedsett ein komite som skal gjennomgå risikovurderingar, dosegrenser og doseutrekning frå indre lågdosestråling på nytt. Det burde også den norske regjeringa gjere. Vi har Pu og Tc-99 frå Sellafield og Cs-137 frå Tsjernobyl i vårt økosystem. Ein av medlemmene i den britiske komiteen, Dr. Chris Busby var foredragshaldar på konferansen om Sellafield som Naturvernforbundet Hordaland arrangerte i Bergen 20.-21. mars 2002 parallelt med Nordsjøkonferansen. Rapporten frå denne konferansen vil vi sende Dykk med det første.

Vennleg helsing


Eva Fidjestøl
Styremedlem i Naturvernforbundet Hordaland (Friends of the Earth Norway)

Tom Sverre Tomren
Leiar i Naturvernforbundet Hordaland (Friends of the Earth Norway)

Kopi til:
Miljøvernminister Børge Brende
Avdelingsjef Fredrik Theisen, Miljøverndepartementet
Generalsekretær Tore Killingland, Norges Naturvernforbund (FoEN)
Professor Bjørn Hilt, Leger mot Atomvåpen, IPPNW Norway

Nyheter

Katalogstopp

Massedistribusjonen av telefonkataloger til mange som ikke bruker den, er stor ressurssløsing. På denne siden kan du kreve at alle katalogene stoppes ved å sende en protest mot massedistibusjon til Eniro.

Ny kampanje mot katalog-tvangsforing

I vår startet Sverre A. Stakkestad i Naturvernforbundet en e-postaksjon. Den resulterte i at over 170.000 mennesker reserverte seg mot å få den gammeldagse papirutgaven av telefonkatalogen. Eniro, selskapet som sender ut katalogene, er nå i ferd med å sende ut katalogen "Ditt distrikt" eller "Din bydel". Om du tror du er reservert, tar du feil.

Krever etterforskning og nye regler

Ifølge Kystverket har 4000 tonn olje lekket ut fra en lastebøye på Statfjord A-plattformen.Naturvernforbundet forventer at Petroliumstilsynet anmelder StatoilHydro og får igangsatt en etterforskning av saken.

Viser fra 21 til 24 av totalt 182 artikler