30.aug 2023

Velkomen til skiping av Naturvernforbundet Kvinnherad

Hva: Skipingsmøte
Når: 30.aug, kl. 19:00
Hvor: Kvinnherad vgs.

Bli medlem i NaturvernforbundetFartein Rudjord

Du er registrert som medlem i Naturvernforbundet Hordaland, med adresse i Kvinnherad kommune. Fram til i vår hadde Naturvernforbundet lokallag i Kvinnherad, men dette vart oppløyst i vår. Tre av oss som ønskte at Kvinnherad fortsatt skulle ha eit lokallag, har fått status som settestyre for å organisere eit nytt skipingsmøte. Me håpar du vil vere med oss på skipinga.

Skipingsmøtet vil finne stad 30.august 2023 kl. 19.00, på Kvinnherad vgs.

Agenda

Stifting av nytt lokallag:

  • Val av møteleiar, referent og protokollunderskrivar.
  • Godkjenning av innkalling og dagsorden.
  • Vedtekter for lokallaget.
  • Økonomi i lokallaget.
  • Val av styre.
  • Aktivitetsplan for det komande året.

Til styrevalet føreslår Settestyret desse kandidatane: Sindre Aksnes, Mari Teigen Varanes, Aina Solberg, Gro Sævereid Heien og Sigve Solheim.

Vi oppmodar medlemmer til å kome med forslag til aktivitetar og saker ein ønskjer å jobba med i det nye lokallaget, samt øvrige styrekandidatar.

Etter skipingsmøtet blir det føredrag v/ forskar Øystein Skaala: «Kan lakseoppdrett bidra til meir miljøvenleg matproduksjon?»

Me håpar du vil vere med oss denne kvelden!

Med venleg helsing Settestyret v/ Mari Teigen Varanes, Sigrunn Heen og Aina Solberg og Naturvernforbundet i Hordaland.

Bli medlem i NaturvernforbundetFartein Rudjord

Naturvernforbundet fremjer kunnskap og løysingar som ivaretek naturen. Meld deg inn i dag!