04.jun 2023

Bli med på Naturgledetur til Øystesevassdraget

Hva: Fottur
Når: 04.jun, kl. 11:00
Hvor: Øystese

Lær om landskapet og naturen.

Søndag 4. juni inviterer Naturvernforbundet Hordaland og Naturvernforbundet Hardanger lokallag alle interesserte til tur langs med Øystesevassdraget.

Turen er gratis og tilrettelagt for heile familien. Målet er å verta betre kjent med og læra om naturen og landskapet langs vassdraget.

Me samlast på parkeringsplassen ved Coop Ekstra i Øystese kl 10.30 og organiserer felles skyss til Myraleitet i nedste enden av Fitjadalsvatnet. Der er me klar til å gå kl 11.00 og avsluttar kl 15.00

Me går Sogestien langs Fitjadalsvatnet som ligg ved foten av Torefjell. Manfjell og Skrott ligg midt i utsynet. Me tek oss god tid på den omlag 3 kilometer lange sogestien. Undervegs vil geolog Thorbjørn Kaland fortelja oss om korleis isen har meisla ut landskapet og skapt dei vakre områda vi ser mellom Hamlagrø og Hardanger. Oddvar Soldal og Klaus Rasmussen frå Øystese fortel om vernearbeidet og bruken av stølsområdet. Vi får kanskje òg med oss ein biolog på turen for å fortelja oss om mosar, lav og raudlista artar.

Alt etter kor mange me blir, korleis veret er og kor langt den enkelte har lyst til å gå, kan gruppa dela seg i to etter ein hovudpause når me har gått 2/3 av sogestien retning øvste enden av vatnet.

Ei gruppe kan gå vidare på sogestien og koma opp til den fasinerande Geitabruhølen der det fine skarv og mange jettegryter. Den turen er til saman omlag 4 kilometer.

Ei anna gruppe kan gå ein litt lengre runde, forbi stølane Ruedal og Eivindsete og attende langs elva til Geitabruhølen. Den turen er til saman omlag 10 kilometer.

Alle tek med eigen matpakke. Ta også gjerne med fiskestang.

Turen vert avslutta ved parkeringsplassen på Myraleitet. Dei som treng skyss ned til sentrum i Øystese melder frå om dette i påmeldingsskjema.

Spørsmål?

Dei som lurer på noko om sjølve fotturen kan ringja Oddvar Soldal, 90628548, eller Klaus Rasmussen, 45667708.

Spørsmål knytt til påmelding? Kontakt Ragnhild på ragnhildn@naturvernforbundet.no

Skyss

Dei som kjem med eigen bil, møter på parkeringsplassen ved Coop Ekstra i Øystese kl 10.30.

Buss 925 går frå Bergen busstasjon kl. 08.55 og er i Øystese sentrum kl. 10.35

Det vert sett opp maxitaxi både opp til Fitjadalen og ned att. Om du har plass til fleire i eigen bil eller treng skyss, må du kryssa av i påmeldingsskjema.

Bussen tilbake til Bergen går fra Øystese sentrum kl. 15.40 og er i Bergen kl 17.25. Neste buss går kl. 17.20 frå Øystese og er i Bergen kl. 19.00. Det er fint å bruka ein time eller to i Øystese. Det er badestrand med utsyn mot Folgefonna og mogeleg å få seg god mat.